Gå til innhald

Yr

august 23, 2009

Han står framme i kyrkja og ventar. I hendene har han ein mikrofon og eit munnspel. I ein instrumentkoffert ligg det fleire munnspel og ventar. Kyrkja blir fylt av lyd. Lyden av bølger ute frå Sele, lyden av ei heimelaga vindharpe, lyden av keramikk som blir hamra, eit keyboard. Han begynner å bevega seg. Han tek eit par steg og rører armane sine. Han set munnspelet mot leppene og rommet blir magisk.

I kyrkja er det glassvindauge bak altertavla. Eg ser at det regnar ute. Det yrar små dropar som ein kan sjå om ein konsentrerer seg om å sjå det. Seinare blir det meir musikk. Salmer og klassisk musikk. Solomunnspel og samspel med kyrkjeorgelet. Dei såre bluestonane set seg i brystregionen ein stad. Her er me. Det er me som er her. Me som skal vera kyrkja med den opne famnen. Slik det står i visjonane.

Stille går folket fram til alterringen. Me går saman og på same tida aleine. Me går fram og tek i mot vin og brød.

Etterpå varmar me oss på kaffien. Steinar seier det er for seint å drikka kaffi, og eg seier at han ikkje må vera så fornuftig.

Ute er det framleis yr. Lufta er full av bittesmå dropar. Dei er så små at eg ikkje blir våt av dei. Eg tek jakken av og går heim med bare armar medan augustmørket kjem sigande. Det er framleis sommar. Eg går aleine heim. Yr og ør av liv.

Heidi

From → Tru

3 kommentarar
  1. heidi permalink

    Nå har eg fått til å laga heading med veldig god hjelp frå kjærasten min. Kanskje eg får til å fiksa presentasjonen og sånn etterkvart…

  2. Passenger permalink

    Jättefin bild! Om det är något som känns konstigt så är det bara att höra av dig.

  3. heidi permalink

    Takk. Eg seier i frå viss eg treng hjelp. Nå begynner det å kjennast ganske heimsleg her i nye Andedrakt. Du gjer ein bra jobb! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: