Gå til innhald

Og så skal alt på plass.

august 13, 2010

Ikkje på kjøkkenet, for montørane har  framleis ikkje dukka opp. Dei skulle ha starta på måndag, men så fekk me vita at dei var litt forsinka på grunn av sjukdom, me håpa dei skulle koma i løpet av veka, men det har dei ikkje gjort, og i dag fekk me melding om at dei i beste fall kjem i slutten av neste veke. Men her er litt av kvart å gjera, me får prøva å få lagt golv og malt vegger før monteringa set i gang. Eit eller anna støv er virvla opp på kjøkkenet, trur er, for eg er så veldig allergisk når eg er inne i huset. Eg nys i eitt sett, og av og til kjennest det som eg står i fare for å drukna i min eigen snue. Det er verkeleg ein gylden anledning til å trena seg i tålmod. Og respekten min for dei som til ei kvar tid driv med oppussing av eit eller anna rom i huset sitt, er stigande…

Men alt anna skal på plass. Skuleferien tikkar ubønnhøyrleg mot slutten, og for min del er eg nå i gang med planleggingsdagar i kulturskulen. I går kveld, i det me runda midnatt tok eg fram avtaleboka mi, tok ut arka frå forrige skuleår, sette i ein tråd gjennom hola, og la det i skuffa der farne skuleår ligg arkivert. Så tok eg plastomslaget av dei nye arka, og sette dei inn… Eg har vegra meg litt for å gjera det. Det har vore ei sann glede å vera utan avtalebok i sommarvekene. Eg har og hatt eit mykje meir avslappande forhold til mobilen min enn det eg har resten av våret. Det var nærast heilt ok at han ikkje virka i alle landa me var innom i sommar. Men nå er det blanke ark og farjestifter tel. Det vil seia, etter ein dag er dei sjølvsagt ikkje blanke lenger.

For meg er det jo ikkje eit vanleg skuleår eg skal inn i. Det er sjølvaste skriveåret mitt, med bare 25 % vanleg jobb. Men og slike år skal inn i strukturerte former, og det kjennest litt vemodig å gje slepp på den herlege ustrukturerte sommarferien med låg klokkefaktor og få faste avtalar.

Men som eg hugsar frå andre år, det er som å stå på stupebrettet og grua seg litt for stupet og for det kalde vatnet. Du veit at snart skal det omslutta deg heilt på alle kantar, og så skal du symja. Du tek sats, hoppar, og tek vannflata med eit gys. Så tek du til å symja, først med raske og litt febrilske symjetak. Så er du inne i rytmen, og kan knapt nok hugsa at du nokon gong har vore på land. Litt åndsfråverande dreg du pusten, og tenkjer at dette var nå eigentleg ikkje noko å grua seg for. Men ein bør koma seg i seng om kveldane, det bør ein.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: