Gå til innhald

Antimaterialisten i meg.

mars 13, 2010

Det er nå slik at ein kan skriva historien sin på dei meste måtar etter som korleis ein set lys på scenebiletet. Eg kan for eksempel velgja å snakka om antimaterialisten i meg, livskunstnaren i meg, eller den smålate kaotikaren som ikkje gjer si plikt som oppretthalder av struktur og orden i ein heim. Alt er sant, det kjem an på korleis ein ser det.

Den direkte foranledninga til denne teksten er ein samtale eg hadde med døtrene mine i føremiddag. Dei meinar det er på høg tid at me pussar opp deler av huset vårt. Dei snakka spesielt om stova og kjøkkenet, og det er klart dei kan ha mykje rett i det. Eg er den første til å innrømma at det ikkje akkurat er ein standard på ting som gjer at eg vil vera den første som blir oppringt om «Bonytt» skal laga ein reportasje om vakre norske heimar.

Ingrid kasta eit nådelaust blikk mot den raudoransje ikeasofaen vår og påpeikte at stoffet var falma og armlena oppklorte av kattane våre, sjølvsagt har ho rett. Men sofaen er framleis god å sitja i og å ligga i, og han er framleis fin i form og farge. Og visst er det så at kjøkkengolvet aldri ser heilt reint ut på grunn av at ein del flekkar ikkje går heilt av, og det er sant at ein del av dei lyseblå skapdørene manglar litt maling, og at ikkje alle heng på hengslene sine. Og veggene i stova kunne verkeleg tronge maling, og vindua hadde ikkje hatt vondt av å bli vaska. Alt det er smerteleg sant.

Eg påpeikar overfor døtrene mine at dei har hatt ein velsigna barndom på den måten at dei har fått lov å ta inn alt dei vil av ungar, dei har fått rota med leiker og malesaker i stova, og dei har fått brukt kjøkkenet til små og store kokeprosjekt omtrent når som helst. Ingrid smiler nådig og seier at med ein kvar velsignelse er det ein forbannelse og motsatt. Sjølvsagt har ho rett… Den beste trøysta fekk eg i Eva Mari, som ein gong sa: Hugs at du bur i ein kunstnarheim. – Og det høyrest jo bortimot eksotisk ut…

Og heilt sant er det vel ikkje at eg er antimaterialist. Eg likar vakre klær, for eksempel dei dyre plagga frå Gudrun Sjødén. Eg liker vakre kunstting og er veldig glad i kunst, og eg kjøper gjerne ein bukett blomar før helga. Eg er bare ikkje spesielt glad i å rydda, vaska og pussa opp… Eg kan godt tenna eit stearinlys og setja fram ei skål tulipanar, og synest at eg har det kjempefint sjølv om malinga er slitt.

Og så synest eg vel at det tar litt vel av med norsk husoppussing og kva me synest me må kjøpa oss av fine ting for å ha det bra nok.  Eg trur ikkje at glede primært kan kjøpast for pengar, og eg trur me lett kjem inn i ei slags luksusfelle med ting me synest me må ha for å ha det bra. At me kastar fullt brukbare møbler og gjenstandar og må jobba overtid for å kjøpa nye. Men for alt i verda. Eg kan nyta estetikken heime hos andre der alt er tipp topp. Eg kjenner bare ikkje behov for å ha det slik sjølv…

Nei, her er det nok å spinna seg inn i… Ein kan som sagt halda lampen der ein føler mest for det, og få den belysninga ein helst vil ha. At eg er ei antimaterialistisk korsveisjel, eller at eg er ein latsabb av ei udugeleg og kaotisk husmor. Og døtrene mine skal jo trivast i stova vår dei og… Me får sjå. Ei moderat oppussning til sommaren kan det vel kanskje bli råd med?

Og dei som er raske og strukturerte i tankane sine og har fleire husmorgener enn meg, har sikkert tenkt at eg kunne ha vaska både eit og to vindu på den tida eg har brukt til å skriva dette. Og sjølvsagt har dei så rett, så rett…

Heidi

7 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Nydelege Heidi!Dagen er lang – og om du vil, rekk du eitpar vindauge og!! Eg var nett ferdig med søknaden min til sjømannskirka – då eg mista heile teksten… Etter ei halv sjokoladeplate og litt offing, laga eg ein ny (og sikkert betre)! Stillinga ved Sjømannskirka i Singapore er det nok mange som søkjer – så me får sjå kva som skjer…. Og no trur eg at vindauga mine må til pers!!

  2. heidi permalink

    Så spennande 🙂 Har akkurat skrive eit stykke til visning i kyrkja på påskedag og delvis påskenatt. Kunne du tenkja deg å lesa fort gjennom? I så fall kan eg senda deg det på mail Har akkurat fått ein skikkeleg makeover av Ingrid så reint eksteriørmessig så har dagen bore frukter…

  3. Torhild permalink

    Mail it to me, baby!

  4. Tintomara permalink

    Har inte dina kära döttrar hört talas om «shabby chic»?
    Det finns ett japanskt uttryck också, men det kommer jag inte på just nu…
    Jag känner väldigt väl igen mig i det du skriver!
    Det är likadant på denna sidan Kölen, alla ska ha så estetiskt och tip-top. Men är det hemtrevligt? Och miljövänligt?
    Jag tror att en del av den här home-stying-stressen beror på dåligt självförtroende. Har jag ett perfekt hem måste jag ju vara en bra och värdefull människa? (Helst måste ju kroppen vara perfekt också, och barnen, och semestern….)

  5. heidi permalink

    Det er godt eg har ein forbundsfelle ein stad der ute. Eg trur det er det nye skambelagte tabuet å ikkje ha det fint nok heime… Kor er me på veg til? Men eg må innrømma at eg må gå ein del steg før eg ramlar i grøfta på motsett side…

  6. Torun permalink

    Hei, du har ein forbundsfelle på tvers av ditt eige land òg!!! Fantastisk ord ho venninna di i Sverige openbara: «Shabby chic», kjenner at det må vera ein perfekt skildring av min heim…. Har du forrresten landa nå? Eller fyk du vidare i same fart? Klart du gjer det, alle kjenner Heidi! Har flotte bilete av deg i heimen min frå nest siste gong me var ilag! Hadde trengt at du kom til «my shabby chic castle» ganske snart! Chic betyr for dei som ikkje veit det: stilig el. elegant…. Påskeplanar??? Austerveg???
    Hels Torhild og ønsk lykke til med handsaming av søknaden!

  7. Heidi permalink

    Ja, ein liten tur i austerveg frå palmesundag kveld til skjærtorsdag morgon. Kanskje me kan ordna eit treff. Skal du vestover? Nå kjem våren til jærs! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: