Alle mine skrivedagar
tek for alvor til i dag. Det kjennest godt.
August har vore på sitt varmaste, mjukaste og vakraste dei siste dagane. Nå blømer rosespireaen, og plommekarten sprengjer mot skalet.
På lørdagskvelden var me saman mange menneske i friluftshuset heilt ute i havgapet for å feira Astrid. Eg skreiv eit dikt til ho. Det kunne kanskje passa å opna «forfattaråret mitt» med å la dykk få lov til å lesa?
To ting kan redda verda,
To ting kan gjera ho varmare,
mjukare og meir avslappa:
Dagane først i august
og damer på femti.
Begge kan by på ro
og klokskap,
noko verda treng
meir enn det meste.
Om bølgene framleis skal slå mot strendene
og strandnellikane bøya seg mjukt i nordavinden,
Om sola skal gå opp og ned,
om kvardagane skal gå rundt,
treng me mogning, styrke, og tålmod.
Med desse to er det langt i frå for seint,
bare roleg på tide
Framleis kan alt skje
om desse to får gjera verda frodigare
og mildare.
kan henda til og med
støare, staare, sterkare og meir sjølvsikker,
Med sine erfaringar om at det meste går
bare ein har tru og evna til å halda ut.
I august openbarer livet seg
meir fylt av frukt og tyngde
enn nokosinne.
Nå får det bare koma
alt som koma skal,
nå har me vent oss til livet,
og drukke oss mette på yr sommar
Me toler ein hausstorm,
Me veit at våren ventar
spirande langs grøftekantane
i overkomelege porsjonar
når ein minst ventar det
om ein har opne auge.
For to ting står støe
som steingardar på Jæren
om livet flokar seg til
og vinden tek i i hardaste laget.
Dagane først i august,
og damer på femti.
Truleg spelar englane saksofonar,
eller i det minste tverrfløyter
Om dei då ikkje rett og slett held seg til harpene sine,
når damer som du blir feira i august.
Og elles så er mange ting nye. Ikkje kjøkkenet endå, men det kjem vel om me bare syner tolmod… Halvard reiste med toget for å starta første året på vidaregåande på Vågen. Sunniva drog glad og fornøgd for å starta andreåret sitt på same skulen. Sjølv skal eg ta i mot dramaelevane og skriveelevane mine i dag. Eg har lova meg sjølv mange og lange timar på skriveromet mitt kvar dag. Det kjennest så lukseriøst. Det blir spennande å sjå korleis dette kjem til å utvikla seg.
«Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet. August er det mykeste myke jeg kjenner. Myk som sorg, og som kjærlighet.» (Einar Skjæråsen)
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, blomar, Gode venner., Natur, Poesi
Vakkert! Eg er glad du er i god gong med skrivinga di! Sjølv har eg ein husbond som fyller år idag – så om du har ledig kapasitet: Me byr på mormorvaflar mm i heimen etter kl 19 ein gong!!
Det har du- Tenkte akkurat på det 🙂 Hels og gratuler. Jobbar i kulturskulen til ca kvart på åtte. Me ser kva me rekk. Kan tenkjast eg hankar med meg min kjøkkenstyrande mann…
Det var fint skrivet till Astrid!
Tusen takk, Tintomara. Damer på 50+ kan ta det til seg dei og!