Gå til innhald

New York, New York.

februar 20, 2010

Start spreading the news,

I´m leaving today

I´m gonna be a part of it

in old New York.

Om åtte og ein halv time er me klare til å bli henta med retning flyplassen. Me skal fly over Atlantaren, og landar i New York i morgon kveld, amerikansk tid. Det blir eit langt døgn som ligg framfor oss, så visst burde eg sova. Alt tydar på at me skal koma oss vel i veg etter diverse viderverdigheiter i førekant. Som vanleg er eg lite førebudd på turen, det har liksom ikkje blitt tid til den slags, men eg veit at når eg landar der, er eg heilt klar for eventyr.

Me reiser alle sju, heile familien pluss Oddvar. Det er godt at den svært lokale reiseoperatøren min har oversikt, for det har ikkje eg. I ettermiddag har eg leita og leita etter brillene, fordi eg med litt ekstra stressadrenalin i kroppen ikkje alltid veit kva hendene mine gjer på automatgir. Det viste seg at dei denne gongen hadde lagt brillene i forklelommen. Ekte husmødrer bruker sjølsagt forkle, og brillene må ha hamna i forklelomma då eg vart utsett for damp då eg skulle tømma den ferdigvaska oppvasken ut av oppvaskmaskinen… Bare synd det tok meg sju timar å finna ut kor dei var… Leita ikkje intenst heile tida då, men eg rakk å rydda vaskekjellaren og dra fram kjøleskapet, undersøkja fryseboksen og saumfara kjøkkenskuffer og bokhyller. Lurte ei stund på om dei var på seksti graders vask i vaskemaskinen, men det var dei heldigvis ikkje…

Når klokka godt og vel hadde runda midnatt kom Odd Christian med sine briller, dei hadde falt på golvet og det eine glaset hadde falt ut. Det manglar ei skrue ein plass… Får håpa me får ordna det i morgon. Kva er det med vår familie og briller, nøklar og mobiler. I talen Ingrid haldt for far sin på femtiårsdagen sist lørdag, takka ho han for dei genene som gjorde at ho visste kor ho hadde nøklane sine medan ca 50 % av familien spring rundt og leitar etter sine. Eg syng med Bjørn Eidsvåg: «Det e nok mi skyld det,» og koredamene svarar: «U-u-u- di skyld det…» Viss slike ting er genetisk betinga, og veldig lokal forskning kan tyda på at det er dei…»

Eg er framleis ikkje glad i å fly, men akkurat nå kjenner eg meg relativt klar for det. I bakhovudet syng Lillebjørn Nilsen «Hei New York», og Frankieboy fyller opp: «Those vagabond-shoes, they`re ready to stray…»

I min barndom heite byen Ny-Ork, og var i kategorien «Dit skal vi aldri komma Ka`l». Eg har hatt litt problem med å uttala målet for destinasjonen vår dei siste vekene. Uttalen «Ny-ork» får meg til å føla meg som eg er åtti år, og uttalen «Nju -Jåååk» kjennest affektert på tunga. Ingrid anbefaler varianten «Nu- Jåk» utan j og lang å lyd… Så det går eg ut frå er det normale og forøvrig politisk korrekte, og prøver så godt eg kan…

Om nokon synest eg burde skaffa meg litt søvn framfor å sitja her og tulla og vasa med skriftleg «hendesløysa», så har dei sjølvsagt rett i det. Ikkje er eg heilt ferdig med å pakka heller. Men dette måtte eg liksom bare rekka for å bli mentalt klar til å dra. Eg reknar med å få lagt inn eit reisebrev eller to.

Heidi

2 kommentarar
  1. Torun permalink

    Hi there, nå er de vel undervegs, men veit at du nok ska innom å sjå om du har fått kommentarar… Så god tur, iallefall! Foldar mine hender og ber Gud senda englar i hopetal både i luft og storby! Gla i dokke alle!

  2. heidi permalink

    Hei mi kjære, var faktisk trygt framme då eg las kommentaren, men englane var der nok, for eg var heilt roleg då me stod 3 timar og venta på å kunne letta frå Shiphoel, Amsterdam, medan dei oppdaga den eine feilen etter den andre med motoren.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: