Gå til innhald

Nå er det tida for tankane

august 6, 2008

om skuleåret som skal koma. Kvart år dukkar dei opp dei siste vekene i sommarferien. I dagmorges var eg lysvaken klokka kvart på fem og tenkte fram og tilbake, på kryss og tvers og opp og ned på kva oppgåver eg skal laga i tekstilforming i sjette klasse og korleis eg skal leggja opp skrivekurset eg skal halda.

Eg har sjeldan problem med å sova, og dei gongene eg vaknar grytidleg eller midt på natta er det ofte fordi den slags spørsmål sviv rundt i hovudet. Eg pleier å vinkla det positivt med at det er hjernen sin måte å stela seg til tiltrengt tenketid på. Det er jo ein genial mekanisme så lenge det totale regnskapet for antal sovande timar går i balanse.

På måndag stod me tidleg opp,om ikkje fullt så tidleg som eigentleg planlagd for å kjøra tvers over landet til svigerfamilien i aust. Etter snarturar til utlandet ser eg alltid på norsk natur med fornya blikk. Så utruleg vakkert det er hos oss. Eg såg på det frodige grøne, på fjellviddene, på dei isblå elvene og på dalføra med hus som klamrar seg fast langs dalsidene, og eg kunne forstå den begeistringa amerikanarar og tyske bubilturistar legg for dagen i møtet med alt dette.

Me kjørde nokså non-stop, og nådde akkurat fram til å feira Margrethe sin 20-årsdag med kaker, lys og mogne plommer. Så vart me installerte på sofaen i stova til Henrik og Eva Mari. For første gong er me på ferie med bare eit barn. Sunniva er på leir med venninnene sine, og dei andre to er heime og jobbar. Det er uvant for Halvard og å ha baksetet heilt for seg sjølv. Han har ingen erfaring med å vera einebarn, og synest truleg at det er i rolegaste laget.

Heldigvis bur fetter Oscar framleis heime i Kirkeveien. Han flyttar påfolkehøgskule om eit par veker akkurat som Ingrid, men nå er han her, og han og Halvard har spelt gitar i lag og tråla alle musikkbutikkane i Oslo sentrum.

Heile mitt liv har eg tenkt at eg er ei jente frå landet, og slett ikkje noko storbymenneske. Dei siste åra har eg kjend meir og meir på fascinasjonen for større byar. Det er noko med mangfaldet og det yrande folkelivet som tiltaler meg veldig. Oslo blir eg meir og meir glad i, sjølv om byen kom langt ned på lista over trivelege storbyar i Norge, ei liste som vart toppa av Stavanger, min nærmaste storby reint geografisk.

Gatelivet i Oslo i går var prega av sommar, ferie og turistar. Me hadde ikkje fått med oss at fotballaget Liverpool var i byen for å spela venskapskamp, men det oppdaga me fort. Gatene kokte av folk i raude trøyer og med andre former for supportarutstyr. Ekte engelskmenn med Liverpooldialekt stod rundt i byen og ropte ut til dei som ikkje måtte ha det frå før, at dei hadde fotballtrøyer ogsupporterskjerf til sals.

Den same gatemusikanten som har vore her kvar sommar sidan eg budde i byen for tjuefire år sidan, stod på sin vante plass med gitaren og einmannsorkesteret i form av stortromme på ryggen og snorer ned til beina.
Sigøynarar spelte trekkspel og gitar, karikaturteiknarar tilbaud tenestene sine, og den alltid utrettelege mannen stod der og selde buttons mot biltrafikk og atomvåpen.

Ikkje mindre enn fire statuemenn såg eg, ein i gull, ein i sølv og ein i kopar i tillegg til ein variant av Napoleon. Kanskje Klaus Hagerup si siste bok om ein som forlet eit kjedeleg A-4 liv for å bli slik statuemann har inspirert folk flest til å få seg eit gullkostyme… Det spesielle i går var at fleire av dei hadde problem med å stå stille i det eg passerte… Sølvmannen la plutseleg sølvrosa han haldt i handa ned i sølvveska si, gullmannen stod der og blunka for harde livet og Napoleon helste til hatten på ein veldig ikkje-mekanisk-måte då ei ung jente forograferte han.

Det som gjer vondt er å sjå alle tiggarane. Antalet gatetiggarar har verkeleg akselerert dei siste åra. Eg har store problem medå gå forbi dei utan å leggja noko i kruset, hatten eller skåla dei har rigga seg til med. Eg har problem med å ikkje kjøpa magasinet = Oslo, problem med å ikkje kjøpa roser av sigøynerkvinner og problem med å ikkje skriva under på diverse lister. Det dei fortel kan jo vera sant…

Eg kjenner meg ofte avstumpa og kjenslekald når eg prøver å passera desse menneska utan å møta blikka deira, slik eg ser at dei fleste gjer. I går fantaserte eg på ramme alvor om ein gong å bruka eit år på å jobba som frivillig på gata i Oslo for Kirkens Bymisjon. Kanskje den typen år før eller seinare dukkar opp i livet mitt?

I dag skal me ta svigermor og svigerfar med på biltur til Sverige. Ute regnar det, og det er eit identifiserbart streif av haust i lufta. Det første i år.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Herleg å lesa skildringane dine… eg kjenner meg att i mykje av det du skriv! Kor tid kjem de heim att?

  2. heidi: permalink

    Me kjem heim på fredag eller lørdag kveld. Har du hatt ein fin gebursdag?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: