Gå til innhald

Januar igjen.

januar 1, 2009

Alt er nytt og alt er gammalt. Det nye året starta så velsigna godt. I går då eg vakna kjende eg meg ikkje heilt frisk, og lurte på korleis det skulle gå med nyttårsselskapet vårt.

Ambisjonsnivået i førebuingane var relativt høgt. Kvelden før nyttårsaften laga kjærasten min og eg skalldyrpaté etter oppskrift frå Eva Mari med reker og lodderogn blanda med løk og dill bada i piska krem og ravigottesaus med litt sitron, salt og pepar og så spedd oppi ei gryte med smelta gelantin, for i følge gelantinplatepakken måtte ein alltid blanda det kalde i gelantinen, aldri motsatt… Me brukte hurtigmiksaren for aller første gong og under over dei fleste trivielle under her i heimen, han vart heilt perfekt.

Dagen etter laga me laksesalat med masse hardkokte egg, rømme, majones og røykelaks. Eg bomma på mjølmengden då eg skulle baka foccaciabrød. Eg tok ein kilo mjøl i staden for ein liter mjøl og måtte kna seks dl vatn med gjær, sukker og olje inn i ein allereie fast deig.
Det er reint utruleg kva som lar seg gjenoppretta av truleg tapte bakverk, er min erfaring denne månaden etter å ha knadd gløymde egg inn i ferdige deigar, og nye porsjonar gjær inn i deigar som ikkje vil heva seg…

Mottoet må bli, gje aldri opp, det er den moralen eg prøver å fylgja når livet elles krøllar seg til, og erfaringa tilseier at utruleg mykje let seg retta opp om ein har pågangsmotet i behald…

Hanne Lise kom med deilig pai, og eg laga ostefat og spekefat og diverse salatar. Men kor var den salte kjeksen? Den salte kjeksen viste seg å vera oppeten allereie av to stykk søner som hadde kost seg i kjellaren.
Koss kunne eg ha klart å gløyma at med fire barn og Spretts slekt og venner i huset så må alt ein har tenkt å bruka til noko lukkast hermetisk i pose og merkast med raud eller svart tusj?

Men lysa var tende og huset var rydda, bortsett frå alle dei roma som eg rekna med at gjestene ikkje skulle inn i, sjølvsagt…

To av gjestene hadde aldri vore hos oss før, og dei sa at me hadde det fint, og det har me når huset ein gong kvart jubelår er vakkert rydda…

Så skulle eg ynskja fint og høgtideleg til bords. Gutane mine fann ut at å senda alle fata var bare tull, me måtte la gjestene gå rundt buffeten på kjøkkenet. Då det var bestemt mista kjærasten min ei flaske øl på kjøkkengolvet, den knuste og ølet spruta ut. Eg måtte halda ein litt lenger tale medan han rydda opp. Så snubla eg i katteskåla slik at tørrforet spratt utover golvet og måtte sopast opp før nokon kunne forsyna seg. Eg ynskte velkomen til nyttårsfeiring hos Mr Bean, og freden senka seg.

Gjestene hadde med kvite tulipanar som vart så fine i den nye kvite todelte vinkelvasen. Den finaste borddekorasjonen var lysestaken me fekk av Astrid og Einar med plass til 24 små juletrelys. Dei var vanskelege å finna, og dyre å kjøpa, men til slutt stod han på bordet med 24 små sølvlys som eg møysommeleg hadde dryppa ned eit etter eit for å få dei til å stå… Lysa brann i halvannan time og var verkeleg vakre, det får bli ein lysestake for dei store anledningane.

For første gong på åtte år trur eg, var Odd Christian heime og feira nyttårsaften saman med oss. Det var kjempekoseleg å ha han heime. Halvard var her og saman med Henrik, og Ingrid og Oddvar dukka opp,ikkje så lenge etter midnatt. Sunniva var på jentefest med åtte venninner og sende meldingar med jamne mellomrom.

I dag var det ein slik føremiddag eg har lengta etter å ha. I tidsavtalen med meg sjølv hadde eg lagt inn at første nyttårsdag skulle eg ta heilt fri viss eg ville. Etter eit bad seint på morgonen tende eg alle dei levande lysa kring englane og julekrubba og i taklampa. Så la eg meg på sofaen og les noko som gjorde så sterkt inntrykk på meg at eg vil laga eit eige innlegg om det. Me sette på klassisk musikk, tende bål på peisen. Så tok me fri frå god norsk oppdragelse og hadde peparkaker, mandariner og konfekt og kaffi som foreløping frokost til dei andre vakna.

Då det vart liv i dei andre hadde me lang frokost frå klokka middag og utover. Eg har blitt truffen av noko som truleg er ein trend i tida med litt pikante smakar. To gonger denne jula har me fått servert peparkaker med blåmuggost. I dag åt me ost med chilimarmelade og ein blanding av nøter og tørka frukt på to små glas som Liv og Einar var innom med ein dag før jul. Hos Eva Mari og Henrik gomla me sjokolade med chilifyll, og i går drakk eg deilig chili-te, som eg fekk av Synneva til jul.

Ingrid hadde eit lite show ved frokosten med parodiar på livet på ein folkehøgskule, og det var omtrent som å vera der. Endeleg har freden senka seg over huset, og eg har tenkt å nyta dagane til dei store barna mine må reisa i eit langsomt tempo.

Odd Christian og Halvard har vore ute på verandaen og henta seg den gode mandelkaka med gul krem som Liv Karin hadde med i går. Dei ler høgt i kjellaren. Eg trur dei sit under ei dyne og ser på Black Adder. Ingrid er hos ei venninne og ser film, og Sunniva kjem akkurat heim frå overnattingsbesøket.

Nå skal me ut og gå ein liten tur før det blir endå mørkare og i kveld skal me sjå Jane Austen sin “Pride og prejudices” på fjernsynet.

Ha eit godt år alle saman. Måtte alle gode ting skje og skje.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: