Gå til innhald

Prinsesså i tårnet.

mai 13, 2010

Ei jente var ein gong oppe i eit tårn. Der møtte ho ein gammal fyrvaktar. Fyrvaktaren viste interesse for henne, han sa ting ho kunne le av og bli glad for. Ho tenkte at fyrvaktaren var ein klok mann, og kjende seg smigra fordi han sette seg ned for å fortelja historier om henne. Historiene vart skrivne ned i ei bok. Ikkje bare historiene som fyrvaktaren hadde fortald, men mange fleire . Ein del av historiene var triste. Etterkvart vart boka med alle historiene ein belastning for jenta. Ho visste at det som stod i boka kom til å henda. Når det gjaldt dei triste tinga, så gjekk ho i vekesvis og grudde seg til dei skulle skje.

I ei av historiene stod det at jenta skulle tilbake til fyrtårnet. På eit plan gledde ho seg til dette skulle skje. Ho ville gjerne møta den fantastiske gamle fyrvaktaren igjen, men samstundes så grudde ho seg. Kva historier kom ho til å få høyra denne gongen.? Ho tenkte litt på å prøva å lura seg unna besøket i tårnet fordi ho var redd for kva fyrvaktaren skulle kunna koma til å fortelja henne.

Så kom ho dit igjen. Denne gongen var ho eldre og klokare. Ho oppdaga til si overrasking at fyrvaktaren ikkje var som ho hadde trudd. Ho innsåg at han var eit heilt vanleg menneske. Ho hadde lagt alt for mykje i spådommane hans. Ho såg at han kom med spøkefulle kommentarar til andre barn, og frykta at dei skulle legga alt for mykje det han såg. Ho såg jo at fyrvaktaren snakka utan å tenkja seg om, og tenkte at om desse historiene vart skrivne i ei bok, så kunne dei utvikla seg til å bli farlege spådommar for barna som høyrte på. Dei var på langt nær verde den betydninga ho sjølv hadde lagt i dei då ho var lita. Ho innsåg at ein ikkje bør la andre skriva bøkene om livet sitt. Ho var sjølv ein forfattar, og alle historiar kan endrast på.  Frå nå av ville ho skriva sjølv.

Slik omtrent var draumen eg hadde like før eg vakna. Og eg tenkte at eg må halda draumen fast, fanga han mellom hendene og skriva han ned fordi han er viktig. Han er viktig for meg, men og for det perspektivet eg har til andre menneske. Dessverre kan ein draum aldri skrivast ned. Han er full av element som ikkje kan skrivast med ord, fordi språket ikkje strekk til. I draumen skifta eg perspektiv heile tida. I sekvensar var eg jenta, i sekvensar var ho dotter mi. Ho var verken Sunniva eller Ingrid, men ei tredje dotter eg ikkje har i det verkelege livet. I sekvensar var ho ein elev eg kunne ha hatt, og i ein sekvens var ho ei litt Rapunzelaktig jente nokon hadde skrive om i ei bok. Kanskje det var eg som hadde skrive boka?

Av og til står tolkinga av ein draum klart som glas, andre gonger er det fullstendig diffust å skjøna korfor undermedvitet har underhalde deg med akkurat denne filmen medan du sov. Denne draumen forstår eg veldig mykje av, men for meg har han mange lag. Hovudbodskapet er jo heilt opplagt at ein ikkje skal legga alt for mykje vekt på historier du sjølv og andre har fortald om deg sjølv og om andre. Ei historie er ei historie, og historier  er opne for redigering og kan skrivast om. Ikkje ta orda til ein framand fyrvaktar alt for bokstaveleg sjølv han tilsynelatande har både autoritet tyngde som. Det er lett å la du sjølvoppnemnde profetar få for god plass, og kanskje dei slett ikkje fortener eller ynskjer å bera den profetstatusen du har gitt dei? Du er sjølv ein forfattar, det er du som held pennen.

I mitt lange lærarliv har eg høyrt fagfolk profetera om barn eg har hatt i hendene mine. Dei har sagt noko om korleis ting kjem til å utvikla seg, og ein del av historiene er triste. Eg har sett med eigne auge at triste historier kan skrivast om, og eg har sett lukkelege historier bli tristare enn nokon hadde hatt fantasi til å tenkja seg. Men det er farleg å tru at historiene om framtida er skrivne. Det er dei ikkje

Det var ein god draum med mykje håp i . Draumen handla om ein fyrvaktar som ikkje var profet, og om ein forfattar som  dersom han er klok nok, kan skriva andre historier enn dei som er forventa. Meir vil eg ikkje tolka draumen, anna enn å tilføya at fyrvaktaren ikkje er ein metafor for Gud. I draumen min var det heilt klart at  han var eit vanleg menneske som barnet i historia hadde behov for å opphøya til noko han ikkje var i det heile tatt.

Og eg kjende at her ligg det noko viktig som eg kan ha bruk for å hugsa til seinare. Eg må skunda meg å skriva det ned før det sklir vekk mellom fingrane mine. Eg skriv det her og ikkje på ei privat fil, for eg kjende på meg at nokon av dei som les kan ha bruk for akkurat denne historia. For alle andre må ho kjennast som det reinaste nonsens, men det får så vera.

Nå skal eg feira Kristi Himmelfartsdag ved å leita etter det heilage i alle dei tinga eg skal gjera. Dagen i dag kan i beste fall minna oss om at grensa til det evige og transcendente er nærare oss enn me ofte tenkjer når me er djupt opptekne av kvardagshistoriane våre.

Fatt mot prinsesser!
Heidi

4 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Tankeväckande!

  2. heidi permalink

    Så fint at du skriv det, Tintomara. Då har eg klart å få fram meininga mi. Eg var litt redd dette skulle virka bare som merkeleg svada. Men eg trur du kommenterte før teksten var ferdigskriven. Ha ein fin dag.

  3. frk. K permalink

    Eg ser korleis dette minna om morgonbluesen min. Ingen har skrive historien for dagen etter natta, og må ein plent ha eit spor å gå i, må ein velja kva ein vil tru om seg sjølv med omhug!

  4. heidi permalink

    Det er sant. Med omhug.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: