Gå til innhald

Strek- og andre tankar

juli 27, 2010

Eg abonnerer på eit tidsskrift som heiter «Strek». Agendaen for magasinet er å vera » et uavhengig og tverrkirkelig magasin, som ønsker å fordype seg i hva det vil si å følge Jesus Kristus på 2000-tallet». Dagen min har starta med å lesa siste nummeret av Strek, og som vanleg klarte eg mest ikkje å legga det vekk. Det som står der er ofte ting som går direkte til både hjarte, erfaringar og tankeverksemd. Det er og ei styrke at dei lar ulike stemmar koma skikkeleg til orde rundt det same temaet, slik at forfattarar med ulik ståstad og ulik erfaringsbakgrunn balanserer kvarandre og teiknar eit meir fullstendig bilete at noko som kan vera komplisert og mangefasettert. – Og nå fekk eg det viss til å høyrast litt lite tilgjengeleg ut, ser eg. Det var ikkje meininga. Eg meinar det er lesestoff som er eigna til å engasjera uansett kva ståstad ein måtte ha både på den eine og den andre måten. Her er det menneske som skriv om ting dei brenn for, og her er det plass for både sterke meiningar, tvil og undring.

Noko av det mest velsigna med sommaren, er at ein får tid til å lytta. Tid til å lesa, tenkja, høyra radio, lytta til musikk,  sjå filmar, observera livet – både det ukjende og det ein kjenner i frå før, og ikkje minst; ha tid til å leita fram dei gode og viktige samtalane, og verkeleg lytta til det den andre seier. Dette med å ta seg tid til å lytta er ein av dei tinga eg svært gjerne vil bera med meg gjennom heile det komande permisjonsåret mitt. Det å lytta og det å uttala seg burde vera tett knytta opp mot einannan. Eg håpar at eg har tid til å lytta så mykje at eg har noko fornuftig å seia når eg sjølv skal finna orda, med stemmen eller på tastaturet. Eg håper og at eg skal vera open nok til verkeleg å lytta etter Gud sin stemme, både gjennom dei kanalane eg allereie har nemnd og på andre måtar. Som det står i den gamle bedehussongen: «Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn.»

Dette kan kanskje sjå svermerisk ut, ser eg. Men for meg kjennest det veldig grunnleggande og jordnært. Det å formulera verkeleg viktige ting er vanskelegare enn å formulera viktige ting. Og nå stoppar eg her, før eg rotar dette til til å bli heilt utilgjengeleg.

Den nye dagen er her forlengst. Eg skal skriva, rydda, lytta og leva. Eg skal lena meg mot sommaren og sjå kva som skjer.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: