Gå til innhald

Blue indigo.

oktober 29, 2009

Gjennom ei sprekk der persiennene møter vinduskarmen ser eg ut på livet. Morgonlyset treffer hustaka i gatene mine, og himmelen lyser svakt appelsingult mellom lett indigo morgonskyer.

Dette er dagen eg begynner litt seinare på skulen. Det nyt eg gjennom å unna meg ei bittelita økt ved pc-en før dagen startar for fullt.

Veka har vore ei lang rekke med intense timar, og eit og anna kvileskjær innimellom. På måndag fekk me inn over 40 000 kr til Linda sitt prosjekt i Morogoro. Ungane var kjempeflinke, det vrimla av aktiviteter og myldra av foreldre og småsysken. Og det er så fint at ungane våre har fått ei erfaring med å laga eit slikt arrangement og å reelt hjelpa nokon som treng det.

Eg har teke i mot ein ny svensktalande elev. Det er alltid spennade. Eg kjenner på min eigen kropp korleis det må følast å stå der i døra til noko heilt nytt med 25 par ukjende og interesserte auge rett på deg.  Eg trur han er ønska varmt velkomen.

Sønene mine vart unisont sjuke same dagen som eg stod til opp under armane i innsamlingsaksjon. Eg frykta at svineinfluensa hadde innteke heimen, men heldigvis kom dei seg raskt på beina, så svineinfluensa var det nok ikkje denne gongen.

I går fekk eg for første gong i mitt liv to timar som orekesterleder med orkesteret i teaterprosjektet vårt fordi Eilen var sjuk. Det gjekk så det suste. Elevane hadde mykje større kompetanse enn meg, men dei transpornerte klarinettstemmen på gehør, og skreiv ned etterkvart som dei improviserte fram ein avslutningsmelodi. Eg kjende meg som Jan Roar Bjørkvold der eg stod og såg elevane mine bli meir og meir musikk.

Nå ventar dagen. I kveld skal eg ha skrivekurselevane mine. Eg har ein idé til novelleskaping som eg må vidareutvikla og prøva ut. Viss eg får tid tek eg ein lang omveg til fots før skuleklokka ringer inn til andre økt.

Heidi

From → Barna mine, Skule

2 kommentarar
  1. Leif permalink

    Den svenske eleven må jo være kjempeheldig som får deg som lærer!

  2. heidi permalink

    Det får eg håpa. Men eg er overraska over kor vanskeleg det er for ein svensk gut å forstå dialekten vår. Og nå skal stakkaren lesa og skriva nynorsk i ganske avanserte fagtekstar… Men eg følte det svingde då han debuterte som gitarist i musikalorkesteret under …eh… mi leiing.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: