Gå til innhald

Røra ved septemberdagen.

september 20, 2008

Det har vore ein av desse utruleg fine dagane att. Temperaturen har ligge og vippa på rundt femten grader, og sola har varma ryggen og ansiktet.

Eg måtte ut og gå. Det har blitt altt for få turar i det siste, for dagane har krevd så mykje av meg at kvelden kjem før eg får tenkt meg om. I dag hadde eg bestemt meg for at ein tur ut måtte få førsteprioritet. På med genser og gode sko. Så gjekk eg ein omveg bort til onkelen min, for det var lenge sidan eg hadde vore innom der. Verda såg ut som eit bilete av Van Gogh med nydelege haustfargar. Bjørkene var gule, og raunbæra sprengde oransje mot skala sine. Geiteramsen stod kvit og lot frøa slå fylgje med brisen.

På åkeren ved huset til onkel haldt dei på å ta opp poteter. Denne spesielle lukta av potetåker, den krydra angen av potetgras blanda med lukta av rå mold, reiv meg i nasen,- og tok meg rett tilbake til barndomen. Det er rart det der med lukter, eg veit ingen raskare veg til minner så ekte at det kitlar i mageregionen.

Eg lukka augene og lot lukta ta meg tilbake til då morfar hadde eit “eplestykke”, som på den lokale dialekten betyr ein liten potetåker, rett utanfor huset vårt. Eg hadde plutseleg ein strikkejakke som klødde litt og raude gummistøvlar på føtene. Eg hadde eit kort foldeskjørt og ribbestrikka strømpebukse. Bror min var og med i minnet, han hadde skyggelue og ei lita barnetrillebåre med poteter oppi.

Morfar, som var ein liten og tynn mann med trøye og skyggelue, smilte utan tenner og sa at han hadde kvar si brusflaske på lur til oss. Men han hadde gøymt dei har ute ein plass, så me måtte først finna dei viss me ville ha brus.

På veg heim gjekk eg innom for å slå av ein prat med bror min, som akkurat stod og slo det lange graset på plenen framfor huset. Han hadde rydda loft og kjellar eller noko liknande, og i gardsromet stod ein stor containar med ting som skulle kastast. Over kanten stakk meiane på ein gyngehest opp. Eg fekk straks identifisert gyngehesten som identisk med den me hadde heime då me var små.

Eg spurte om han verkeleg ville kasta gyngehesten. Han sa at eg kunne ta han viss eg ville, og så hoppa han opp på containaren for å henta han ut for meg. Då eg studerte han nøyare, såg eg jo sjølv at han var ganske malingssliten og bar preg av å vera godt brukt i to generasjonar. Eg vurderte å gje han tilbake til skraphaugen, men nostalgikaren i meg vant. Så vandra eg fornøgd vegen heim med ein førtifemårsgammal raud gyngehest under armen.

Eg smugla skatten inn i den allereie overfylte kjellaren vår, og la han litt diskret mellom koffertar og soveposar. Men då Sunniva eit par timar seinare kom heim med vesle Tobias på ca halvanna år, som ho skulle vera barnevakt for, vart hesten henta opp i stova…

Stova vår må då vera attraktiv for små barn etterkvart. Dei små jærstolane i barnestorleik og trappegrinda har eg aldri tatt vekk. I sofaen ligg det to kattar, og i eit stort bur har me ein gul og ein grøn undulat. I kjellaren har me mengder av dokker, kosedyr, duploklossar og biletbøker.

Nokon som begynnar å bli klare for barnebarn?- Ikkje først og framst og heilt endå, kanskje…
Eg får nok heller prøva å halda meg inne med dei små barna som endå finst i bekjentskapskretsen. Hedvig….

I går hadde eg ein deilig fridag. Eg fekk lokka med meg Torhild på kafé, der gjekk deler av føremiddagen med til sorglaus og kjempeviktig sus og dus. Etterpå gjekk eg heim og bakte foccaciabrød og eplekake til gjestene eg hadde invitert til kvelds. Tandorikylling, ris og salat vart det og, gerbera og roser i hsustfargar, og masse levande lys. Så kom Gunn og Karin og me hadde ein triveleg fredagskveld. Sirdalsturen vår vart avlyst, så den får me ha til gode…

Nå har tanken på “alt-eg skulle-ha-gjort” innhenta meg. Eg har fått lese litt i boka om ad/hd i klasseromet,
og så har eg konstatert at eg har fått godkjend innleveringsoppgåva i spansk. Nå har eg site her i eit par timar og finteld på rytmer og skandering i salmen eg har lova å ha ferdig sånn omtrent nå. Eg trur eg er så godt som ferdig med teksten, men er nå i ein meir eller mindre obligatorisk tilstand av forvirring der eg ikkje veit om det eg har skrive er godt eller dårleg.

Nå skal eg førebu andakten til sundagsskulen i morgon om Peter og fiskefangsten hans, og så skulle eg ha rydda klede og papir, lese spansk og jobba med tekstane elevane på skrivekurset har laga. Samtidig tikkar klokka mot lørdagskveld. – Noko får eg vel gjera i morgon og.

Sofa og avis og TV… Det høyrest i grunnen veldig forlokkande ut akkurat nå…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Eva Mari permalink

    Takk og lov at du redda gyngehesten! Den er hjarteleg velkomen i vårt hus om dere skulle finne på å kasta den. I går besøkte eg Lisa, som er 21 og har to små.Jenny på 2,5 og Sondre på seks veker. Flotte!

  2. Eva Mari permalink

    Eg håpe eg kan få møta deg i hovedstaden neste laurdags føremiddag.

  3. Heidi: permalink

    Ja, det reknar eg med at me får til. Eg har ikkje tenkt å ta med meg dress og stvlettar fram og tilbake. 😉

  4. Wenche permalink

    Kva slags salme er det du har skrive?? Eg er svært vaken for salmer for tida… send gjerne vanleg e-post.

  5. Heidi: permalink

    Ei jubileumssalme som ikkje har fått melodi endå. Men du kan godt få lesa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: