Gå til innhald

Å sitja ytterst på stolen

september 18, 2008

fordi det ligg ein katt der som eg ikkje har hjarte til å jaga vekk… Slik har eg det i skrivande stund… Og eg trur det er ei av mine sterkare sider… Å tilpassa seg situasjonen utan å la meg påvirka alt for mykje av det som eg kunne ha sett på som irritasjonsmoment… Då eg var på eit kurs i pedagogikk, der dei dvelte ved begrepet coping, – det å leva med det ufullkomne, gjekk det opp for meg at eg har uendeleg stor copingkompetanse… Og at det faktisk mest av alt er ei styrke, sjølv om ei kvar styrke samstundes ber i seg kimen til ein svakheit….

Sjølvsagt hadde det kanskje vore sunt for ungane at eg av og til brølte til dei at nå fekk det ein gong for alle vera slutt på jakkar på golvet i entreen og tome tallerkenar rundt i stova… Og sjølvsagt kunne eg ha jaga katten, men han ligg jo så godt…

Akkurat nå er eg fornøgd med at eg har klart å levera mi første obligatoriske spanskoppgåve eit halvt døgn før innleveringsfristen… Pensum er uendeleg stort, teke i betrakting kor mykje tid eg har til å bruka på å pugga spansk, men eg får ta det som eit eksperiment, og gjera det beste ut av det… Det verste som kan skje er at eg stryk til eksamen i slutten av november, det eg har lært til då har eg lært, og vil i beste fall ha mykje glede av ¨å kunna…

I morgon har eg fri, og det går mot ei roleg kveld. Det einaste som skjer av planlagde ting er at eg i morgon skal leggja i veg på ein liten sirdalsekspedisjon i lag med ei venninne for å besøkja ei skulevenninne av oss. Det blir fint. Så har eg lova å vera med å ha sundagsskule på sundag, så eg må oppdatera meg på disippelen Peter og fiskefangsten hans.

I går kveld la eg opp femten strikketøy i tjukt garn i sterke fargar med seksti maskar på kvar. Tekstilformings-elevane mine skal strikka sitjeunderlag på tjukke pinnar, og så skal me tova dei i vaskemaskinen for å få dei passe varme og kompakte. Det er ei perfekt oppgåve for ikkje-spesielt-strikkekunnige-sjetteklassingar. Tovinga gjer at alle feil i strikkinga vil bli lite synlege på sluttproduktet, og i løpet av dei seksti rillene dei skal strikka har dei forhåpentlegvis fått nok trening til at dei kan få til meir estetisk krevande prosjekt som huver og panneband?

Hausten kjem smygande. Eg fryktar at tysdagen i denne veka vart den siste dagen eg gjekk barbeint i sandalar denne sesongen. I dag har eg hatt tjukk strømpebukse under dongeriskjørtet som var for lite i midten av august, og ein ermelaus topp under den haustraude genseren eg kjøpte hos Gudrun Sjödén. Vindauga i klasseromet mitt har eg pynta med raunbær og lyng frå konfirmasjonen, og når eg står opp om morgonen er det framleis ikkje fullt dagslys…

I går var eg på open dag på ungdomsskulen og på konsert i aulaen fekk eg høyra Sunniva og Irene synga Mama Mia med playback og mikrofinar. Eg konstaterte stolt at i mine, kanskje ikkje alt for finstemte musikalske
øyrer så klang det riktig vakkert. Sunniva har begynt å ta timar i solosong frå i haust av. Ho er så aktiv på kveldar og ettermiddagar med ulike teatergrupper, dansegrupper, kyrkjegrupper og songgrupper at eg lurer på om ho burde bremsast litt… Men så er det jo fint at ho får med seg alt saman når lysten og motivasjonen ser ut til å vera der.

Halvard har fått klørne i eit keyboard, så nå høyrest det alle avskygningar av musikalske innfall frå piano, keyboard, akustiske og elektriske gitarar, samt eit og anna stunt frå ein mandolin eller ein mandola. Han prøver å overbevisa meg om at han treng eit trommesett og ein elektrisk bassgitar for å kunna utvikla deg vidare… Leksene har han dessverre ikkje same driven på…

Nå er sikkert oppvaskmaskinen klar for ein ny omgang oppvask, og i beste fall har alle reine klær å ta på seg i morgon og…

Det handlar om å leva.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Det var bra uttryckt, det där om att leva med det ofullkomliga. Så har jag det minnsann också… 😉
    Det är väldigt ofullkomligt hemma hos mig för det mesta!
    Men det är ju bra, för då kan man ju alltid bli bättre! 😉
    Jag skulle nog passa mig noga för att ta in ett trumset i huset. Även om det är stort! Fast jag har hört att det finns didtala sådana, dem spelar man visst med hörlurar på så omgivningen slipper höra!

  2. Tintomara permalink

    digitala skulle det vara!

  3. Heidii: permalink

    Det er i alle fall to flotte ting med å leva med det ufullkomne:
    1) Ein har stort utviklingspotensiale.
    2) Ein kan få tid til å gjera mykje spennande og kreativt fordi ein slepp å bruka all tida ein har på å skapa og oppretthalda der fullkomne…

    Ja, eg har høyrt om slike trommer… Kanskje ein god idé…

  4. Wenche permalink

    Mykje trøyst å finna i denne bloggen. Dvs. eg lever eigentleg godt i rotet… det er vel derfor eg har det slik. Her er så uendeleg mykje anna å finna på, som er så mykje meir gjevande enn å vaska og rydda….. likevel, det stressar meg jo litt i hovudet at eg ikkje får svinga meg meir rundt…. men det stressar meg ned å lesa bloggen her – med kommentarar…

  5. Heidi: permalink

    Me får danna ei forening eg og du…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: