Kirsebærblomar og sjølvdisiplin.
Denne veka har strategien vore å duppa i bølgjene og bare la seg gynga. Alle som har bada i store bølgjer, parentes bemerka så elskar eg å gjera akkurat det, veit at om ein let seg driva med utan å vera fokusert på fotfeste og kontroll, så går det mykje lettare enn om eit har fått det for seg at ein skal stå oppreist og tenkja på andre ting…
Eg veit det er eit noko gyngande bilete, men såpass kan eg kosta på meg… Eg har fått gjort alt det intensjonane mine tilsa, og kom heilberga gjennom veka. På grunn av at det var veldig travelt før påske, hadde eg lagt alle utviklingssamtalane med elevar og forelsdre til veka som var. Saman med dei vanlege kveldsjobbane mine, gjorde dette at eg var på jobb frå tidleg morgon til sein kveld dei fire første dagane bortsett frå dei timane eg var i gravferd på tysdagen. Det er faktisk veldig triveleg med denne halvtimes samtalen ein har med alle elevane og foreldra deira to gonger i året. Triveleg og veldig viktig.
I tillegg er desse samtalane ganske krevjande i forkant, for krava til dokumentasjon blir større og større. Ein skal kunne legga fram dokumenterte opplysningar om fagleg utvikling og måloppnåing.
Og så er det tre forestillingar under oppsegling, i tillegg kjem den med skrive-elevane og arbeidet med boka eg lagar i lag med dei. Veldig kjekt alt saman, men det tek tid. På tysdag skal eg ha møte med oppdragsgjevarane til det store prosjektet eg har sagt ja til, -ei stor barnehageforestilling til eit byjubileum i ein nabokommune. TIl då bør eg ha klar ei prosjektskisse…
Men denne helga er stort sett via til konfirmasjonen som skal koma neste helg. I dag har me rett og slett vore ganske flinke eg og min aller kjæraste. Eg stod opp klokka sju til solskin og fuglekvitring. Store deler av føremiddagen har eg stått med hendene i mjuk herleg
gjærdeig. Eg har steikt store mengdar rundstykke, vaska hus og hengt ut reine klede på klessnorene medan kirsebærtreet vårt forsiktig har begynt å bløma. Uavhengig av min innsats så har steikeomnsdøra blitt reparert, vidua vaska, bilen vaska og garasjen rydda. Så nå begynner me å nærma oss vanleg norsk standard…
Ikkje rart at naboen kom over med konfirmasjonspresang, det liknar ikkje oss å vera så pass i rute ei heil veke før gjestene kjem, så han trudde vel det var i morgon…
Nå vurderer eg om eg ikkje må ut og handla litt før butikkane stenger. Eg las på ein blogg om nokon som hadde blomkålgrateng til middag, det høyrdest så godt ut…
Men for all del. Her er nok å henga fingrane i resten av helga og. Eg skal skriva song til Halvard, avslutingssong til Mathilda musikalen på melodien “Banana-boat-song”, eg skal laga norsklekser til elevane mine og ei aldri så lita prosjektskisse til byjubileumsoppdraget. – Og halvironisk nok; tekstar til ei bønnevandring med tema å ta tid til å vera stille… – Martha, Martha kviskrar eg til meg sjølv og klappar meg oppmuntrande på skuldera sånn reint mentalt…
Det skal bli fint å laga konfirmasjon for minsteguten. Folk er så snille og generøse at eg omtrent får tårer i auga. Dei kjem innom heimen for å høyra om dei på nokon måte kan bidra til festen; baka kake?, hjelpa til på kjøkkenet?, laga ein salat?, vaska vindua mine?…
Anne Mette ringde og spurde om ho kunne få lov til å kjøpa blomar til borda. Torhild kjem på mandag for å øva med Sunniva, som har bestemt i samråd med songlæraren sin at ho skal synga “ God save the child,” – ein vakker liten jazz-låt av Billie Hollyday, med ein tekst eg ikkje blir heilt klok på. Det var min idé at ho kanskje kunne synga ein song, og eg synest det er veldig koseleg at ho gjer det.
Nå høyrer forresten eg at melodien blir spela nede i stova… Og Eva Mari ringde for å fortelja at nå var ho ferdig med å sy den raude taisilkekjolen min. For eit nettverk eg har av fantastiske, hjelpsame, kreative og vidunderlege menneske…
Eg bur i eit område der det å arrangera konfirmasjonar nærmar seg å arrangera bryllaup. Mange er klare med bordkort og bordpynt minst eit halvt år på førehand. Eg las i avisa at den store trenden er å ha ei stripe kunstgras midt på bordet med små traktorar på. Dette er truleg ein av dei få byane i Norge der ungdommane, helst gutane, hiv seg i traktoren når dei skal på byen ein laurdagskveld… Men her i huset er det heldigvis ikkje folkekrav om gras på bordet…
Rydda arbeidsrom var det ja… Eg lar vera å skriva kor lenge det er sidan sist me gjorde det grundig. Ein har då eit og anna snev av sjølvrespekt… Og i morgon har eg av alle ting i verda planar om å dra på katteutstilling. Det gler eg meg til. – Veldig.
Heidi
Jag är full av beundran över allt du hinner! Bara så du vet!
För bra många år sen var vi bjudna på konfirmation i Danmanrk, och där var det mycket större sak än hos oss i Sverige märkte vi. Men även här verkar tendensen nu vara att göra större affär av dop och konfirmation än förr. (Bröllop ska vi inte tala om.)
Jag skulle nog behöva någon större familjehögtid för att få uppröjt lite. Men det är fem år till nästa konfirmation och den ska ju inte jag ordna utan min dotter.
Fast bröllop vet man ju aldrig när det kan bli…
Takk, Tintomara. Ja, når eg høyrer kor mange folk legg lista for bryllaup nå, så var det eit enkelt lite arrangement eg og kjærasten min hadde for 24 år sidan…
Klart folk stiller opp for deg – du bidreg alltid til alle andre!!
I så fall får eg mi lønn nå 🙂