Gå til innhald

Miro og alle oss andre

juli 27, 2010

Me er tre damer på tur. To svigerdøtre og ei svigermor. Eva Mari sit stødig bak rattet medan eg leitar etter rett hol å stikka inn sikkerheitsselen i bak i bilen.  Av ein eller annan grunn ser eg for meg reklamen for Dagbladet, eller var det kanskje VG der to eldre damer kjører i ca 40 kilometer i timen for å kjøpa avis på næraste nærbutikk. Det fine med familie og vennskap er at ein får oppleva kvarandre gjennom vekslande tider og kår, som det står så fint i songen. Desse damene har eg kjend i 27 år nå, heilt sidan Eva Mari og eg begge var unge svigerdøtre frå vestlandet og svigermor framleis var yrkesaktiv og framleis plukka eple med håv frå det høge epletreet i hagen for å koka store mengdar eplemos av frukta.

Det er ein fin julidag og veret er utrygt for regn, som det heitte i vermeldinga i gamle dagar. Me er på veg til Høvikodden for å sjå Miro-utstillinga på Hennie- Onstad-museet.  Svigermor er ikkje lenger heilt god til beins, men kunst er ho glad i, og det er me og.  Me finn pareringsplass for bilen, og får slått fast at det er gratis å stå der på sundagar. Så går me langsomt opp til museet.

Utstillinga er fargesterk med mange skultpurar. Eg kjenner Miro bare frå bileta hans, og let meg begeistra. Guiden er engasjert og interessant å høyra på, men det er vanskeleg for svigermor å høyra, så eg prøver å oppdatera henna. Eva Mari spring og hentar ein samanleggbar krakk slik at svigermor har noko å støtta seg på, og kan setja seg ned om det blir lenge å stå. Det er mest like interessant å observera resten av publikum. Dei er usedvanleg fargerike, svært mange av dei ville lysa godt opp på gata i den vesle heimbyen min. Nokre er på alder med svigermor og dei yngste er eit heilt ungt par, jenta har fargerike tights og stråler av forelsking og eit anna indre lys. Dei kan ikkje la vera å kyssa einannan sånn innimellom. Folk smiler overberande, og eg hugsar at slik var det å vera meg ein gong i tida. Og på ei trapp sit sanneleg Elise og Tom frå heime. Dei ropar og vinkar og me utvekslar ferieklemmar.

Det er fascinerande at ein vaksen mann kan teikna knallgule og knallblå hodefotingar på ein måte som gjer han til ein berømt kunstnar for all framtid, og det er fascinerande at han som gammal mann lærte seg å veva. På utstillinga hans er det eit gigantisk vove teppe, som han laga, rett nok med litt hjelp av ein assistent då han var 87 år gammal. Like gammal som svigermor er nå. Guiden gjer oss merksame på at konstverka hans, som ofte blir beskrivne som leikne og glade og kan sjåast på som politiske. Han protesterar mot samtida si og Franco sitt Spania, og ikkje minst protesterer han mot vondskapen og det manglande menneskeverdet. Plutseleg ser eg det. Eg ser at klovnar av stålstenger og grytelok på same tida er barnslege glade klovnar og skjerande skrik mot tilveret.

Etterpå blir det kaffi og føremiddagsmat. Me hentar kaffikoppar, tallerknar med mat og glas med vatn frå kafeterian til eit av kafeborda ute på gangen. Svigermor betalar. Me sit lenge og pratar og ser på menneska. Ein liten mann med hatt, ei tysk dame med sterke meiningar og alle dei andre. Så heng me den samanleggbare stolen tilbake på stativet. Det regnar ute nå. Me kjører svigermor heim og dreg til ein tyrkisk grønsaksbutikk. Eit par timar seinare ringer me på døra hennar med varm lasagne og to store skåler med salat.

Heidi

From → Gode venner., Mat, Reiser, Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: