Gå til innhald

Peonar, lupinar, stemorsblomar, valmuer,

juni 25, 2009

margeritter, blodsdrope, hortensia, lavendel, basilikum og sitronmelisse. Eg tok Ingrid med meg til hagesenteret. Tidlegare har eg ikkje hatt tid, overskot og pengar til å prioritera hagearbeid. Det har eg vel forsåvidt ikkje nå heller, men eit fint bed framfor huset kunne vel la seg gjera? Og mange blomar i krukker på verandaen. Eg har alltid vore så glad i blomar.

Dessverre er markblomar, som eg aldri klarer å la vera å plukka, ein dårleg kombinasjon med høysnue. Eg plukkar til eg kjenner kitling nedover halsen, kløe i nasen, svie i augene, og får desse merkelege stramningane i hovudbotnen. Det er verd det, i alle fall ein gong av og til. Hageblomar går betre. Dei er truleg meir foredla enn prestekrager, kløver og blåklokker frå grøftekanten. Det er i grunnen god nok grunn til å kjøpa mange.

Seint på St.Hans-kvelden tok kjærasten min og eg oss ein tur ut for å fotografera. Veret var heilt nydeleg, akkurat slik me ville lika å framstilla norsk St. Hans i ein reklamefilm for Norge. http://www.flickr.com/photos/leif/3657614498/
http://www.flickr.com/photos/leif/3656818335/
Og visst er det vakkert?

I går føremiddag kjørte me Sunniva til flyplassen. Ho skal få vera på ferie i Hellas i tre veker i lag med Vilde, Elisa, tante og onkel. Eg ser henne ikkje på fire veker, for når ho kjem heim er eg reist til Spania. Eg saknar henne allereie, men så heldig ho er som får den sjansen.

Veret har vore ubegripeleg fint heilt sidan sundag, og dei melder at det skal vara sånn omtrent i ei veke til. Heldige oss. Eg prøver å fordela tida mi på å gå turar, skriva, gjera nødvendig arbeid i heimen, sola meg og ta kaffipausar med folk som måtte stikka innom.

Eg slit litt med å koma skikkeleg på innsida av skriveprosjektet mitt. Eg har drive mest research til nå for å finna ut kva eg skriv om. Eg har googla byhistorie opp og i mente, nå må eg bare prøva å fatta meg kort og enkelt. Målgruppa er små tilskoderar frå eitt til seks år. Det er truleg litt begrensa kor mykje eg bør leggja ut om folkevandringstida.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Du verda….eg må visst til Bryne og sjå på bugnande krukker….. eg ringjer deg snart!

  2. Heidi permalink

    Ja, det skal mykje til enno før fullkomen bugning, men det hjelper. Eg har akkurat hengt opp klede, eit kvarter inn i det nye døgnet, framleis er det lyst nok til å sjå fargane på klesplagga, og framleis er det varmt nok til å stå barbeint med sommarbukse og singlet. Nå må me nyta desse lyse kveldane. Etter Spania har det nok mørkna betrakteleg.

  3. Skylla permalink

    Otroligt vackra bilder. Lycka till med blomstren!

  4. Heidi: permalink

    Tusen takk, Skylla. Ja, detber vakkert her hos oss. Eg skulle nok gjerne hatt deg i nabohuset som hagekonsulent.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: