Gå til innhald
Tags

Eit sommarminne.

juni 25, 2010

Det er sommar, og eg er seks år gammal. Me bur på toppen av eit byggefelt, og det er graving, sementrøyr og kabelsneller overalt. Her bur det nye ungar ein kan bli kjent med, mange fleire enn der eg budde før. Nedst i bakken bur Trude og Solfrid. Solfrid er stor og skal begynna på skulen. Ho har kort mørkt hår og to store systrer som liknar på henne. Det ser spennande ut å ha store systrer. Eg er eldst heime hos oss, og mest alle ungane eg har leika med til nå har vore yngre enn meg.

I dag skal me leika med dokker og ha ute dokkevognene. Eg har fått ei stor dokkevogn av bestemor. Ho er ny og himmelblå med brems og regnslag og skygge ein kan slå opp og ned. Eg fekk velgja den dokkevogna eg ville ha i butikken. Det vart ei lyseblå, for lyseblått er den finaste fargen bestemor veit. Då eg kom heim angra eg litt på at eg ikkje hadde vald ei solgul dokkevogn. Eg fann ut at det kunne eg ordna sjølv, og gjekk laus på vogna med gule fageblyantar. Mor sa at eg ikkje måtte øydelegga den fine vogna. Heldigvis gjekk det an å vaska vekk med ein klut og såpe. Dokkevogna er av plast og toler vatn.

Trude har lange fletter og er fem år gammal. Ho har og ny dokkevogn, men hennar er mindre enn mi, og har ikkje blanke metallskjermar på hjula. Solfrid har ei gammal dokkevogn. Ho ser ut sånn som barnevogner gjorde før, med baggen mest heilt nede på bakken og høgt handtak. Eg synest vogna er fin på ein litt spennande gammaldags måte,og lurer på om ho har arva henne etter dei store systrene sine.

Solfrid seier at det passar best at den som er eldst og høgast har den største dokkevogna. Det betyr at ho må låna mi, og eg må låna Trude si, og Trude får den fine gamle vogna. Ingen av oss protesterer på det. Det høyrest logisk nok ut at det må vera slik. Bak huset til Solfrid og dei, har dei ein fin hage med terasse. Der kan me bu. Me dekkar eit lite bord på terrassen med små tallerknar og skal eta middag. Mor til Solfrid kjem ut til oss med brødskiver med ost og smør. Men dei passar ikkje heilt til vårt bruk, dei blir for store. Solfrid går inn og hentar ein kniv og ei bittelita gryte, og finn ut at me kan ha suppe til middag. I hagen har dei store rabarbraaer. Me skjer rabarbra i små bitar og har oppi suppegryta. Brødskivene blir skorne i små bitar dei og, og Solfrid hentar skeier.

Så sit me der i sola med kvart vårt dokkebarn på fanget og et rabarbrasuppe med brød. Brødet blir gjennomtrukke av vatn. Det er spennande å ha laga sin eigen middagsmat. Me et suppe med teskeier. Solfrid held fram si skei og viser oss eit lite gulkvitt flak. «Eg fekk osten,» seier ho fornøgd.

Heidi

One Comment
  1. May Brit permalink

    hahaha – herleg ❤

Legg att svar til May Brit Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: