Gå til innhald

Ödet

august 26, 2010

En stjärnljus natt när du vakar

skal Ödet slå på din dörr,

och söka dig med ögon av sällsam färg

som aldrig någon talat om förr.

Hon sjönk som dogg ur luften,

hon föddes av rymdens famn,

och ingen, ingen har mött hennes blick,

och ingen har givit henne namn.

Til dig är hon kommen ur Intets land,

för dig er hon skapad nu,

och ingen, ingen i tiders tid,

har kysst hennes läppar som du.

Karin Boye

I dag fekk Karin Boye lov til å opna «sendinga» her hos meg. For dei som ikkje kjenner henne, så er det ho som har skrive «Ja visst gör det ont när knoppar brister», og for dei som slit med svensken, så er öde det same som skjebne på norsk. Eg brukar ein del av tida mi på å lesa dikt, både fordi eg finn det veldig interessant, og fordi det eg helst vil bruka dagane på akkurat nå, er å skriva dikt. Eg reknar med at eg vil få masse inspirasjon og sikkert læra mykje av å lesa andre sine dikt. I alle fall gir det meg mykje glede å gjera det. I dag les eg Emil Boyson, som eg i motsetnad til Karin Boye kjenner lite til frå før.

Det eg har latt meg berørast av er skjebnane til desse diktarane Begge to fekk livsløp som var alt anna enn A4. Karin Boye stod etterkvart fram som lesbisk, i ei tid då homofili offisielt sett ikkje eksisterte. Ho var gift eit par år med ein mann, og levde seinare i livet saman med ei kvinne som truleg var sjukeleg sjalu. Karin Boye var heile livet på jakt etter det fullkomne, rette og reine. Idealet hennar var å leva i fullkomen tillit til verda og maktene. «Jag vill möta livets makter vapenlös». Dette viste seg å bli for vanskeleg, og litt over førti år gammal, gjekk ho tynnkledd ut i vinteren, med eit glas tablettar, for å ta overdose og så frysa i hel. Kjærasten hennar gassa seg sjølv til døde året etter. Dei som les dette kan gjera som meg, gå inn på youtube og høyra Karin Boye sjølv lesa diktet sitt om at det gjør vondt når knoppar brister. Første gong eg høyrde dette diktet, var eg framleis barn, og det gjorde djupt inntrykk på meg. Sender ikkje NRK «Ord for dagen» lenger, slik dei gjorde i barndomen min? På den tida vart føremiddagane innvia med eit dikt på radioen, og ein del av dei hugsar eg framleis som ilingar nedover ryggrada.

Emil Boyson var som ung mann ute og reiste. I Berlin møtte han ungjenta Friedel, med lange svarte fletter, som var ute og lufta hunden sin. Ho var noko så eksotisk som hittebarn og «sirkusberiderske». Han vart bergteken og forelska, og dei to gifta seg. Kort tid etter, reiste han til Norge, og ho skulle reisa etter når han fekk råd til å forsørga henne. Det skulle visa seg at det gjekk bortimot eit liv før ho kom. Han levde av å skriva dikt, og hadde knapt nok råd til å kjøpa mat til seg sjølv etter at han hadde send mesteparten av det han åtte ned til Friedel som visstnok pleia adoptivforeldra sine i sirkuset. Slik eg forstår det, var det ikkje før dei nærma seg alderdomen at han fekk hjelp av forfattarforeninga til å skaffa seg ein toromsleiligheit og henta Friedel til Norge.  Biografane undrar seg på om han ikkje vart djupt utnytta av denne kvinna som fekk alle pengane hans, men i Boyson sine etterletne papirer, som han ønska utgitt etter sin død, skriv han om Friedel på ein så  øm, beskyttande og vakker måte at eg mest blir rørt til tårer. For han forblei ho naturbarnet og den vakre jenta frå sirkuset, som han ønska å opphøya til dronning og bera på hendene sine. Ho sat inne i den vesle leiligheiten heile vintrane, medan han skunda seg alt han kunne ut for å kjøpa mjølk og brød slik at han ikkje skulle kjenna seg einsam. Og når ho gjekk ut i hagen ein gong i juni skriv han opprømt og kjærleg om låtten hennar då ho såg fuglar og blomar som ho var så glad i.

Og her i heimen går kvardaglivet sin dansande gang. I dag bestyrer eg ein elektrikar, ein røyrleggjar og to snekkarar, medan eg sit her og skriv. Det ser ut som om kjøkkenet vårt blir ferdig i dag, og det skal bli ein sann fryd etter fire veker utan skap, skuffer og oppvaskmaskin, og etter tre veker utan komfyr og steikeomn. Og fint blir det og, ser det ut til. For å toppa det heile, har me fått brev om at brannvesenet skal koma på befaring i dag. Dei er ute på ein runde og besøkjer alle husstandane i den vesle byen min, for å sjekka brannsikringa. Nå har dei akkurat fem minutt på seg til å koma, dersom dei skal halda tidsavtalen frå brevet om å koma mellom ni og elleve om førmiddagen. Det kan nok henda dei slit litt med timeplanen etter ein verkeleg storbrann her i går, der 500 griser brann inne under ein brann i eit stort grishus. I tillegg vart to røykdukkarar røykskade og måtte fraktast til sjukehuset i legehelikopter. Me møtte fire brannbilar og diverse andre utrykningskjøretøy i går då me kjørde inn til Ikea for å ordna nokre feilleveringar. Eg måtte ringa Ingrid for å forsikra meg om at det ikkje var ei togulukke, ho var akkurat då forventa å vera på toget på veg heim frå universitetet. Me skjøna jo på mengden av bilar at dette var noko meir enn ein husbrann.

Hausten har kome tidleg i år, eg insisterer på at det framleis er sommar sidan me skriv august i ei veke til, men den sterke vinden i går og mengdene med regn den siste veka kviskrar ordet haust. Eg har gått barbeint til nå, men har måtta leita fram eit par ullsokkar til å ha på føtene. Eg må til og med innrømma at eg frys litt her på skriveromet mitt, eg må nok skaffa meg ein omn. I går fekk eg bore med meg heim to tunge bereposar frå biblioteket. Dei skal stengja fordi me skal få nytt fint bibliotek her, og det var ikkje alle bøkene dei hadde tenkt å flytta med seg. Diktsamlingar til fem kroner stykket er det ikkje noko å seia på. Dei fleste såg ut som om dei knapt nok var opna av ivrige lånarhender. Meir lyrikk til folket seier eg lågmælt, og det er nok ikkje mange som høyrer meg.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: