Gå til innhald

Ligretto stopp!

august 3, 2010

Me er vanlegvis ikkje dei store spelarane her i huset. I alle fall ikkje når det gjeld kortspel og brettspel.  Men då me var austpå sist helg, introduserte Odd Christian oss for kortspelet Ligretto. Det er ein spesiell type kortspel, og kvar eske har kort til fire spelarar. Me utvida til å kjøpa ei eske til i ein annan farge, og dermed kan me spela åtte spelarar på same tida.For å vinna i Ligretto må du vera lynrask i reaksjonane, og du må vera flink til å ha overblikk.

Eg ville jo lika å tru at eg er ganske trent i begge deler etter 25 år i skulen, men nå når heimen er i Ligrettofeber, og det blir spelt seint og tidleg, må eg bare innsjå at slik er det ikkje. Særleg sønene i huset er så godt som heilt umoglege å slå. Spesielt Halvard har teken på dette. Han vinn så godt som kvar einaste runde han er involvert i.

Og eg lurer sjølvsagt på kva dette kan koma av… Eg nektar sjølvsagt å tru at reaksjonsevna hos ei oppegåande dame på førtini er dømd til å vera lenger enn tilsvarande hos ein gut på snart sytten… Slike forklaringsmodellar kastar ein fort overbord… Så kjem eg til å tenkja på alle timane han har sitte med dataspel som fordrar nettopp lynraske reaksjonar og raske overblikk. Kanskje slike spel fører noko godt med seg likevel?

Eller kanskje eg rett og slett må leva med at eg er litt treig av meg… Sjølv om eg altså hadde kallenamnet Lynvingen då eg var femten år… Ein god og tålmodig tapar er eg i alle fall. Det skal eg ha. Målet mitt har etterkvart blitt å ikkje bli aller sist, eller å ikkje avslutta med minuspoeng… Men i følge Odd Christian så er ein god tapar ein tapar… Og ikkje nok med at eg spelar mot dårlege taparar, nokre av dei er ikkje heilt gode som vinnarar heller…

Så om du tilfeldigvis stikk innom dørene her ein av dagane, så ikkje bli overraska om du blir invitert me på kortspel. Det har skjedd med opptil fleire besøkjande den siste veka… Og Halvard og eg ser på Beatlesdokumentarar om nettene når dei andre har lagt seg etter å ha summert poenga sine. Eg prøver å lura døgnet for timar, i verste fall lurer eg meg sjølv. Innimellom er det rydding og bering, det er mykje arbeid med å pussa opp. Ikkje set i gang med slikt utan å ha gode grunnar…

I dag kom eg meg likevel tidleg opp og har jobba med salmen eg skal skriva på oppdrag. Eg har eit nokså bunde mandat, og det er ikkje lett å få det som eg vil. Eg skriv, raderer, tenkjer, skriv, forandrar, raderer og ber til Gud om hjelp til å få fram det eg gjerne vil formidla. Det skumle med å ta slriveoppdrag er at ein må selga skinn før ein har sett spor av bjørn. Eg trøystar meg med at fram til nå har det gått bra til slutt. Når eg er i god flyt med slikt arbeid, så siglar timane frå meg utan at eg merkar at dei i det heile tatt går forbi.

Det er deilig seinsommar ute. August er ein av mine desiderte favorittar mellom alle desse månadane me går inn og ut av som rom i eit stort hus. Litt vemodig er det likevel at juni og juli allereie har stengde dører. Nå skal me leva august med  alle sansar.

August er det mykeste myke jeg kjenner, denne skjelvende streng mellom sommer og høst, denne duft av avskjed i mine hender…

Heidi

2 kommentarar
  1. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    Lynvingen….? Kem kalte deg det? Eg hatr gitt opp å vinna over Maren når me spelar «Nervøsen» Ho er 10 gonger kjappare enn meg… Klart det har med alder å gjera…..
    Nå er mor her og har laga pannekaker, lagt saman et halvt tonn med klede,reparert tøy og no sit ho og koser seg med strykebrettet…. Eg har baka brød og vaska soverom:) Gler meg til imorgon!! Prøv om du kan finna den palestinske melodien på nettet….eg les ikkje noter….

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Alle gutane i klassen kalte meg Lynvingen, visste du ikkje det? Når dei skulle seia noko til meg innleia dei med «Du Lynving…»
    Det var nesten like innarbeida som Trikken, Låden, Drengen, Vidlasen osv. Har ikkje klart å finna den palistinske melodien, men Sindre Eide har tilbode seg å nynna på telefonen…

Legg att svar til heidi Avbryt svar