Gå til innhald

Ei blå, blå salme.

februar 5, 2010

Etter ei veldig kort natt etter premieren på Groovy var me på toget austover klokka halv sju på morgonen og fekk med oss det blåoransje morgongryet frå togvinduet. Før me var framme i Oslo hadde eg lese ut tredje bind av Knausgård. Høgtalaren i vogna var ute av stand, så me fekk ein fredeleg togtur heilt utan opprop av togtider og stasjonar.  I Oslo rakk me å kjøpa eit fint kort med liljekonvallar på før me sette oss på bussen til Hønefoss. Kjærasten min somna etter fem minutt, så eg fekk det heile og fulle ansvar med å vaka og få oss av bussen på rett stad, noko som gjekk heilt problemfritt.

Me vart henta av Håvard og rakk å stryka kjolen ein gong til og eta Torbjørn sine heilt nydelege heimebakte rundstykke med ost og smør før turen gjekk vidare til kyrkja. Fine venninna mi ville starta feiringa av 50-årsdagen sin på ein uortodoks måte med takkesamling og lystenning i kyrkja før me reiste vidare til festlokalet. Astrid eg og yngste dotter i huset reiste opp i kyrkja før alle andre og tende levande lys i glaslyktene ute i snøen. Så danderte me store tulipanbukettar på altaret, bar inn tunge sølvlysestakar til altaret og messinglysestakar og telys til sjølve kyrkja før me tende dei levande lysa oppe på veggen og flytta den tunge lysgloben fram i koret.

Fall til ro, og kjenn at jeg er Herre

fall til ro, ja sett deg bare ned,

fall til ro og vit at jeg er din Gud,

jeg vil gi deg all min fred…

spelte Torbjørn på fiolin medan folk kom inn i kyrkja. Det var song og musikk, og eg fekk både lesa dikt og fortella, og var glad for å kunna vera med på å skapa denne stunda. Folk var inviterte til å koma fram og tenna lys for å takka og be. Presten las takkebøner Torun hadde skrive sjølv, og dei yngste jentene tende lys i lysgloben mellom bønneledda. Då Thor Egil song «Blå, blå salme», kjende eg at alt er på plass og godt og rett. For Torun som har vore kreftsjuk og opplevd den store sorga å mista eit barn, var dette noko ho gjerne ville; markera denne merkedagen med å takka for livet, for alt me har vore med på, og for alt som koma skal.

Så kjørde me til festlokalet og gjekk opp ein bakke i den blå frostkvelden, med faklar stukne ned i snøen på begge sider. Inne vart det song og fest og eit stort langbord med god mat stod og venta på oss. Då me skulle heim att utpå natta, var fullmånen ekstra kvit og stor. Etterpå fekk eg vita at det var han faktisk denne natta på grunn av månen sin stilling i forhold til jorda eller sola eller begge deler.

Alle overnattingsgjestene var plasserte rundt i huset, og neste morgon hadde me fin frokost i beste Lillebjørn Nilsen stil, me sat tett i tett rundt spisebordet i stova, og avrunda måltidet med å finna fram kakene frå kvelden før. Så vart me skyssa til bussen og kjørde gjennom vinteren og skiløypene. Me passerte tause graner med hendene fulle av snø og nakne lauvtre med store snøhaugar i greiner med kvister forma som heksefingre. På toget heim rakk eg å lesa ytterlegare to romanar, medan eg smålytta til at den unge guten på setet bak meg vart betre og betre kjend med den unge jenta på sida av seg. Helga vart ei rekke korte netter og innhaldsrike dagar. Og søvnig har eg vore heilt fram til i dag, men det er bare prisen for å oppleva meir enn dagane eigentleg har rom for. Og denne helga skal me sova ut, – trur eg…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: