Gå til innhald

Snipp, snapp, snute…

januar 25, 2009

Så har eg manuset klar til i kveld. Tidsoptimist som eg er, så trudde eg skriva-ned-arbeidet ville gå fort. Det er jo bare 15-20 minutt eg skal snakka… Men temaet mitt er så stort, og temaet det har eg fått ferdig servert, og ikkje laga sjølv.

Med eit manus på fem maskinskrivne A-4 sider i tillegg til fire- fem salmetekstar kjem eg til å slita noko alvorleg med tida. Eg får skjera vekk og stryka ut undervegs. Det blir nok bra. Kanskje eg får forhandla med presten om fem minutt ekstra tid?

Men uansett, eg er i mål. Og på sett og vis har eg møtt meg sjølv i døra. Eller kanskje eg har møtt meg sjølv ved skrivemaskinen eller i det heilage romet.

Eg innser at eg har for lite tid til tekstforfattaren og salmediktaren i meg. “For dagen han er viktig og han kræv oss”, som det står i songen, og så er det ikkje så mykje plass som ein skulle ynskja til andre ting som er viktige og… Kanskje eg må innsjå at det fromme ynskjet mitt om fleire timar i døgnet ikkje kjem til å nå fram i noko handlingskraftig forsamling som kjekt kan klubba inn to-tre timar ekstra sidan eg ber så fint?

Nei, nå har eg brukt tida sidan klokka åtte i dag på å planlegga femten minutt på talarstolen. Nå skal eg gje meg sjølv litt fri. Ein dusj og ein tur ut i sola, det blir nok gode greier. Eg trur eg skal få med meg ei kunstutstilling nede i sentrum. Først skal eg bare…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Det kan lett gå godt!Du kan jo ta eit utvida salmeforedrag på Solgården i sommar! Det hadde vore topp!!Då kan du boltra deg i 45 minuttar – minst!!

  2. Heidi. permalink

    Det gjekk kjempebra etter responsen å dømma. Eg fekk lov til å halda på så lenge eg ville, og det gjekk nok pluss minus ein halvtime. Eg tenkte faktisk og litt på Solgården. Men hjelp frå deg kunne me leggja inn allsong og solosong…

  3. Torhild permalink

    Eg er sprengklar!!!!

  4. Heidi permalink

    Det er bra 🙂

Legg att svar til Torhild Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: