Gå til innhald

Du skal skrive ditt liv…

november 2, 2009

…stod det i ein av statuttane for dei som kalla seg Kristiania-bohemen. Om eg ikkje i like stor grad kunne identifisera meg med alt Hans Jæger og gjengen dreiv på med, så var det noko med den setningen eg ikkje klarte å legga vekk. Å skriva sitt liv, det høyrdest ut til å vera litt av eit prosjekt. For meg virka det rett og slett som ein måte å ta vare på det merkelege, fascinerande og dyrebare livet som på ein måte renn og renn mellom fingrane våre, utan at me maktar å halda det fast.

Sjølv har eg alltid vore forelska i språk og i det å skriva. Før eg lærte meg å skriva sjølv, noko som skjedde lenge før eg begynte på skulen, fekk eg bestemor eller onklane mine til å skriva ned for meg. Inspirert av sundagsskulen som nokre naboar som var truande pinsevenner tok meg med til, dikterte eg historier om barn i Afrika som fekk hjelp av Gud etter at stråhytta deira hadde brent ned og slikt. Dødsannonsene i Jærbladet og Stavanger Aftenblad gav meg sterke lesaropplevingar fordi dei hadde så mange flotte ord. Vår umistelege, eiegode, djupt savna og så vidare. Det var verkeleg ord til å frysa deilig på ryggen av. Og eg var djupt fascinert av alle luker inn til det religiøse og til det som eg opplevde som vakkert og opphøya.

Men eg var og veldig tiltrukken av talte ord, helst vaksne ord som ikkje var for barneøyrer. Noko av det deiligste eg visste var å gjera meg usynleg i eit rom med mange vaksne. Etterkvart som dei vaksne begynte å gløyma at det var eit barn i romet, kunne eg få med meg dei mest fantastiske skildringar av korleis det eigentleg var å vera vaksen.  Eg fekk med meg skildringar som eg bare delvis forstod, og som eg kunne ligga og fundera på om nettene, medan eg tenkte fram og tilbake for å få puslespelet Livet til å henga saman.

Dette å oppriktig forundra seg over korleis det er å vera andre menneske enn meg sjølv,   har eg aldri klart å slutta med. Det finst mange ord for denslags… Sjølv synest eg at ordet interessert er eit av dei meir sympatiske… Eg elskar framleis å sitja på eit tog eller ein buss eller eit venterom og høyra kva ukjende folk snakkar om. Eg har aldri slutta å forundra meg over kor ulike me er, og samtidig; kor mykje ein kan kjenna seg att i.

Og eg har aldri heilt forstått at nokon seier at dei aldri kunne tenkja seg å lesa biografien til eit menneske dei aldri har høyrt om, eller kjøpa bøker med brev som Freud eller Garborg i si tid sende til venner og kjende, som handla  om ver og vind. Slikt kastar eg meg over med den største appetitt. For ti-femten år sidan oppdaga eg sjangeren weblog eller blogg, som eg sjølvsagt fann uhyre interessant. Eg høyrde folk snakka forundra og indignert om fenomenet, tenk å legga ut livet sitt på den måten. ..Sjølv las eg med stor interesse, kommenterte og vart kjend med fleire av dei som skreiv.  Samtidig kjende eg at dette hadde eg hatt frykteleg lyst til å gjera sjølv, men slikt gjekk vel ikkje an? For snart ti år sidan begynte eg å skriva litt på eit svensk «bloggecomunity», ikkje på denne plassen, men ein liknande stad. Eg tenkte at der var det bare ukjende svenske menneske. Etterkvart skjøna eg at kven som helst kunne koma til å lesa…

Nå har eg sagt så mykje at ingen vil forundra seg over at eg les bloggar. Eg har rett og slett lært mykje om det å vera menneske , synest eg. Og eg har fått kontakt med menneske som liknar på meg, og med menneske som lever totalt ulike liv frå meg. Mange av dei hadde eg nok aldri kome til å få kontakt med i det verkelege livet. I tillegg til at eg på ein merkeleg måte faktisk er blitt glad i mange av desse menneska, så tenkjer eg at eg får erfaringar eg kan bruka når eg ein eller annan gong skal skriva romaner og noveller og treng å vita litt om det å vera andre enn meg sjølv…

Og korfor eg skriv?  Kanskje litt av same grunn som andre steller hagen… Her har eg eit lite hjørne der eg kan vera kreativ, samla tankar og ta vare på dagane. Kanskje nokon har glede av å lesa det slik eg har glede av å lesa det andre skriv?  På same måten som nokon skriv moteblogg eller bloggar om innreiing av hus eller barneoppdragelse, så kan eg skriva om dei tinga som betyr noko for meg.  Eg synest det er fint å få blanda min stemme med alle dei andre stemmane som roper eller kviskrar sine bodskap ut til resten av verda. Utan å lesa bloggar hadde eg hatt mykje mindre innsikt i korleis det kjennest å vera ein homofil mann som har blitt far ved hjelp av ei surrogatmor, ein fotomodell i USA, eller ein munk i den katolske kyrkja. Eg kjenner meg litt rikare av å få lesa det andre deler med seg av.

Og det som er mitt daglege liv… For nokre er det kanskje merkeleg og rart at nokon kan leva og tenkja slik, det ser eg ikkje vekk i frå.  Eg legg ned mi puslespelbrikke på bakken, og tenkjer at nokon kanskje kan bruka ho til noko. Og sjølv ville eg ha elska om mor, bestemor eller oldemor hadde gitt meg eit liknande vindu inn i deira liv.

Og hugs, dette er min redigerte versjon av livet mitt. Det er sjølvsagt ikkje utan vidare slik livet mitt er, sjølv om det sjølvsagt er akkurat det det er på same tida. Her er det eg som legg premissene. Her bestemmer eg kvar dag kva historie eg har lyst til å fortelja, og om eg har lyst til å fortelja. Eg trur ikkje det er nokon draum om å vera viktig eller om å bli berømt. Eg bare drysser ut det eg til ei kvar tid har lyst til å dela, og eg har glede av å gjera det.

På lørdag høyrde eg ein minidebatt om dette med blogging på radioen. Nokre av dei som uttalte seg var totalt uforståande til at nokon trudde at nokre menneske brydde seg om å lesa kva dei skulle ha til middag eller kva slags bukse dei hadde på seg den dagen. Dei om det.  Noko av det finaste med blogging, er at det er heilt frivillig å lesa. Det å skriva kan sjåast ein slags stuntpoesi eller ein sær form for perfomancekunst, eller kanskje rett og slett det å få fortelja noko ein sjølv synest er viktig. Det er ein uhøgtideleg måte å heva stemmen på, eller ein avart av å kviskra i vinden. Eg leiter framleis etter luker inn til det heilage, samtidig som det heilage og allminnelege smeltar meir og meir saman for meg til lenger eg lever og opplever. Livet er eit rart prosjekt og er vel verd å setja ord på spør du meg…

Heidi

9 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Du skriv, ergo finst du! Hald fram, gode Heidi! Idag har me «fått» familievaksinasjon!! No er me snart klare for Brasil, Paraguay og Argentina!!

  2. Heidi permalink

    Heldige dokke. 🙂 Kor lenge skal turen vara? Og når går reisa til Bryne?

  3. Ra-To permalink

    Kjære Heidi! Takk for at bloggen din – og du – fins, seier nå berre eg. Det å lesa den er til glede og berikelse i min kvardag, som du veit er ganske så forskjellig frå din. Og takk for alle visdomsord, dikt, m.m. du tek med, f.eks. den vakre keltiske velsigninga:
    Må din vei komme deg i møte,
    vinden alltid være bak din rygg,
    solens lys leke på ditt kinn,
    regnet falle vennlig mot din jord.
    Og må Guds gode hånd,
    verne om deg
    til vi møtes igjen.
    Den har eg spreidd vidare til mine …
    Takk, Heidi! 🙂

  4. Heidi permalink

    Så kjekt å høyra Ra-To. Set alltid stor pris på dei små livsteikna frå deg!

  5. Karle permalink

    Søndag skal vi ha ein sang og salmekveld i Rosvoll prestegard, Smøla. Vi skal og framføre din Kyrie med tone av Albert Lervik. Kan du fortelle med noe om dens tilblivelse. Eg skal lede denne sangkvelden med lokale tonar.

  6. Heidi permalink

    Salmen er skriven til 350 årsjubileet for Jelsa kyrkje i 1997. Det var utlyst ein salmekonkurranse. Eg hadde lyst til å senda inn eit forslag, men fekk liksom aldri sett meg ned for å skriva… Kvelden før fristen gjekk ut sette eg meg ned for å prøva, og så kom strofene meir eller mindre av seg sjølv. Kyrieropet er noko som har gjort sterkt inntrykk på meg. Miskunna deg over oss, ha tol med oss, – det er ei bøn mennesket treng å få lov til å be… Og det er fint at me kan koma med tome hender utan å trenga å bevisa eller prestera noko. Då eg hadde skrive teksten vart det utlyst ein ny konkurranse om å laga den beste melodien til teksten. Derfor eksisterer det mange melodiar til denne salmen. Eg veit at fire-fem ulike melodiar er aktivt i bruk. Håpar dette var til hjelp, sidan eg ikkje veit kven du er, måtte eg bruka denne kanalen. Lukka til med kvelden. 🙂

  7. Marianne permalink

    Jeg er også fascinert av det å skrive sitt liv. Jeg har en god del nedskrevet allerede, men det mest fascinerende er at det blir egentlig aldri tomt. Jeg lærer noe nytt, finner nye måter å se gamle og nye ting på. Jeg lærer noe nytt ved å skrive. Jeg klarer nesten ikke å tenke uten å skrive.

    De siste dagene har jeg tilfeldigvis lest gjennom blogginnlegg (eller nettdagbokinnlegg som det het på den tiden) fra tja det er jo snart ti år siden som du skriver. Jeg har nesten ikke sett det siden, og det var veldig gøy. Jeg var jo en helt annen person da. Jeg hadde andre venner, andre interesser og en egen liten fangjeng som kommenterte (savner den, hehe). Samtidig kjenner jeg godt igjen meg selv og tenker at jammen var jeg ikke så dum da heller. Veldig fint å ha deler av sitt liv nedskrevet på den måten, selv om det jo også var en sensurert versjon skrevet for internett. Det er jo forskjellige måter å skrive på, og jeg er heller ikke interessert i å skrive eller lese om middager eller bukser. For meg er det mest interessant i den grad det som skrives er personlig og ekte. Når jeg leser de blogginnleggene nå skjønner jeg ikke at jeg torde. Men den gangen var det liten sjanse for at noen jeg kjente skulle oppdage det, eller være interessert. Etterhvert begynte min far å printe ut innlegg for å vise til resten av familien også… Jeg savner bloggingen. Men det er så mye vanskeligere nå. Jeg har ikke bare meg selv å ta hensyn til. All den tid jeg kommer til å ville skrive om mennesker som er viktige for meg, så blir det et evig spørsål om utlevering. Og av hensyn til fremtidige pasienter kan jeg ikke bare ha mine sårbarheter og mine issues liggende ute på nett. Det er mange grunner til at jeg ikke prøver meg på et Knausgård-prosjekt (det er jo virkelig å skrive sitt liv). Men det er synd med bloggingen, jeg savner det virkelig. Heldigvis kan jeg alltid skrive for meg selv.

  8. heidi permalink

    Marianne: Eg er jo og i den situasjonen at livet mitt er vove nøye saman med andre sitt, og spesielt så lenge eg vel å skriva under fullt namn og med eigen identitet, så seier det seg sjølv at det er mange ting eg ikkje utan vidare kan skriva blogg om. Det som skjer på jobben, må eg forhalda meg til med største varsemd, og stort sett la vera å skriva om her. Det er sjølvsagt eit dilemma at eg skriv om familien min md namns nemning. Noko anna ville eignetleg ha vore tull, for dei som kjenner dei ville jo ha knekt kodane, og dei som ikkje kjenner dei er det vel det same med? Ein regel eg har for meg sjølv er å omtala alle med respekt, og aldri skriva noko som eg ikkje ville kunna stå for å seia på andre kanalar eller rett til dei det gjeld. Det er ikkje så vanskeleg, for den regelen prøver eg å la gjelda når eg snakkar om folk i det heile tatt. Har eg ikkje noko positivt og konstruktivt å seia, så tier eg heller stille.Nokre gonger, som då eg skreiv om gravferda til faren av ein god venn, bad eg han lesa og godkjenna. Men sjølvsagt, ein del dilemma er det å forhalda seg til på dette feltet. Det hender spesielt når eg les bloggane til veldig unge menneske at eg tenkjer at dei ikkje heilt forstår kor grensa går for utlevering. Men det er jo då og ei individuell vurdering. Eg ser ikkje bort frå at det finnest menneske som synest eg utleverer for mykje her og…

  9. heidi permalink

    Uff, her vart det mykje skrivefeil. Det er vanskeleg å ha oversikten når ein skriv i ei bittelita rute der teksten forsvinn etterkvart, og ein samtidig er engasjert og dermed ikkje sit og les på skjermen før teksten er posta og det er for seint…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: