Gå til innhald

I Sachsenhausen veks det ville blomar

juni 29, 2010

I Sachsenhausen veks det ville blomar, kvite og rosa, og innimellom store tre klatrar det kvit vivendel.  Engene er tørre og gulbrune, og nokon har lagt frå seg eit norsk flagg der ei av brakkene stod som nå er borte. Det var nok nokon som ville minnast ein nordmann som ein gong budde der, ein slektning kan henda.

Første gong eg høyrde om Sachsenhausen var på barneskulen. Dei fortalde at skulestyraren vår, KB Lima, ein rund og smilande mann, hadde vore fengsla der under krigen fordi han nekta å samarbeida med tyskarane. Ryktet mellom ungane fortalde at han hadde blitt nøydt til å eta kjøtet frå ein roten gris.

Opprinneleg hadde me ikkje tenkt eit besøk i Sachsenhausen inn i Berlinplanane våre, men Halvard fann ut at denne konsetrasjonsleiren låg veldig nære byen. Me syntest alle det var ein god idé, spesielt sidan det var ungdomane som tok initiativet.

Det gjekk turistbussar frå Berlin, men sidan me allereie hadde kjøpt 5-dagars billettar til tog, trikkar og offentlege bussar i området, fann me ut at me kunne reisa først med lokaltog til Oranienburg, og ta ein lokalbuss der i frå.

Inngangsbilletten var gratis, men me leigde oss guiding på høyretelefonar. Det var sterkt å koma inn i ein av desse leirane som me har høyrt så mykje om, og nå i 7.klasse hadde me eit stort opplegg rundt ”Anne Franks dagbok” og ”Gutten i den stripete pyjamasen”. Me fekk gå inn i brakkene og sjå sovesalar og toalettrom, og me fekk sjå sonene med grus, elektrisk piggtrådgjerde og patruljerande soldatar. Det var lett å forstå at desse leirane var så godt som umoglege å ryma frå.

Me såg den halvsirkelforma plassen der alle måtte stilla opp grytidleg om morgonen og etter end arbeitsdag, og brakkene der dei sjuke låg omtrent oppå einannan. Me såg og SS-kvarteret utanfor muren der det var dans og casino, og der fangar i kvite dressar varta dei opp når dei hadde selskap, og me fekk sjå dei stripete fangedraktene og luene dei måtte ha på seg.

Me fekk og høyra det som ikkje er så godt kjend som resten av historia, nemleg at russarane brukte Sachsenhausen som fangeleir etter krigen, så den siste krigsfangen var ikkje skoten då frigjeringa kom i 1945…

Ettermiddagen og tidleg kveld vart brukt på Potsdammerplatz som var ingenmannsland under åra med Berlinmur. Nå er det eit flott moderne torg med vannfontene, filmsenter og kjøpesenter. Etterpå var me på eit obligatorisk besøk for å beundra Brandenburger-Tor. Der kom me midt opp i filminga av eit TV-program der programleiaren stod like ved triumfbuen og skulle  innleia programmet, men stadig vart avbroten av larm frå bussar og bilar.

Tilbake på Hotel Bogota viste det seg å vera 30-talskveld eller noko slik, der ein dansekvartett med ein utruleg dyktig klarinettist spelte, og publikum, kledde i 30-talskostyme dansa swing. Det var skikkeleg stilig å sjå på. Ein av dei dansande herrane var kledd i tysk militæruniform. Det gav meg litt rare tankar etter besøket i konsentrasjonsleiren. Dei som jobba der var bare menneske som hadde gløymt, eller ikkje hadde sjanse til å halda fast på tanken på menneskeverdet til dei som var fangar der og gjekk omkring i stripete fangedrakter, stadig meir avmagra.

Då eg var lita fortalde bestemor meg om muren dei hadde bygd i Berlin, som hadde skilt familiar og vener frå kvarandre. Ho sa at ho håpa muren skulle falla, men at mange trudde det aldri kom til å skje. Det same sa dei på skulen.

Eg hugsar korleis me vantru såg på fjernsynet då muren fall i slutten av 1989, og at Per Inge hadde med seg små bitar av Berlinmuren på nyttårsfesten same året, eller kan det ha vore året etter?

Berlin må jo vera rette plassen for framtidsoptimisme. Måtte dei gode kreftene sigra, og måtte verda aldri gløyma kor gale det gjekk under krigen.
På fjernsynet her sender dei ei nyheitssending medan eg sit her og skriv. Me ser president Obama eta hamburgar med president Putin, eller kanskje det rett og slett var Medvedev… Det er ein merkeleg verden me lever i. Men la oss takka alle gode makter for at leiarane for aust og vest for tida av alle ting kan nyta ein hamburgar saman,

Hugsar ikkje korleis Brecht si fredsvise høyrest ut på tysk, men her er nokre linjer på norsk.

Fred over alle i landet,

Fred over oss i vår by,

Måtte den alltid gi rom for.

Den som gir andre ly.

Fred over barnet i vuggen,

Og over den som skal dø,

Måtte vår jord bli oss vennlig,

Og gi oss det daglige brød.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: