Gå til innhald

… skjulte trådar…

november 25, 2008

Livet er ein merkeleg sak. Kor stor er sjansen for at fylgjande skulle skje:

Eg sit på flyplassen og les i den raude og den lilla og den blå skriveboka mi. Eg kjem i snakk med to damer som og skal til Bergen for å ta same eksamenen. Dei er imponert over systemet mitt, og seier eg må vera ein skikkeleg systematikar…
Lett berusa over at nokon for ein gongs skuld trudde det om meg, går eg på flyet i lag med dei medan me diskuterer spanske verb. Eg motbeviser hypotesen deira om at eg er systematikar, med å la den skarpt blå vesle week- end-kofferten min stå att på gate femten på Sola flyplass.

Først då kjærasten min, som er velsigna med lange armar tek bagasjen min ut av bagasjehylla, oppdagar me at kofferten ikkje er der… Og det var siste flyet den kvelden. Eg slo fast at det å gløyma klesskift ikkje var det verste, me skal vera borte i bare eit døgn. Det utan samanlikning verste var den store, dyre spansk-spansk-ordboka mi som eg hadde lagt i kofferten fordi ho var så tung… Korleis skulle eg få tak på ei ny ordbok når alle butikkane var stengde? Og korleis skulle det gå på eksamen utan ordbok?

Eg fortalde ho som sat på sida av meg på bussen kva som hadde skjedd, og ho var full av medkjensle. Ho skulle til Bergen for å halda foredrag om psykososialt skulemiljø, og om korleis ein skal trena barn opp til å takla stress. Ho meinte at det å oppleva slikt rett før ein eksamen, var noko av det mest stressande som tenkjast kunne. Eg sa at eg håpa det skulle ordna seg på eit eller anna vis. Før eller seinare ville det bli ei god historie, sa eg. Men ikkje heilt ennå, meinte ho. Eg tenkte i mitt stille sinn at eigentleg var det ei god historie allereie, men det kunne eg ikkje seia høgt…

Då me gjekk av bussen kom ei heilt ukjend dame bort til meg. “Eg vil gjerne få gje deg ei ordbok, “ sa ho. “Eg høyrde at du hadde gløymt di på flyplassen, og eg har ei i veska som eg ikkje har bruk for…”

Kor stor sjanse er det for at slikt skal skje? Det står Anne Elisabeth inni boka, så det er truleg namnet hennar. Etterpå gav ho meg mobilnummeret sitt fordi eg sa at eg gjerne ville gje ho boka tilbake etter eksamen…

Det er det eg alltid har sagt at menneska er betre enn sitt rykte. Kvar gong eg gløymer eller mistar lommebok eller veske kjem nokon og leverer det tilbake til meg før dagen er omme. Det er min erfaring gjennom meir enn førti år med distraksjon, men dette tek verkeleg kaka…

Eg kjenner meg som fetter Anton i Andeby som tilfeldigvis oppdagar at han treng ein femtilapp og så kjem det eit eller anna menneske og seier dei har fått det for seg at dei skal gje femti kroner til den første dei møter som har krøller og gamasjer… Dette er på grensa til det truverdige. men eg har to sannhetsvitne, Odd Christian og kjærasten min. Odd Christian kom for å møta oss, og fekk akkurat med seg seansen. Eg var litt redd for ikkje å få lov å bruka boka, for ho var ikkje lik de andre eg hadde, men me har send sms til
studierettleiaren som har svart tilbake at boka er godkjend…

Det er alltid så fint å sjå eldsteguten vår, me tok han med oss ut og åt veldig god mat. Han hadde klipt håret sidan sist, og var skikkeleg fin. Nå er det på tide med litt studiesøvn. Det manglar bare at me forsøv oss… Eg har vore på ein døgnopen butikk og kjøpt tannkost og elles det mest nødvendige for å klara meg utan klede og toalettsaker.

Life is a cabaret, old tjom, so come to the cabaret…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Villanda permalink

    Åh…, så godt det ordna seg med ordboka. Håper det gjekk bra på eksamen og! Så du studerer spansk, så spennande! Synes det språket er så fint.
    Fann ikkje ut kva som har skjedd med din tilgang til mitt rom på enjoydiary dessverre.

  2. Tintomara permalink

    Sån tur du hade! Men jag är på sätt och vis inte förvånad. Man får det man sänder ut, kära Heidi, och du hade gjort precis likadant om du hade varit i Anne Elisabeths ställe! (Och jag med, för den delen!)
    Nu är provet säkert över, och jag hoppas att det gått bra! Underligt vore det annars förresten, med ett så tydligt tecken! Du måste ju ha känt dig väldigt glad och tacksam!

  3. Heidi: permalink

    Så fint med eit livsteikn frå deg, Villanda. Kanskje eg har ramla ut av enjoy sidan eg aldri skriv der. Eg håpar alt står bra til, eg saknar å stikka innom deg. Koss det gjekk på eksamen kan du lesa om i det nyaste innlegget 😉

  4. Heidi permalink

    Tintomara: Ja veldig glad og takksam. 🙂 Dessverre gjekk det ikkje fullt så godt som eg hadde håpa på på muntleg eksamen, men det eg opplevde i går vil bli ståande for meg som ein blom som aldri vil visna. Og truleg berga boka meg gjennom første delen av det heile.

  5. Villanda permalink

    Ja, godt mogleg det er fordi du ikkje skriv der sjølv, at du har ramla ut av enjoydiary. Hender eg skriv i open dagbok, om ikkje så ofte: http://www.enjoydiary.net/no/villanda/diary?date=2008-11-02. Mest når eg vil leike med ord.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: