Gå til innhald

Berlin ist eine Reise wert.

juni 28, 2010

Akkurat det hugsar eg eit av kapittela i læreboka mi i tysk heitte. Og eg lærte av min første tysklærar Jakop Bergeland at Berlin skal uttalast med trong e. Beeerlin, ikkje Bærlin. Den siste formen for uttale karakteriserte han som «komletysk» og komletysk ville han ikkje høyra lyden av i klasseromet. Eg lærte veldig mykje tysk av den mannen, og synest framleis at det er veldig kjekt å snakka tysk, sjølv om eg merkar at tysken min har vore nokså deaktivert i nokre år. Eg har ikkje problem med å forstå, men eg må leita litt etter orda. I dag har eg kjøpt meg ei tysk bok som eg gler meg til å lesa. Det er ein biografisk roman om to venninner. Den eine, som er blitt journalist, skriv om barndomsvenninna som har vald å bli nonne.

Når eg snakkar om bøker, så las eg ei veldig fin bok i går. Ho heiter «Hun er sort, dog vakker.» Margaret Skjelbred skriv biografisk om mor si, og om sin eigen oppvekst i ein veldig streng haugiansk menighet. Det var ei vakker og interessant bok som reiser mange viktige spørsmål om tru, livsstil og barneoppdragelse. Ho er med dette sterkt anbefalt.

Men tilbake til oss her i Berlin. Me har hatt ein veldig fin dag i varmt sommarver. Det er så fint å vera i lag med dei yngste ungdomane våre på denne måten. Mest utan at eg har lagt merke til det, har Halvard vakse forbi Sunniva og blitt ein høg, tynn ung mann. Han har brukt deler av dagen til å kjøpa seg LP- plater av eit obskurt band eg aldri har høyrt om. Det kjennest som om ungane plutseleg er blitt vaksne når dei bestiller laks og franks løksuppe på restauranten i staden for hamburger og pommes frites. Me har vore på fleire museum og fått detaljane i byens historie frå Hitlerregimet og fram til nå. Det som gjorde sterkast inntrykk på meg var ein serie fotografi av små barn frå den jødiske ghettoen under krigen.

På eit av musea høyrdest plutseleg eit høgt dunk mot golvet. Ei eldre dame hadde besvimt og blødde frå eit kutt i panna. Det var rørande å sjå kor fort folk rundt henne reagerte. I løpet av sekund vart ho hjelpt opp frå golvet, fekk vatn frå ei flaske og papirlommetørklær til å tørka vekk blod med. Vaktene fann ein stol og kort tid etter kom det ambulansepersonale. Eg høyrde ho fortalde dei at ho følte seg i heilt fin form nå og at ho ikkje var svimmel lenger, så me får håpa det gjekk over i likaste laget. Eg synest eg ser svært ofte at folk er langt betre medmenneske enn det ryktet skulle tilseia det. Som songaren Trille song på 80-talet, sitert etter minnet som vanleg:

Sådan ser jeg ofte striber av lys,

ofte striber av varme,

som når en hvisken hørest bedre enn et råb.

Ja, jeg ser små skibe sejle fulle av håb.

I dag utfordra eg høgdeskrekken min, og gjekk med på å vera med opp i fjernsynstårnet her i Berlin.  På ein høgde av 368 meter over bakken sat me på ein roterande restaurant med utsikt over byen. Eg åt røykelaks i pannekake med kantarellstuing til. De skjøner at me lever som kaksar…

Nå er det stor rift om internett i «heimen,» og eg har truleg brukt opp tida mi i denne omgangen. Kjærasten min har ytra ønske om å oppsøka ein plass der han har blitt tipsa om at dei dansar salsa på måndagskveldane, og han vil gjerne ha meg med dit. Me får sjå. Nå ser han og ungane på ein VM-kamp mellom Chile og Brasil på ein ikkje heilt snøfri skjerm. Det er null-null så langt.

Auf wiedersehen.

Heidi

4 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    … da kannt er was erzählen!

  2. heidi permalink

    Ja, klar. Wenn Jemand eine Reise tut…

  3. Torhild permalink

    Ich bin imponiert….. Min tysk er helst som Øystein Sundes….
    Kjekt med reiserapport m/bokanbefalinger…..!! Godt at du nyt dagane:) Sjølv har eg ei «må-liste» før Spania, og igår hugsa eg og Maren å få bestilt bunad. Flott blå *Frafjordsbunad med silkestakk og lyseblå brokadevest!! Jenta mi veks meg snart over hovudet!! Hels alle dine! Klem fra Torhild

  4. heidi permalink

    Kan tru Maren skal bli fin! Gleder meg til å sjå henne.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: