Gå til innhald

Rydda-ferdig-dagen.

juni 23, 2009

Eg hadde mest ikkje trudd at eg skulle koma i mål på ein dag, men det gjorde eg. Trommevirvel… Eg har ferie!

Sunniva sov på stranda i natt i lag med dei andre som nettopp gjekk ut tiande klasse. Ei litt bekymra mor innsåg at jenta er stor nok til å klara seg ei natt på stranda. Klokka fem i dag tidleg var ho inne for å seia i frå om at nå var ho og Vilde komne heim.

Eg skulle møta venninner i kveld på Kinarestaurranten på Klepp. I tråd med trimløftet mitt, så fann eg ut at eg skulle gå dit i staden for å kjøra bil. Det er godt og vel
6 1/2 kilometer dit, og med gåing til og frå jobben med innlagd butikktur og diverse turar opp og ned trapper med store bokbunker, så trur eg at dagens innsats må seiast å vera meir enn godkjend.

I radioen i føremiddag høyrde eg intervju med ei dame som hadde vore på Mont Everest og diverse andre høge fjell. Ho meinte at cluet var å setja seg eit mål og så gå for det. Merkeleg nok snakka me om akkurat slike ting i Sirdalen på fredag. Eg har aldri forstått heilt korfor nokre menneske bare må bestiga “Eversten” eller gå aleine på ski over Grønland sjølv om ein manglar begge armane…
Sett i relieff til desse tinga, skjønar eg utan vidare at ein fottur til Kleppekrossen er relativt puslete greier…

Tenk om eg får det for meg at eg bare må gå aleine over Antarktis… Eg torer ikkje tenkja på kva idear ein faktisk kan koma til å få…

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Gunn permalink

    Hvis du får slike ideer , som Antarktisvandringer og verre, så håper eg det er milelangt frå ide til handling. Men noen treningsturer opp til meg kan du alltids ta. God sommer. Snakkes

  2. Skylla permalink

    Jag tycker det där med att få någorlunda flyt på vardagen, med barn, kärleksförhållande, jobb och hushåll är utmaning nog. Ha ha 🙂 Bara tanken på att bestiga berg känns helt dråplig. «Varför gå över ån efter vatten», ungefär.

  3. Heidi: permalink

    Ja, kloke ord frå kloke quinder. Men kanskje turen til Solkjen er eit passe alternativ for meg. Eg hadde bare kome til å vasa meg vekk og gå meg vill om eg skulle til Antarktis…

  4. Torhild permalink

    I sommar kan me gå fjelltur i Spania og sjå når sola vaknar….??

  5. Torhild permalink

    I sommar kan me gå fjelltur i Spania og sjå når sola vaknar….??

  6. Torhild permalink

    Og til alle som har lyst å vera med: På Solgården er det ledige rom og greie folk – så det er bare å joine!!

  7. Heidi: permalink

    Så klart me skal. Det gler eg meg til. Får me til å treffast snart?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: