Gå til innhald

Om å elska livet i skulen og ha tid til livet utanom.

oktober 30, 2009

Kanskje dette er eit uttrykk som først og fremst blir brukt posthumt; ho elska livet. Eller kanskje det blir brukt i lett banale songtekstar; «Du weiss ich liebe das leben»… Likevel trur eg at det er det eg gjer. Djupt og usentimentalt. Livet og menneska som lever det, engasjerer meg, fascinerer meg og interesserer meg.

Det livet eg lever akkurat nå, er nokså prega av at eg lever eit lærarliv. Det var det eg  kjende for å skriva litt om akkurat nå, og då er det alltid ein viss fare for å bli misforstått. På ein eller annan måte er alt som har med skule å gjera eit litt betent tema i den kvardagen me står midt oppi. Sidan eg er i gang med så store ord; eg elskar jobben min. Men samstundes er det mange andre ting i livet som eg både må, vil og har lyst til å gjera…

Av og til lurer eg på om læraryrket går mot å bli eit sølibatyrke… Kanskje til og med det nye sølibatyrket, sidan den katolske kyrkja har begynt å diskutera dette med sølibat? Problemet mitt er at eg anar ikkje korleis eg skal rekka å få gjort jobben min skikkeleg så lenge eg har bare 24 timar i døgnet. Og samtidig, korleis i all verda skal eg då få tid til alle dei andre tinga eg må og bør og skal og vil? Eg har vore lærar i 24 år, og har sett på det like mykje som ein levemåte som eit yrke. Det har vore ein levemåte eg har vore og er veldig glad i. Men med handa på hjartet må eg seia at eg aldri har kjend slikt arbeidstrykk som nå. Det er så mykje me skal og må, elevane skal få tilpassa undervisning, me skal skriva, dokumentera, testa, evaluera, diskutera og vera i utvikling. Samstundes skal me sjå kvar einskild elev. Kanskje auga mine er for godt trente på å sjå etter alle desse åra, for eg ser mange ting eg ikkje har sjanse til å forhalda meg til på den måten eg skulle ynskja at eg kunne. Og slik er det med mange ting i livet, ikkje bare i skulen, det veit eg jo godt.

Nye statsrådar kjem og går, og pendelen svingar fram og tilbake. Det er balansekunst å ha bakkekontakt samtidig som ein svingar med etter beste evne.  Merethe Morken Andersen brukar ein modell der mennesket er framstilt som fem i ein; dansaren, skaparen, samlaren,ordnaren og analytikaren. Me har dei alle i oss, men hos oss alle er det ulike sider som dominerer. For nokre år sidan var det mykje plass til dansaren og skaparen i skulen. Me hadde seminar med Jon Roar Bjørkvold om å få undervisninga til å swinga, me hadde besøk frå Bifrostskulen som la vekt på opplevinga. Me lærde at barn som er glade og nyssgjerrige og får leika lærer sånn omtrent av seg sjølv. Dansarar og skaparar hadde gode levekår.

Nå blir ordnaren trigga fram i ein kvar lærar. Det er ikkje noko gale i det. Skjema, evaluering og kryss i rett kolonne på eit ark er blitt veldig viktig. Og det er det sikkert,  brukt på rett måte.  Og eg innrømmar det glatt; ordnaren er ikkje den mest framtredande delen av meg, men visst finst han der. Og visst har han glede av orden og system, det er ikkje det det står på.

Men ikkje har eg tenkt å gløyma å invitera skaparen og dansaren inn i klasseromet heller, og samlaren og analytikaren har eg alltid vore glad i… Kor eg vil hen? Eg vil kanskje landa i eit forsonande utpust med at lærarlivet er den finaste livsforma i verda… Men eg innrømmar at eg kjenner på ei aldri så lita adrenalinstigning når eg skrur på radioen medan eg kjører til jobb, den dagen eg skal ha med meg så mykje heim at eg ikkje får plass på sykkelen. To av våre mest framtredande politikarar har ein liten mini-skuledebatt . Dei snakkar om kva dei skal gjera for å få betre lærarar i den norske skulen. Gje oss tid, tenkjer eg. Gje oss litt fred og ro så me har sjanse til å pusta medan me gjer jobben vår.  Det svir litt å konstant føla seg uthengde som den mest udugelege yrkesgruppa i landet. Eg veit litt om kor hardt dei fleste av kollegene mine jobbar.

Og klagar gjer eg vel eigentleg ikkje, det veit eg jo at lærarar er berømte for å gjera… Eg bare tenkjer høgt, og prøver å finna ein formel for å organisera livet mitt slik at eg rekk det eg skal. Nå skal eg nyta fridagen min, som eg har gjort meg fortent til sidan kombinasjonen mellom å jobba i kulturskule og skule gir meg to tolvtimars arbeidsdagar i veka. Eg skal driva med andre ting enn skule dersom eg klarer å stå i mot dragninga mot arbeidsbordet mitt ein annan plass her på Bryne.  Og havnar eg der, så er det vel ikkje direkte synd på meg då heller…

Heidi

From → Skule

2 kommentarar
  1. Petra permalink

    Intressanta tankar!

  2. Heidi permalink

    Men det er sikkert tankar andre enn lærarar kan kjenna seg igjen i og… Det er nok fleire enn oss som spring og spring.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: