Gå til innhald

Z @

august 26, 2009

Sett at rettskrivinga vart frigitt ungdomelege forkortingar frå msn og sms… Kva ville det ha gjort med språket, mon tru? Er det der me kjem til å enda?

Eg må ha hjelp for å tolka ein del forkortingar, men mykje har eg lært. Sjølv skriv eg tekstmeldingane mine prektig og lærarflinkt med korrekt nynorsk staving, fulle setningar og komma på rett plass. Det er i allefall intensjonen min å gjera det… Ei venninne av meg sa at ho visste at viss ein sms kom over tre meldingar på grunn av plassen, så kom meldinga frå meg…

Elevane mine lurer allereie på korfor dei ikkje får lov til å skriva xtra L U og lol, når dei skriv tekstar, og på skrivekurset sist vart eg klar over kor mange engelske ord barn synest det er naturleg å blanda inn i norske tekstar. I reklamen får me vita at tunfisk biter, og at butikkane har lamme lår. Ungane går på sjino, og dei hentar seg eit par sjeks og litt kald drikke frå sjøleskapet. Det er blitt heilt umogleg å skjøna om ein ungdom meinar den 7. eller den 20.september. 

Alt dette er sikkert naturleg språkutvikling, og eg liker ikkje å tenkja på meg sjølv som ein bakstreversk grinebitar av ein lærar med raudblyanten klar til angrep.

I morgon startar eg eit nytt skrivekurs for barn, og kjærasten min synest at det er veldig gammaldags, og nærast litt på grensa til det komiske, at me ikkje brukar dataromet på skulen. Eg forsvarer meg med at det er så mykje teknisk som kan gå gale i systemet at eg orkar ikkje tanken på alt tullet det kjem til å bli med datamaskinane samtidig som eg skal tenkja kreativt.

Så er det det at eg er svak for langborda på heimkunnskapsromet. Eg liker å sitja der med tende stearinlys, og kanskje litt dempa musikk, medan blyantane skrapar mot papiret. Eg synest ikkje det er ein dum idé med rykande varm kakao i store krus heller når det er kaldt og mørkt ute.

Av og til nyt eg å få lov til å vera skikkeleg gammaldags… Og så ender det nok med at eg kjem diltande etter sånn etterkvart… Akkurat slik eg pleier…

Heidi

From → Skriving

7 kommentarar
  1. Ra-To permalink

    Eg er så enig med deg, Heidi! Kreativ skriving gjer seg best saman med penn og papir. Så berre «go for it!» Knis! 😉

  2. emma permalink

    Heilt einig med deg, Heidi. Skrive på papir er tingen. Koseleg!

  3. Heidi permalink

    Takk min venn, du forstår meg.:-)

  4. Leif permalink

    Men dere skriver faktisk ikke på papir nå? Men jeg er overbevist om at dette er et flott skrivekurs selv om man ikke skriver på data.

  5. heidi permalink

    Når eg skriv sjølv så taklar eg å ha ein datamskin å forhalda meg til. Skal eg ha 11 maskinar saman med alle elevane, er eg redd det går på kreativiteten laus… Litt for mykje som går gale med dei it-systema me har på skulen. Eg orkar ikkje bruka desse kveldane til å stå og dra i papir som sit fast i skrivaren og kopla febrilsk på ledningar når maskinane ikkje vil. Får leva med rollen som Den siste Mohikanar litt til. 🙂

  6. heidi permalink

    Der ser dokke. Får ikkje til å stava ordet datamaskin ein gong når eg tenkjer på dette… Kva ville Freud ha sagt?

  7. heidi permalink

    Las forresten nettopp gjennom min eigen tekst, noko eg opplagd burde gjera oftare. Eg grøssa då eg såg at eg heilt uforvarande hadde skrive stearin lys. Nokon som la merke til det? Det er sjølvsagt retta opp. Kanskje sjela mi er meir moderne enn eg trur…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: