Gå til innhald

Skjeggete damer og menner med tre bein.

februar 23, 2010

Eg oppdagar at skyskraparar faktisk kan vera veldig vakre, og at Manhattan er ein utruleg fascinerande plass. Her skjer det meste samtidig og over alt, og New York er som ei stor samling ulike storbyar som ligg tett saman. Dei ulike bydelane er litt som ulike verdenar. Eg blir ikkje trøytt av å sjå på folk. I dag tok me oss tid til å sjå litt på området der twin towers låg før 11.september 2001. Det heile kjem nærare og blir verkelegare når ein vandrar rundt og skjøner at det ufattelege faktisk skjedde akkurat her. Husa var så høge at guiden på bussen i går fortalde at når du såg ned på gata frå øverste etasje, så kunne du ikkje skilja bilane frå resten av gatebiletet fordi dei var så langt borte at det var umogleg å fokusera skarpt.

I dag har eg vandra gatelangs mesteparten av dagen. Me splitta oss i litt mindre grupper etter å ha starta dagen med felles sightseeing Down town. Det blir litt mykje å gå sju personar saman heile tida. Odd Christian foreslo at me skulle eta lunsj ein stad på Broadway som han hadde lese om. Staden var ein kombinasjon av ein fancy spelehall med all slags dataspel og gammeldagse tivolispel, og restaurant. Lydnivået der var veldig høgt, så me to eldste var fornøgde med å finna ein liten restaurant som låg litt utanom sjølve speleområdet, og dermed var ein liten tanke lydskjerma. Maten der var overraskande nok heilt fantastisk. Eg åt ein heilt nydeleg salat med grilla kyllingfiletar, eikebladsalat, glaserte pecannøter, blåmuggost og ein slags sylta røde bær.

Etterpå hadde sønene mine eit sterkt ønske om å gå i noko som vart kalla eit odditorium. Med andre ord ei samling merkelege og bisarre saker og ting. Det var ein variant av dei gammeldagse freakshowa som før samla masse folk, og som nå får nye uttrykksformer på TV -Norge. Her såg me utstoppa kalvar med to hovud, og høner med fire bein. Du fekk lesa historiene til den høgaste dama i verda, og menn med hår over heile ansiktet, og kleda deira vart viste fram slik at ein kunne sukka bifallande til damsko i storleik 58 med tilhøyrande ytterjakke. Me fekk beundra ein ekte elektrisk stol, og lesa historier om menn som hadde så kraftige nakkemusklar at dei ikkje døydde då dei vart hengde… Eg innrømmer at fascinasjonen over godt fortalde historier alltid er til stades hos meg, og eg hadde ingen problem med å mora meg der i lag med gutane. Etterpå gjekk me på Starbucks og drakk kaffi med vanilje, kanel og muskatnøtt. Så vart det nye byvandringar. Nå har me funne utav t-banesystemet, eller toga, som dei kallar det her, og har lært oss korleis me kjøper billetter og les kart over byen og over toglinjene. Det gjer absolutt ei kjensle av meistring. På T-banestasjonen utanfor hotellet vårt stod det ein mann og spelte trombone med lysa frå Manhattan skyline i ryggen. Det var fint.

Vel heime i tolvte etasje så er beina så trøytte som eg mest aldri kan hugsa at dei har vore. Det er så vidt eg orkar å reisa meg for å gå over golvet og henta meg kaffi borte på traktaren. Kjærasten min snorksøv på sofaen og jentene mine ligg i kvar si seng og les. Gutane er ute for å handla frukt og leia film. På eit talkshow på fjernsynet debatterar dei det som på fint blir kalla «Pakistan- operations.» Eg orkar ikkje vera politisk bevisst i kveld, så eg høyrer ikkje etter. Det gjer ingen av dei andre heller, men TV-en står der og minner oss om at nå  er me verkeleg ute i den store verda.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: