Gå til innhald

Forkjøla dronning.

februar 20, 2009

Snøen som låg i to veker har nå regna vekk, i staden var det tett skodde i dag morges då me plukka med oss rose og moldvarphjarte og sette oss i Jan Ivar sin bil. Det var fredag og turnédag.

Eg har sluppe unna forkjøling heile vinteren, men nå i denne veka vart det min tur. Eg har hatt stor tru på råmelkstablettar, og meiner eg har klart å koma meg unna ein del forkjølelse gjennom å knaska på slike den dagen halsen først begynnar å kitla og klø. På onsdag kjende eg at det var på tide att, med kløe i halsen og trykk i biholene, men eg bestemde meg for å stå over karbohydratsjokket i ein råmelkskur. Det fekk heller stå til.

Det var sikkert dumt av meg, for nå er eg skikkeleg nedsylta. Litt ubeleieleg sidan me tek med oss dei to yngste barna våre og dreg til Madrid i morgon, men me har då ikkje tenkt å dra inn årene på grunn av snue…

Eg sa til Jan Ivar at viss dronninga fekk store hosteanfall på scenen, så fekk me legga det inn som ein del av stykket… Det merkelege er at når ein står på scenen så har kvardagslege ting som snue og hovudverk ein tendens til å forsvinna i den intense konsentrasjonen det faktisk er.

Det slår meg som litt surrealistisk når me kjem kjørande med bilen full av kassar, koffert, høgdehoppstativ, laken, lysark og knappenålar og gjev oss ut for å vera skodespelarar. Endå så er det vel faktisk det me er akkurat då, i alle fall Jan Ivar. Han er heilt ekte utdanna
skodespelar. Eg har ikkje meir enn ein forteljareksamen å visa til.

Men særleg glamorøst er det vel ikkje å vera omreisande teatertrupp. I dag gjekk botnen ut av den eine Ikea-pappkassen, og eit par hundre tørka grøne erter trilla ut i
skulegarden. Kostyma fekk me berga frå den same skjebnen…

Etter forestillinga vår, som tek nokså nøyaktig ein time, har me to omgangar med workshops der elevane blir utsyrte med kostyme og spelar “Keisarens nye klær” og “Prinsessa på erta”. Tjue madrassar og tjue ederdunsdyner dreg me ikkje med oss, men det er klart at det blir ikkje rett utan ekte erter. Den erterøskja me dreg rundt med nå, er i alle fall på tredje sesongen… Jan Ivar foreslår at me kokar oss ei god gryte ertesuppe når det er finito og kroken på døra…

Då me reiste heim etter end dagsverk, hadde skodda sprukke opp i ekte vårsol. Det var så fint.

Om våren er komen til Madrid veit eg ikkje, -det er nok tryggast å ta med seg vinterklær så me ikkje blir gåande og frysa. Det blir sikkert fint. Kjærasten min, eg, Halvard og Sunniva skal oppdaga Madrid, og eg har ikkje hatt tid til å tenkja på det endå.

Så får eg sjå om eg hugsar noko av spansken. Eg fekk ein dato i mai eg kunne gå opp att til muntleg eksamen viss eg ville, men trur eg har bestemt meg for ikkje å gjera det. Eg har liten eller ingen tid til å få øvd. På sida av den andre jobben har eg fire store teaterforestillingar framfor meg, den eine er i same veka som muntleg eksamen.

Eg må vel innsjå at ein kan få med seg det meste her i livet, men ikkje alt samtidig. Eg tek viss for meg så det held allereie…

Og nå er det vinterferie i ei veke…

Heidi

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. Tante Gerd permalink

    God tur til Madrid …..

  2. Heidi: permalink

    Tusen takk! Tenk her får eg kkommentar før eg har skrive ferdig 😉 God ferie du og. Håpar du kan ta litt fri og nyta livet.

  3. Tante Gerd permalink

    Me skal til Trondheim og på svenskehandel gler osse….

  4. Heidi permalink

    God tur 🙂

  5. Tintomara permalink

    Ha det så bra i Madrid! Du kommer säkert att märka att du klarar pratandet rätt bra. Det är helt anorlunda när man är i landet, i alla fall efter ett tag. Luftombyte är säkert alla tiders mot förkylning, men det kan bli jobbigt på flyget. Ha med nån nässprej eller annat hjälpmedel. Kram!

  6. Heidi: permalink

    Takk Tintomara. Eg har nasespray i veska. Håper det hjelper. Nå har flyet me skal ombord i landa.

  7. Skylla permalink

    «Knaska» lät sött 🙂
    Men vad betyder «moldvarphjarte»? Det låter som mullvadshjärta, ju :))

  8. Heidi: permalink

    Ja, det er nok akkurat det det betyr. Då HC Andersen var barn hadde han fleire krampeanfall. Mor hans tok han med til ei klok kone i håp om å få han kurert. Han fekk då ein tøypose til å bera rundt halsen med eit moldvarpshjarte i. Dette har me visualisert med å sy ein slik pose. «Moldvarphjartet» har vore alt frå ein biffbit, ein pølsebit eller eit stykke røykelaks. Men det er ferskvare som må bytast ut frå gong til gong…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: