Gå til innhald

Brennande sol og svalande skugge.

juli 16, 2009

Dagane går med sin eigen puls og rytme tilpassa livet her nede. I dag har eg vore på marknad og kjøpt smykke med armband og øyredobbar til, og me har vore på ein supermarknad med eit overveldande vareutvalg. Det er slik at ein kan bli nøydt til å velja mellom 37 typar makaroni om ein skal ha seg ei eske…

Men det skal eg ikkje. Ikkje nå når eg held hus aleine i alle fall. Noko av det fantastiske med denne livsformen er å ikkje ha nokre huslege oppgåver i det heile tatt. Måltida blir inntekne i spisesal eller på reastaurant, og nokon kjem og vaskar huset mitt. Sjølv kan eg kosta på meg å liggja på ei solseng og lesa djuptpløyande teologiske og filosofiske artiklar, eventuelt vekeblad medan sveitten dryp ned på ord og linjer.

Eg likar rytmen med å kunna velja å starta dagane med morgonbønn og kveldsavslutning. Kvar keld går me opp den bratte bakken til sjømannskyrkja for å ha ei felles avslutning på dagen. Når me går heim ein time seinare, er det stupmørkt ute, men framleis varmt som på den varmaste norske sommardagen.

Det som fascinerer meg mest akkurat nå er ikkje spansk kultur eller spansk språk, men alle dei spennande samtalane eg har hatt med dei andre som bur her. Og så er det interessant å ha tid til å pusta og tenkja utan å måtta så mykje heile tida.

Det som det har vore litt vanskeleg å få til å fungera er manuskriptet eg har med meg ned. Det er vanskeleg å få det til å fungera med den bittelille berbare pc-en eg har med. Eg strever med nedlasting, arbeid og e-mail, men reknar med eg får hjelp når min eiegode ektemann kjem om nokre dagar…

I går vart eg og Torhild sitjande og snakka på terrassen min etter at alle andre hadde gått og lagt seg. Me har mange felles minner frå ein oppvekst på eit nybygd byggefelt i ei lita bygd sist på sekstitalet, og først på syttitalet. Med den avstanden som tida gir oss, klarte me saman å laga eit ganske mangslungent bilete av korleis det heile var.
Og så er det alltid så befriande godt å le saman med nokon, spesielt når ein er veldig trøytt.

Nå har me drukke kaffi og dansa på terrassen ved bassenget, og om eit kvarters tid er det tid for kveldsavslutninga. I kveld skal eg gå tidleg inn for landing, slik at eg er klar for nye rundar med solklubb i morgon. Eg er framleis ikkje heilt sikker på alle historiane eg skal fortelja.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Din nuvarande tillvaro verkar vara precis vad du behöver efter alla olika jobb hemma i Norge! Alla kan väl behöva en paus i vardagslivet men jag har nästan varit orolig när du berättar om allt du gör! Så ha det nu riktigt skönt!
    Jag har funderat p att nån gång åka till ett kloster för retreat. Det lär finnas ett i Italien, i nån liten bergsby. Det tror jag vore väldigt skönt för både kropp och själ, och så finge jag väl träna min italienska när det inte ska vara tyst.
    Hur länge ska du vara i Spanien?

  2. Gunn permalink

    Nettopp heimkommet fra 60 års dag hos bakeren. Må betegnes som en kulturaften. Kikket etter nytt fra Spanien, men det kommer vel etterhvert. Har det godt i Gamlelandet, og hilser til dere i Spania.

  3. Heidi: permalink

    Tintomara: Eg skal vera her i litt meir enn to veker til. På måndag får eg dei andre ned, så frå då av blir det litt annleis. Eg har tenkt mykje på å reisa på retreat i eit kloster eller noko slikt eg og. Den mest ekstreme forma er taus retreat, der ein bare får lov til å snakka med andre på gitte tider, men eg veit ikkje korleis eg ville ha reagert på å ikkje kunna snakka… Då er ein verkeleg nøydt til å omgåst med eigne tankar.
    Gunn: Nå lurer eg på om eg kjenner bakaren. Takk for helsing…

  4. Tintomara permalink

    Jag tror det vore spännande med tyst retreat. Fast det blir ju inte så mycket språlträning förstås!

  5. Heidi: permalink

    Tintomara: Nei primært språktrening vil det jo ikkje bli. Eg trur og at det hadde vore spennande, men spennande på ein litt skummel måte… Men ein gong i livet skal eg nok gjera det. Det finst ein pilgrimsgard like ved eit kloster ikkje langt frå der eg bur der dei har retreat.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: