Gå til innhald

För långa rika kärleksår…

februar 9, 2010

Kjærasten min skal fylla femti, og her er mykje å ta fatt i. På laurdag opnar me lånt lokale for ikkje femti, men i alle fall førtifem gjester. Her er eit og anna å henga fingrane i i tillegg til det dei heng i i frå før. Som ein liten topping på det heile har eg brygga på ei forkjøling, som eg trur eg sånn omtrent har klart å ta knekken på med store mengder curamed, repsils og decadin. Eg tok til og med sjansen på på sundagskvelden å hella ned femti dropar solhattolje som var merka med «Best før mai 2001.» Eg hadde ingenting anna i huset, og tenkte at det fekk stå til. Og hadde eg blitt forgifta, så hadde eg vel merka det nå, men flaska har eg kasta.

Nå sit eg her og leitar fram allsongar. Eg må innrømma at eg er svar for gamle Evert Taube, og med min danseglade mann kunne det vel passa med både «Sjøsalavalsen», «Fritjof och Carmencita» og «Rosa på bal». Alderen teke i betraktning får me supplera med «Så lenge skutan kan gå,» og «When I´m sixtyfour». Ein song eg stoppa opp for i kveld var «Lyckan». Då me gifta oss for 25 år sidan, hadde eg skrive song til kjærasten min, men han hadde ingen til meg. Eg bad han vakkert om han ikkje kunne gje meg «Lyckan».

Så tar jag dig til brud i vår

för långa rika kärleksår,

ty lyckan kommer, lyckan går,

den som du elskar lyckan får.

Spesielt fekk eg frysningar på ryggen av verset:

De sova i våra drömmar

de späda som vi skal gje livet,

de sova och drömmer om våren,

då kärlekens ljus blir dem givet…

Når eg las teksten i kveld slo det meg at me er i siste verset av denne utruleg vakre visa:

Du kära en gång skal vi minnast, den sången som nu förklungit

När våra små barn blivit stora, och själva sin kärlek sjungit…

Men om det er siste vers i songen, så håpar eg me bare er halvvegs i långa rika kärleksår… Og det finst så mange andre songar og..

Så lenge skutan kan gå…
Heidi

2 kommentarar
  1. Wenche permalink

    Ei heil tid sidan eg har vore her nå – merkeleg nok, for eg kjenner meg heime hjå deg med ein gong. Eg og har akkurat dei ingrediensane til slikt bruk, inkl. flaska utgått på dato. Kva dag blei han 50? Takk for den vakre songen! Eg og har vore gift i 25 år, 4 ungdomar nå. Men det blir verre å verre å sjå på bilete frå barndomen deira, for eg ynskjer så sterkt å få nokre augneblink om igjen.

  2. heidi permalink

    Takk for gild melding Wenche, kjekt at du stikk innom av og til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: