Gå til innhald

She looks like an angel…

juli 15, 2010

Sunniva og eg har hatt ein vellukka jentekveld. Første kvelden var me på ein restaurant i nabolaget her, som me hadde fått anbefalt. Maten der var heilt nydeleg, så me hadde bestemt oss for å gå dit igjen.

«Table for two or four?» spurde kelneren. «Two, please,» sa me. «But where is father and brother?» Me fortalde at dei var på fotballkamp, noko som vakte applaus. Imponerande kor godt folk hugsar, det er vel ein del av gamet. Me fekk eit lite bord, to behagelege stolar, og bestilde «Kebab islim», fordi det såg godt ut,- kjøt med auberginer og ris. Først fekk me nydeleg tyrkisk brød med oliven i olje med appelsinskiver. Me var svoltne og åt opp alt brødet, så dei kom smilande med meir brød.

Så kom hovudretten. Eg såg på ansiktet til Sunniva at det ikkje var heilt som ho hadde tenkt seg, og då eg smaka på mitt, skjøna eg korfor. Det var veldig kraftig smak på maten, auberginane var gjennomtrukne av olje, og kjøtet som me trudde var oksekjøt smaka meir som lam, med ganske kraftig smak. Sunniva såg heilt ulukkeleg ut, ikkje først og fremst fordi ho var skuffa over maten, men fordi det var så flaut å ikkje eta opp. Eg åt mitt, og ho åt risen og omtrent halvparten av det andre. Då me bad om rekninga, kom hovudkelnaren: «I will have to ask you, didn´t you like the food» Sunniva ser litt skuldbetynga ut, men svarar klokt: «It was not exactly like the food I´m most used too, and I ate so much of this good bread before the dinner…» Ikkje alltid lett  å vera verdensdamer.

Men ho klarer seg ute i verda. I dag var me på ein liten butikk og kjøpte tyrkiske såper. Ekspeditøren viste Sunniva ein boks med hudkrem: «This is an antifreckles-cream…» Sunniva: «Yes, but I like my freckles!» Ekspeditøren: «Yes!»

Elles så markedsfører dei unge tyrkiske mennene seg, og produkta dei vil selgja, på ein ganske sjarmerande, om enn til tider litt masete måte. Ein mann utanfor ein restaurant henvende seg til Sunniva: «Where is father tonight?» Dei må ha lagt merke til denne fyren som alltid går to steg bak dottera… «Where are you from?» «Oh, Norway? I have been watching you, and I have thought where do this sweet girl come from, but I did not think of Norway. Please come and sit down and have a coffee or a glass of beer, I want so much to get known to you…»

Og når me passerer to tyrkiske gutar som står og snakkar med kvarandre, slår den eine plutseleg om til engelsk «Oh, she really looks like and angel. Dette må vera staden for folk som treng å få løfta sjølvtilliten eit lite hakk. Eg må innrømma at i går då eg var ute ein tur aleine så tenkte eg i det eg møtte parfymeselgjar nummer tre at det må faktisk kjennast litt befriande å gå rundt i nikab slik at ingen ser meir enn auga dine i det du passerer, men det er ikkje sikkert det nyttar.

På veg heim kom me over ein utekonsert med gratis entre. Kjempetøff musikk og flott mannleg vokalist. Av en eller annan grunn høyrest tyrkisk omtrent ut som dansk når det blir sunge. Nå skal me sjå litt film før gutane kjem heim.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: