Gå til innhald

november 26, 2008

Ein merkeleg dag går mot kveld.
Eg pugga verb til langt på natt. Rart å vera student igjen, men eg har alltid likt eksamenar på ein måte. Denne heilt spesielle stemninga når ein kjem inn i eit lokale der det skal haldast eksamen, dette spende samhaldet, blyantane som skrapar mot arka.

Ordboka eg hadde fått låna var super. Eg trong tida, hadde ikkje tid til å eta eller gå på toalettet, mykje var vanskeleg, men det kjendest som om eg klarte det ganske bra.

Så var det muntleg. Sidan eg har fått alt for lite snakketrening gjennom nettstudiet, var strategien min litt sånn “god dag mann økseskaft.” Me hadde fått i oppgave å førebu eit av kapittela i læreboka til muntleg framlegging, og eg hadde eit langt manus som eg fortalde ganske brukbart på spansk. Eg har ein del erfaring med manusinnøving og forteljing, så eg håpa eg kunne flyta på det.

Etterpå skulle eg snakka fritt med dei. Då kjærasten min henta ein velfortent B, hadde dei berømma han for å våga å bruka språket. Eg tok det for langt i min iver. I staden for å sitja og tenkja, kasta eg meg uti det og snakka i veg. Her skulle eg visa kommunikativ kompetanse… Og ein er då dramalærar og forteljar… Dei hadde nemleg sagt det same på dei to studiedagane, at evna til kommunikasjon var veldig viktig.

Eg kjende jo at eg famla, men vart likevel overraska då dei sa at dei ikkje kunne godkjenna muntleg eksamen fordi eg hadde blanda inn alt for mykje franske ord, og dessuten snakka spansk med tydeleg fransk aksent…
Det virkar som om skulefransken, som stort sett har vore sovande i tjueåtte år, overtek roret i stressa situasjonar. Eigentleg litt fascinerande det då…

Eg er jo litt skuffa over å stryka på muntleg, men eg visste at dette kunne bresta eller bera. Pensum frå vidaregåande skule komprimert ned til tre månadars studier, er i heftigste laget på toppen av full jobb og ein del andre ting. Og eg trur eg får godkjend skriftleg. Då kan eg ta muntleg eksamen om igjen i mai viss eg orkar, det skulle ikkje by på så forferdeleg mykje arbeid. Men me får sjå.

Eg gjorde ikkje dette for å få studiekompetanse, for meg var det eit slags forsterka spanskkurs. Men sjølvsagt, det hadde vore kjekt å klara eksamen. Har fått mange nydelege trøystemeldingar på sms frå folk som har fått vita korleis det gjekk… Kjærasten min meiner at eg er for strengt bedømt, men eg veit jo at eg har alt for lite snakketrening…

Det kjennest mest av alt som om eg har avslutta eit spanskkurs som har teke mykje tid, men vore veldig interessant. Nå går vegane vidare.

Men eg forundrar meg framleis over det med ordboka i går. Nokre gonger blir eg bare veldig minna på at eg er under ein høgare omsorg.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Men det ÄR svårt att prata – jag pratar fortfarande bättre franska och tyska än italienska, fast det är evigheter sen jag använde de språken. Och italienska läser jag ju en gång i veckan sen tre år tillbaka!
    Men ni får väl prata spanska hemma! (Bra om man inte vill att ungarna ska föstå?)
    Jag tycker ni är fantasktiska båda två som kom så långt!

  2. Heidi: permalink

    Takk for god trøyst, Tintomara. Det høyrest koseleg ut å lesa italiensk ein gong i veka. Eg har hatt lyst til å læra meg det språket heilt sidan eg var i italia for atten år sidan. Og så er det jo den nydelege filmen, Italiensk for nybegynnarar. Men kjem dagane så kjem kanskje sjansen til å læra italiensk og… Eg må jo vera gal som fantaserer om å læra meg italiensk etter å ha hatt spansken hengande over seg dagleg i tre månadar. Og visst pratar me spansk heime, og kjærasten min har sagt det same som sensor om spansk aksent, men nå før eksamen syntes han at eg var blitt ganske flink. Det blir nok meir spansk etterkvart, men akkurat nå orkar eg ikkje tanken på å opna ei spanskbok…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: