Gå til innhald

Mitt nye liv skal begynna

juli 20, 2010

i ein glidande overgang sjølvsagt, med meg er det meste glidande overgangar, trur eg. Men året mitt som freelanceskribent og forfattar bør helst begynna litt nå, for eg har to oppdrag som skal vera ferdige i løpet av august.

Første trinn er å installera seg litt på ny her i heimen. me er innei ei omrokkering av rom, noko som inneber rydding og kasting og bering og rigging. Spesielt det med kasting er eg kjempedårleg på. Eg har for eksempel papir med idear og utkast til manus som eg har hatt liggande i tretti år. Når er det klart til kasting, kanskje i dag, eller kanskje i morgon, eller kanskje eg vil angra resten av mitt liv om eg kastar det. Det er mange val ein skal ta i eit gjennomsnittleg liv, og nokre av vala tek lang tid.

Men takka vera ein overivrig ygsteson som vil ha fortgang i slike prosessar, så er eg nå på nett i det nye arbeidsromet, mitt, og det kjennest bra. Meir utfordrande er haugane i stova og på det gamle arbeidsromet, men dei kjem eg vel i mål med etterkvart.

Eg har lese mange bra bøker i sommar, som eg skal fortelja meir om seinare, og i krukkene mine blømer det som bare det. Magnoliatreet slepper blad allereie, men i følge far min, som er flink med slikt, treng det ikkje bety noko gale. Kattane vil helst ligga på eit fang og mala, så dei har nok sakna oss.

Juliregnet øser ned i bøtter og spann, og gjer at ein ikkje treng å vurdera å bruka tid på å legga seg flatt i sola, men då eg og Astrid var ute og gjekk ein lang kveldstur i går, velsigna kveldssola åkrane og markene. Me hadde sol i to timar og ikkje ein drope med vatn, og det var så fint å koma seg ut.

Og eg har ein liten draum om komande dagar i ei stove utan flyttekassar og store mengdar kjøkken som ventar på å bli montert. Ein draum om ryddige rom, god plass og lukta av nysteikt brød. Enn så lenge så koplar eg glatt til den brannfarlege kaffitraktaren og set ein pakke knekkebrød på ein eller annan pappkasse om nokon ringer på. Velsigna vere livet.

Jordbæra smakar som norske jordbær smakar, og kontrasten til tørre støvete bygater i Istanbul er stor. Heldige oss som har sjanse til å oppleva mangfaldet. Ha ein god sommardag, alle saman.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: