Alltid beredt!
Solklubb er fine greier. Ungane elskar Theodora, og i dag har eg vore både Martha, Maria, Jesus og Lasarus med og utan bandasjar og store oransje sjal. Og ungane har fått lov til å salva seg sjølv med ein liten brøkdel av Torhild sine medbrakte beauty-kremar. Sjølv reiser eg enkelt og spartansk på akkurat det området…
I går fann eg ut at eit vekeblad kunne vera tingen å slappa av med i sola. Eg var derfor innom kjosken for å kjøpa kaldt vatn og eit nummer av Hjemmet. Eg skjøna straks at bladet måtte lesast med stor andakt, for vatn og blad kosta meg åtte euro.
Utpå ettermiddagen la eg ut på tokt med Rut og Marius. Etter forige tur ut i verda aleine, har eg funne ut at eg eignar meg best til å gå i flokk. Me klarte å få til ein god omveg i går og, med dess meir innebygd trim. I byen vrimla det av tapre spanske bestemødre som tek seg fram i brennande varme ikledde crimplenekjolar og med tunge trillebagar fulle av vatn og matvarar på slep.
Her er det framleis eit visst sprang mellom det feminine og det maskuline, og små snuppefrøknar på to går rundt med lakksko, musefletter og usannsynleg søte små sommarkjolar. Eg kunne omtrent vera frista til å seia at norske damer med khakishorts og sportssandalar er på grensa til å vera meir maskuline enn parfymerte spanske menn med velstyla hår og mykje etterbarberingsvatn.
Me fann oss eit bord nede ved sjøen, og eg fekk meg deilig middag i form av gazpacio, kald tomatsuppe og melom med parmaskinke.
Eg har sett høghæla små prikkete flamencosko i størrelse 20, og lurer på kven som er to år og klarer å gå på noko slikt utruleg søte er dei i alle fall. Eg har fått ein merkverdig trang til å bli hengande over bittesmå barnesko, men minner meg sjølv om at eg ikkje kjenner nokon som treng sko til ein baby.
Nå skal eg trekkja ut den luftige aircondisjonerte lufta i respesjonen og solbada litt før eg skal vera klar til busstur klokka kvart over to. Innimellom skal eg leita fram ein tekst til kveldsavslutninga, så Martha er med på turen ho og, så vidt det er…
Hasta luego.
Heidi
Ha ein veldig god tur til TerraMitica, Heidi! Eg nyt å ha deg her på Hacienda del sol! Og gler meg sjølsagt til mange frå den flotte familien din joiner oss!!
@skal hilse fra Fagertunveien. Halvard har kjøpt enda et strengeinstrument – idag en bass!
Takk, Torhild.
Hels tilbake, Leif 🙂 Ein bass? Elektrisk bassgitar?
Takk, Torhild.
Hels tilbake, Leif 🙂 Ein bass? Elektrisk bassgitar?
ja. elektrisk bassgitar. Ryggen er litt bedre, men jeg stolprer meg fram som en gammel mann
Huff då…Veit ikkje om det er noko trøyst at Solgården er godt utstyrt på hjelpemiddelfronten… Du får ta det med ro på heimvegen.