Gå til innhald

Sommarsjel

juli 21, 2010

I hovudet mitt luktar sommarferiar av gras, mold, tjøre, nivea og kvitmaling. Det siste er eg heilt sikker på, sjølv om det ikkje har lukkast meg å finna bevis på at kvitmaling luktar annleis enn annan maling. Kjærasten min malar akkurat nå, med kvit maling faktisk, så alt er i sin skjønnaste orden. Han malar veggene omkring meg her eg sit og skriv i det nye arbeidsromet vårt som me måtte inn i før det var innflytningsklart, fordi den førre eigaren var overmogen for eit byte.

Og eg er bare innom såvidt, eg har mat i omnen. Blomkålsufflé med heilt ferske blomkål, slik eg lærte å laga det på heimkunnskapen på ungdomsskulen av Maren Svare ein gong for lenge sidan. Det var på den tida buksene var så tronge at ein trong hjelp for å dra opp glidelåsen, og på den tida platåskorne var så høge at buksene var ti cm for lange utan sko. Den gongen sa Maren at ho alltid var glad når ho fann ein larve eller eit insekt i eit blomkål, fordi det var eit teikn på at det ikkje var giftbehandla.

Me var innom på Ikea og kjøpte fire nye bokhyller, så her skal det bli alle gode moglegheiter for system på system. Medan me var der stod plutseleg ein sommardag sommaren 1986 heilt klart for meg. Me var i ferd med å innreia vårt første hus, og måtte handla eit og anna for å bli klare. Odd Christian skulle fødast i august, og me skulle laga barnerom. At han måtte heentast ut med makt i september, to veker for seint er ein annan historie, men tid har han framleis eit avslappa forhold til.

Det som var historia for i dag er at eg hugsar me kjørde innom eit grønsaksutsal og kjøpte heilt ferske grønsakar etter at me hadde handla inn til babyromet. Og så reiste me heim og laga ein heilt fantastisk grønsakslasagne med masse selleri i, og eg hugsar nøyaktig korleis det lukta og smakte. Derfor måtte me bare innom eit gardsutsal i dag og for å kjøpa selleri, kålrabi, tomatar, persille og blomkål. Dei såg så gode og ferske ut at eg ville rett heim og koka.

Og tenk så merkeleg at ein dag for 24 år sidan plutseleg står for deg som om det var i sist veke. Det kjendest så nære den spente forventninga av å mala barnerom og venta sitt første barn. Nå er barna våre snart like gamle som me var då. I alle fall nokre av dei. Det er så vakkert her i det landet me høyrer heime i. Vakkert sjølv i regn, men kanskje det er i kveld sommaren skal koma. Markblomane blømer så fint, og eg har kjøpt fleire blomsterpotter på Ikea. Eg har framleis små planter som treng å koma i skikkeleg jord. Pottene var på halv pris, for andre er truleg ferdige med den slags arbeid for i år.

Nå skal eg sjekka gratengen og trilla ut rundstykke med bakepulver. Det eigentlege arbeidsprosjektet mitt i dag var å rydda litt i flytterotet, så det får bli neste omgang. På radioen sender dei frå jassfestivalen i Molde. Det er fint. Og katten liker viss ikkje malingslukt, så eg får kontorstolen for meg sjølv…

Heidi

6 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Nä du, här är en till som inte är färdig med sånt jobb! 😉

  2. heidi permalink

    Det er bra at me er to. Du och jag, Tinto 😀

  3. Spania-hild permalink

    Hei igjen! Igår hadde eg mange gode timar på stranda…. og blei massert av ei nydeleg ung jente på 21 år, mor til to barn (eitt og to år gamle) og gravid igjen. Ho og mannen hennar er råka av den arbeidsløyse – og sel tenester på stranda. Ho masserer og han sel kald drikke….. Massasjen gjorde meg godt, ho meinte andletet mitt såg ut som ein engel….. Det var eit sterkt møte på stranda..

  4. heidi permalink

    Møta mellom menneske gir ofte dei sterkaste ferieminna. Hadde nokre sterke møte i sommar eg og. Er du på e-post der nede? Lyse eller den kommunale?

  5. Spania-hild permalink

    Lysemailen, pliiiis 🙂

  6. Heidi permalink

    Ok 🙂 Nå har eg vore utan nett i fire dagar, sender deg ein mail i dag eller i morgon. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: