Gå til innhald

Ein snartur til Asia

juli 15, 2010

Me starta dagen på takterrassen på det koselege hotellet vårt med å eta frokost i lag med ein veldig koseleg dansk familie som og bur her. Dei hadde akkurat begynt å lesa Knausgård, så det vart ein litterær frokost med kaffi, frukt, jus, oliven, trykisk brød og tyrkisk ost med panoramautsikt over Gamle Istanbul. Det kunne ikkje vore betre.

Agenda for dagen var å ta ferje over til den asiatiske delen av Istanbul. Det var ein koseleg liten ferjesvipp over stredet med litt bevegelse i den varme lufta. Me hadde ein koseleg samtale med ein arkitekt frå USA som bur her for tida på grunn av ein jobb. Det er ein fascinerande del av ein ferie å møta andre reisande til samtalar og erfaringsutveksling.

Då me kom fram, var stemninga akkurat som amerikanaren hadde sagt, «much more relaxed» enn på den europeiske sida. Me vandra rundt i små gater og på marknaden, og sette oss ned og drakk tyrkisk te, sterk te frå små glas på ein liten fortauskafé. Der samla det seg mange mannfolk for å sitja på låge krakkar ved små låge bord med vovne dukar på. Der sat dei og røykte og drakk te medan dei spelte back- gammon. Det såg eigentleg ut til at me hadde teke stambordet til nokon, for alle såg ut til å kjenna einannan og kelnaren rydda vekk teglasa våre mest før dei var tomme.

Det var sympatisk å sjå at dei sette ut kattemat og vatn til dei mange fine villkattane som streifer rundt i gatene, det er kattungar, og vaksne kattar overalt. Kattungane vil me helst smugla med oss heim… Me var på ein dyrebutikk der me kunne ha kjøpt ein levande apekatt. Han stakk ei lita hand ut av buret og haldt rundt fingen til Sunniva.

Kjærasten min har ein koffert som held på å gå i stykker og kikka etter ein ny. Me møtte ein veldig energisk koffertselgjer på ein butikk. Han hoppa opp på koffertloket for å visa oss kor solid han var. Då han stod der og nærmast hoppa opp og ned, inviterte han meg og opp. «Please madame, com and join me.» Tenk om eg hadde teke han på ordet, og me hadde gått rett gjennom loket… Etterpå var han framme med lightaren for å bevisa at kofferten ikkje på nokon måte kunne skadast av eld. Han påsto at nå hadde me ein koffert for resten av livet, og at dei som lasta koffertar på flyen ville ta denne først og behandla han mest forsiktig fordi han signaliserte kvalitet. Me kjøpte kofferten.

Gutane i reisefylgjet har av alle ting drege på fotballkamp for å sjå eit av laga i Istanbul spela mot Vikungur som vant cupen på Færøyane i fjor. Høyrest ut som litt rått parti.

Nå skal Sunniva og eg ut og eta. Ho kjenner seg nok tryggast med faren sin to steg bak, men mor kan nok hamla opp med innpåslitne tyrkiske menn ho og. Dei fleste av dei me møter er veldig vennlige og hyggelege, bare så det er sagt. Dette er siste kvelden i ferien vår. Vekene har gått utruleg fort. I morgon er det heimreise ved hjelp av Baltic air.

Heidi

2 kommentarar
  1. Liv Thorhild's avatar
    Liv Thorhild permalink

    Kjære Heidi, Dine refleksjoner over ferien i Makedonia var gode å lese. Har kjent meg igjen i mangt og humret med meg selv her jeg sitter. Du har øyne som ser og et godt hjerte. Takk! Hils kjæresten, Sunniva og Hallvard. Beste hilsen med ønske om en fortsatt god sommer. Liv Th.

    • heidiskriv's avatar
      heidi permalink

      Tusen takk, Liv Thorhild. 🙂 Det var eit spennande møte med Macedonia som har gjort inntrykk på meg. Det var kjekt å møta dykk og Ha ein framleis god sommar og hels familien.

Legg att svar til heidi Avbryt svar