Gå til innhald

Buss gjennom Aust-Europa

juli 2, 2010

Ein halvtime før avreise stod me og venta på ein busshaldeplass i Berlin. Me hadde rekna med tysk punktligheit, og stussa litt over at bussen framleis ikkje var komen fem minutt før avgang. Me trøysta oss med at det stod ein liten samling menneske der i lag med oss, alle snakka språk me ikkje forstod, og såg austeurpoeiske ut, så me satsa på at me var på rett tid og stad. Tjue minutt over tida kom bussen. Ingen av dei tre som skifta på å kjøra snakka brukbart tysk eller engelsk, men me fekk nå gjort oss forstått. Inne på bussen var det ganske trongt, spesielt sidan ho framfor meg hadde lagt ned setet. Halvard og Sunniva klarte å finna plasser der me fekk sitja saman, takk til dei. Bussen var nemleg ganske full, så viss me hadde venta til bagasjen var innsjekka hadde me nok enda opp med å sitja eit stykke frå kvarandre.

I ettermiddagssol kjørte me gjennom tidlegare Aust-Tyskland. Det virkar som om forskjellane på aust og vest har jamna seg heilt ut. Første gongen eg var i Aust- Tyskland, før muren fall, var det som å koma 25 år tilbake i tid på den andre sida av muren. Me kjørte til Dresden for å plukka opp endå fleire passasjerar, eg trudde aldri dei ville fått kvart sitt sete, men det gjekk til slutt. I Dresden skjøna me at dette ikkje var nokon daffetur, for etter 3 timar på bussen var det ikkje snakk om at nokon fekk gå ut medan dei lasta inn bagasjen til dei nye.  Mange av passasjerane stod i midtgangen med sigaretten i handa klare for å få koma ut og tenna på, men det var det ikkje snakk om.

Det vart sett på filmar, teksta til eit slavisk språk, men det var umogleg å få med seg lyden. Første pausen var like før grensa til Tsekkia. Me fekk med oss så pass som at folk blei oppfordra til å gå på toalettet på vegkroa, og at stoppet skulle vara i 10 minutt. Det viste seg at alle stoppa vart annonserte til å vera nokså korte, bortsett frå eit som var på 30 minutt. Det viste seg at alle stoppa var minst ti minutt lengre enn annonsert, men ein tek bare ikkje sjansen på å bli aktreutseilt på ein austeuropeisk haldeplass.

Me kjørde inn  i Tsjekkia i kveldslys, det var vakker natur med gule kornåkrar og grøne enger. Langs åkrane vaks det masse valmuer. Ut på kvelden kom me til Praha. Først hadde me lurt på å stoppa i både Praha og Budapest, men me fann ut at tida ikkje strakk til, så me hadde kjøpt non-stop-billettar til Sofia. Sidan folk skulle både av og på i Praha og Budapest, fekk me ein sightseeing rundt i byen med på kjøpet. Praha var ein nydeleg by, dit vil eg tilbake. Slik det var nå fekk me 10 minutt på busstasjonen. Me skjøna at me ikkje hadde tenkt nok før turen. Alle medpassasjerane våre hadde med seg mat og drikke. Me hadde med oss euro, og trudde det ville rekka, men i Praha ville dei ikkje ta euro, og det var ingen plass å veksla på 10 minutt. Eg vart litt engsteleg for om ungane våre , og forsåvidt oss og, ville måtte sitja på ein varm buss i 30 timar utan vatn å drikka, men gjekk ut frå at det ordna seg nok.

Toalettsituasjonen var og ei sak. Det var do på bussen, men det var tydeleg at dei helst ville at folk skulle bruka det minst mogleg. Derfor sprang alle inn på do når bussen stoppa i ti minutt. Den slappe haldninga me har i Norge om at bensinstasjondo er gratis, er ikkje noko ein slepp unna med i deler av det store utland. Det var derfor alltid spennande om dei ein eller to personane som sat og vakta doa ville ta til takke med ein euro i staden for småpengar i ulike mynteiningar eg aldri hadde høyrt om. Det gjekk heldigvis bra kvar gong.

Ei dame på bussen snakka litt tysk og kunne oversetta til oss kor lange pausane skulle vera. Det var me takksame for. Me fekk og sett oss litt om frå bussvindauget i Budapest, og dit vil eg og tilbake. Det var veldig interessant å sitja og sjå ut vindauget, og me vart veldig flinke til å finna alle tenkjelege måtar å plassera kroppen sin på på veldig liten plass for å prøva å skåna halebein og korsrygg mest mogleg. Ungdomane våre var veldig tålmodige, og det var ikkje noko sutring over kva me hadde drege dei med på. Der me reiste i Ungarn var det og mykje jordbruk og veldig vakkert, eg tenkte på barnesangen om Joska som kjører tog over putskaen til Balaton, Joska hadde den fordelen at han kunne bevega seg litt meir enn oss. Det var stor lukke då me stoppa ein plass der me etter fingerspråk og ei blanding av engelsk og tysk fekk lov til å betala med Euro. To euro for ein liten kopp svart espressokaffi var verd kvar cent. Kva me skulle eta var verre, eg peika på noko bakverk og viste med fingrane at eg skulle ha fire. Det viste seg å vera butterdeig med veldig mykje smør og inni var det skinke og ost, Sunniva klarte ikkje å eta det, men me fekk hanka med oss ei øskje sjokoladekjeks og viktigst av alt, store plastflasker med vatn.

Ved grensa til Serbia måtte me venta lenge. Det var innsamling av alle pass og køen gjekk seint framover. Vel over grensa syntest eg nokså fort at me kunne merka at me var komne over i eit fattigare land. Driftsbygningane såg ofte ganske falleferdige ut, men åkrane og jordene var store og frodige. Dei dyrka purre og solsikker og enten dyrka dei valmuer og, eller så vaks dei ville. Det var og åkrar med noko eg trur må vera sukkerrøyr. I første delen av serbia var landskapet flatt. Eg såg fleire menn som arbeidde med hest ute på jordene, og me såg og esel. Det såg ut som om mange bønder dreiv på nokså gammaldagsvis. Fleire var ute og slo gras med lange ljåar, eller lukte i åkrane. Fleire stadar var mann og kvinne ute og arbeidde side om side, og ein plass såg eg eit par som hadde matpause under eit stort tre. I Serbia brukte ein god del av kvinnene sjal på hovudet, eg går ut i frå at det betyr at dei var muslimar.

Etter at me hadde kjørt gjennom Beograd skifte landskapet art og vart meir kupert. Utpå ettermiddagen stoppa bussen for å gje oss ein heil halvtime pause. Me stoppa på ein rasteplass med nærmast ein liten marknadsplass med små butikkar der ein kunne kjøpa mat, is, brus og kaffi. Eg trur røyking må vera mykje meir utbredt i Austeuropa enn heime akkurat nå, for eg hadde inntrykk av at 90% av dei som kjørde buss i lag med oss fann fram sigarettane kvar gong me hadde pause. På rasteplassen såg eg mange kvinner med sjal rundt hovudet røyka. Eg kan ikkje hugsa å ha sett før at muslimske kvinnar kosar deg med ein sigarett, men det seier sikkert meir om mine fordommar enn om den verkelege verda.

På rasteplassen fekk eg sånne «tilbake til 60-talet assosiasjonar, for her var storfamiliane på tur. Bestemor og mor i lange kjolar med sjal rundt hovuda stod og kokte middag på primus oppå campingbordet, med grønnsakar og ulike formar for pølser dei stod og skar opp. Bestefar låg og sov i graset på eit ullpledd medan ungane sprang omkring og leikte med ein ball. Det såg riktig koseleg ut. Eg hugsar ein gong me var på tur med farmor og farfar og varma komler på primus, men det er ein heilt annan historie, som ikkje passar inn her.

På denne haldeplassen og var det ein del av pauseritualet å finna seg ein do. To eldre kvinner sat i «respepsjonen». Den eine tok pengeskrinet opp frå ei skuff kvar gong nokon betalte, og den andre tok i mot pengane. Heldigvis fekk eg betala med euro. Då eg kom inn og opna det første avlukket, såg eg at det var ein sånn «hol i golvet do». Eg sneik meg inn på handicaptoalettet, og tenkte eg fekk heller ta i mot kjeften når eg kom ut igjen, men jammen klarte eg å snika meg ut att og… Kjærasten min hadde prøvd seg på det same trikset på herretoalettet, men han var blitt stoppa og bryskt blitt gjort merksam på, på serbisk, at han ikkje såg særleg handicappa ut.

Ikkje alle hadde det like bra på bussen. Medan me andre stort sett bare sleit med å finna nye måtar å sitja på som ikkje gjorde vondt, var det ei ung kvinne som sat og kasta opp i ein pose med jamne mellomrom. Først trudde me ho var bilsjuk, og vurderte å by på reisesjuketablettar, men Halvard sin tolking om at ho sikkert var gravid, var nok meir rett. I alle fall hadde ho babylatter som ringetone på mobilen og heldigvis fekk ho mange telefonar å atspreia seg med. Det var ikkje snakk om å stoppa bussen fordi om ho kasta opp. Ho hadde med seg ein ung kjærast som klappa på henne og trøysta ho, men då me kom til Sofia sette ho seg rett ned på fortauet med oppkastposen sin og nekta å røra seg. Truleg skulle dei på ein buss til, som ho ikkje orka tanken på å gå inn på… Kjærasten såg ut til å mista tålmodet heilt. Han drog henne i armen og kjefta. Så tok han seg ein runde aleine og ein røyk, og kom tilbake og klarte å lokka ho med seg. Stakkars jente 30 timar på ein buss i intenst kvalm tilstand kan ikkje vera det store.

Siste delen av Serbia kunne naturmessig likna litt på Norge, med smale vegar der det så vidt gjekk an for ein buss å passera andre store bilar. På grensa til Bulgaria tok det endå lengre tid, frå bussvinduet kunne eg observera bilar med far og bestefar i framsetet med mor, bestemor og ein usikra baby i baksetet. To menn skubba bilen sin over grensa fordi motoren ikkje virka. Ei bevæpna grensevakt kom inn i bussen, studerte oss, samla inn alle passa, forsvann med dei og vart borte lenge, før dei kom tilbake med passa og kunne reisa ut av Serbia. Men etter 100 m i ingenmannsland, skulle me inn i Bulgaria, og det var endå meir omstemdeleg. Først måtte me venta ei stund, så måtte alle ta med passet sitt og stå i lang, lang rekke med passet sitt, for at me skulle sjekkast inn i Bulgaria ein og ein.

Heldigvis var det ikkje meir enn åtte mil å kjøra frå grensa til Sofia. Det første me såg då me kom inn i byen var hus som såg ut til å vera bomba fordi dei ikkje hadde heile tak og toppetasjar. Så kom me til noko som bokstaveleg talt må vera eit slumområde. Der budde folk i gamle jernbanevogner og heimesnekra hytter. Det var ungar overalt, og ein av mennene hadde nettopp velta to store søppelkontainarar der dei leitte etter mat, klede og møblar.

På jernbanestasjonen stod me og venta lenge på at far i familien skulle få veksla pengar. Så vart me nesten overfalt av drosjesjåførar som ville dra oss med til sin taxi, dei fleste av eit merke som turistguiden ikkje anbefalte oss å bruka.

Taxisjåføren snakka greitt engelsk og var blid og jovial. Då me spurde om han hadde kjende til Norge sa han «Of cause, I`ve been there. I fished salmon.» Han sa at me skulle bu i den finaste delen av Sofia, men i våre trøytte auge såg det nokså forfallent ut. Me vart losa gjennom noko som likna på ei industridør. På veg opp trappene til 6. etasje bad eg til Gud om at leiligheita me hadde leigd skulle vera nokonlunde skikkeleg, eg hadde ein følelse av at ungdomane våre snart hadde fått ein overdose Austeuropa. Heldigvis viste det seg å vera over all forventning der oppe, og eg og Sunniva sende gutane ut for å kjøpa noko mat me kunne varma i microen. Etter 27 timar på buss, og ein dag i Berlin før bussavgang var det ein himmelsk følelse å få seg ein varm dusj, og etterkvart litt skikkeleg mat; brød, smør, ost, ris og frosen lasagne.

Heidi

4 kommentarar
  1. Tintomara's avatar
    Tintomara permalink

    Vilka strapatser! Jag har varit i de delarna av Europa som du beskriver, så det var väldigt intressant läsning. (Som alltdi!) Fast buss har jag aldrig åkt de´är… jo, stadsbuss i Istanbul om ni ska så långt. (Rekomenderas inte.)(Bussarna alltså, Istanbul är intressant.)
    Prag och Budapest är vackra och intressanta, värda en weekendresa minst. Ungern är fantastiskt, dit kan ni gott åka en vecka nån gång, allra minst.
    Ungarna kommer bergis aldrig att glömma denna resan. Jag minns hur nyttigt det var för våra att se annat än bara turistorter, att se hur folk faktiskt lever. Fast vi åkte husbil så det var ju väldigt bekvämt jämfört med er resa!
    Ser fram emot fortsättningen!

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Nå skal eg skriva vidare 🙂

  3. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    Wow……høyrest ut som ein strabasiøs busstur….. God tur vidare:)

    • heidiskriv's avatar
      heidi permalink

      Tusen takk. Nå er me framme i Struga i Macedonia, og er instalerte på eit skikkeleg luksushotell.

Legg att svar til heidi Avbryt svar