Gå til innhald

Dei fine haustdagane

september 14, 2008

er her nå med sol og skarp luft og tre med gulnande fingrar. Det er så fint, og eg tenkjer at september med sol og haustklar luft må vera noko av det finaste som tenkjast kan.

Eg har aldri vore nokon stor strateg når det gjeld å organisera mi eiga tid. Det kan vera at ein del andre mennske hadde kunna tenkt seg at veka etter ein konfirmasjon er ein skikkeleg trøytt og bør vera selektiv med avtalar… Av ein eller annan grunn er det ikkje slik mitt hode fungerer.

På mandag var det etterselskap, der me åt restar av restar med utvalde venner. Det var koseleg, og etterpå var det nettspansk.

På tysdag var det som vanleg dramaklassane mine etter vanleg skuletid, og på onsdag var det foreldremøte. Det gjekk veldig fint, men det er alltid nokså energikrevande å halda foreldremøte. Ein vil jo gjerne leggja alt rett fram, og gje dei eit rettferdig inntrykk av livet i klasseromet. Eg hadde vond hals og hodeverk og kanskje litt feber, men eg trur det gjekk bra likevel.

På torsdag hadde eg skrivekurs for dei ti unge forfattarspirene eg er ansvarleg for. Det gjekk fint. Skrivekurset fortener utan tvil ein eigen blogg ein gong.

Ingrid og Oddvar kom heim seint torsdag kveld. På fredag var det gravferd for farfaren til Oddvar som Oddvar er vaksen opp med og har vore veldig glad i.
Me kjende han ikkje, men ville gjerne visa Oddvar og familien hans støtte og respekt, så me drog til kyrkja i lag med foreldra mine. Det var ei veldig fin gravferd, og han vart lagt til kvile i vakkert, klart septemberver.

Det var litt merkeleg å sjå frå galleriet at Ingrid sat saman med familien til Oddvar og etterpå stod saman med dei ved grava. Det gjekk liksom litt ekstra opp for meg at ho etterkvart er vaksen, og ikkje heilt den vesle jenta vår lenger. Ho kjende den avdøde farfaren godt ho og, etter tre år saman med Oddvar, og sørgde med dei sørgjande.

Fredag kveld var det litteraturgruppe her hos oss. Eg bakte grove rundstykke og eplekake til venninnene mine, og serverte dei spekemat med eggerøre, salat, melon og jordbær. Me tende levande lys i lysekrona over spisebordet og hadde det veldig fint. Klokka halv tre om natta var eg ferdig med å rydda, og tidleg neste morgon måtte eg opp og i sving, fordi eg hadde vald å legga den første av ein del lørdags-skrive-dagar for skrivekurset mitt til denne dagen.

Eg hadde litt prestasjonsangst for korvidt opplegget mitt var bra nok til at dei ville trivast med å skriva når dei vanlegvis har helgefri, men det vart veldig fint. Halve økta var me ute, først for å laga ein byreportasje frå torget der det var festival denne helga. Etterpå gjekk me ut i skogen, og stoppa to ulike stader for å skriva haustdagen. Vel heime på skulen åt me rundstykke med ost og syltetøy og varma resten av eplekaka.

Ingrid ønskte seg kinamat , så det tok eg med meg heim.
Syster kom innom. Me åt kinamat og drakk kaffi, og eg var søvnig på ein behageleg måte. Det tok fleire timar før eg kom meg såpass at eg prøvde å pugga litt spansk. Kurset eg tek har veldig bratt progresjon, og eg er nøydt til å prøva å utvida ordforrådet dramatisk, samt å skaffa meg grammatikalske knaggar å henga språket på:

hablar: hablo-hablas-habla-hablamos-hablais-hablan
comer: como-comes-come-comemos-comeis-comen
vivir: vivo- vives-vive-vivimos-vivis-viven

Det er vel det det dreier seg om. For ikkje å snakka om:

estoy-estás-esta-estamos- estais-estan

eller om det skal vera:

soy-eres-es-somos-sois-son

To be or not to be, hadde eg nær sagt…

I dag var det relativt tidleg frokost før Ingrid skulle reisa tilbake til folkehøgskulen sin. Så var det konfirmasjonsrelatert gudsteneste for tredje helga på rad. Etter at Sunniva har gjennomført samtalegudstenesta og konfirmasjonen, vart Halvard i dag presentert i lag med dei andre nye konfirmantane…
Og i morgon er det foreldremøte for nye konfirmantforeldre… Deriblant oss.

Og resten av sundagen har vore fårikål, og baking av kanelbollar, ein tur i det fine veret og ein stor stabel reknebøker som skulle rettast.

Eg held på å sveiva inn att det forsømte i livet mitt etter nokre særs travle veker. Eg veit at eg har lova å gjera ting for minst to av dykk som les her. Det kjem… Eg må bare henta meg inn litt til…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Det er vel fantastisk å leva!! Har du «fri» på fredag?

  2. Heidi: permalink

    Ja! «fri» er rette ordet. Herleg. Har du og det? det kunne jo opna moglegheiter…

  3. Torhild permalink

    JA!!!!

  4. Torun permalink

    Og eg har fri neste fredag! Kjem du austover? Hasta la Vista!

  5. Heidi: permalink

    Det gjer eg, men eg brukar frifredagen min til å koma dit. Gler meg utruleg mykje til å sjå deg att. Hasta luego!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: