Gå til innhald

Ingvald og Ragna.

september 2, 2010

Eg må først vedkjenna at eg uforvarande har kome med usanning her. Det var ikkje meininga, og nå skal eg prøva å retta det opp…

I går var eg på ei Arne Garborg- samling i 18.etasje i det einaste, og framleis svært nye høghuset her i byen. Det var utruleg flott å sitja der med bortimot panoramautsikt over Jæren med hav og hei. Sigbjørn Reime, ein utruleg flink Garborg-forskar og formidlar, fortalde om ei ny bok han hadde skrive om familien til diktaren, og oppveksten hans. Han fortalde at slikt arbeid var blitt mykje lettare nå som kyrkjebøkene er lagde ut på internett. Den opplysninga slo ned som eld i meg. Fantest det verkeleg kyrkjebøker på internett? Eg har lenge hatt lyst til å gå til kyrkjebøkene for å finna ut meir om familien til bestemor, som eg skreiv om her i sist veke. Det eg veit har vore fragmentarisk. og ein del opplysningar har vore uklare, eller rettare sagt dei har nok blitt det i mitt hovud, for dette er ting eg delvis høyrde om då eg var barn, og ikkje har høyrt så mykje om seinare. Sidan Bestemor ikkje ofte hadde lyst til å snakka om desse tinga, trur eg ikkje nokon av oss som lever nå har visst så mykje meir enn meg. Det å leita i gamle kyrkjebøker, har stått for meg som tungvint og lite tilgjengeleg, men sjå om eg ikkje fann ut av det. Det aller meste av det eg trong låg på internett. Der fann eg kopier av gamle kyrkjebøker i dei sokna der familien haldt til og så var det bare å leita.

Den første usanninga var at dei skulle ha vore ti barn. Eg veit ikkje korfor eg har trudd det, kanskje eg blandar med ein annan av besteforeldreheimane? I kyrkjebøkene finn eg bare åtte barn, så då er det vel kanskje slik det er. Eg må heim til foreldra mine og finna det gamle biletet… Men nå får eg sjå å koma i gang med historia før alle mistar ein kvar interesse. Her kjem altså i korte trekk historia om familien til mormor mi…

I november 1887 gifta Bendiks Endresen Anda, som då var 33 år gammal, seg med den bare 18 år gamle jenta Anna Kristine Assersdotter Anda. Om det vart sett på som heilt naturleg at brurgommen var 15 år eldre enn den purunge brura, veit eg ikkje. I alle fall vart dei gifte, med faren til brura, Asser Asserson Anda, og ein kyrkjesongar, som vitne. Allereie i februar 1888 får dei det første barnet, ei jente som får namnet Teline Edvardine. På Figgen, halvanna mil unna, blir Figgens Uldvarefabrikk stifta i 1889. Her er det arbeid å få, og det blir starta eit heilt lite samfunn rundt denne fabrikken. Det blir bygd arbeiderbolig med både matsal og «fellesbespisning» i kjellaren, og etterkvart opnar dei ein eigen skule for arbeidarane sine barn. Her blir det undervist på riksmål, som seinare skulle utvikla seg til bokmål, medan bondeungane i området les landsmål (nynorsk). Eg har blitt fortald at dei vaksne i den vesle familien gjekk til fots til Figgen,  medan flyttelasset, og sikkert veslejenta og, var på kjerra, som dei hadde lånt ein hest til å dra.

Det ser ut som om det ikkje kom fleire barn i familien før Teline var fem og eit halvt år. Då vart dottera Inga fødd, og bare litt over eit år seinare fekk dei ei jente dei kalte Amanda. Margit, som skulle bli åtti år gammal, og «Moster» for to generasjonar barn, sidan ho sjølv forblei ugift, vart fødd halvanna år etter dette, i juli 1896. Då hadde Teline rukke å bli åtte år. Så gjekk det igjen fem år før neste familieauke. Alfhild vart fødd 25. mai 1901, og Borghild som skulle bli mi mormor, vart fødd i september 1903. Den 24. september, to år seinare, fødde Anna Kristine tvillingar, ein gut og ei jente. Guten, som vart den første sonen i familien, fekk namnet Ingvald, og jenta blir døypt Ragna. I familien har dei nå åtte barn, eldstejenta er 17 år gammal. Om det var stor glede over å endeleg ha fått ein son, veit eg ikkje. Det kan tenkjast at sjukdomen allereie prega familien, eller kanskje var alle framleis friske og uvitande då tvillingane var nyfødde…

Den 1. november same året mistar dei vesle Alfhild, som døyr av tuberkolose, fire og eit halvt år gammal. Margit, grandmoster mi, snakka mykje om Alfhild. Det virkar som om ho var spesielt knytta til denne fem år yngre systera. Ho fortalde meg fleire gonger at  «Du æ så lige u litla Alfhild vår. Hu va akkurat sånn så du Heidi.» Då ho sa dette så bestemor høyrde på, svara bestemor: «Ja æg høyre du seie dæ, men æg kan ikkje husa na». Truleg har fleire av ungane vore smitta, for 2. desember, bare ein månad etter, mistar dei to barn til, det er Amanda som døyr ein månad før ho skal fylla 11 år, og den vesle guten som då er litt over to månadar gammal. Tvillingsyster hans døyr dagen etter… Det var dette dei snakka om då dei sa at Bendiks hadde tre lik i stova samtidig, og mor hugsar at dei føygde til, » Og endå gjekk han på arbeid…»

Om mor deira var sjuk då desse tre barna vart gravlagde 9.desember, veit eg ikkje. I fylgje moster vart tvillingane gravlagde i same kista. Oldemor levde ikkje meir enn halvannan månad lenger enn desse tre barna sine. Den 23. januar døydde Anna Kristina av tuberkolose, eller tæring, som det står i kyrkjeboka, 37 år gammal. Borghild, som altså skulle bli bestemor mi, var då framleis ikkje to og eit halvt år gammal. Eg har forstått det slik at eldstesystera Teline, tok seg av henne dei første åra, og då ho gifta seg med Birk Torgersen Ravndal på Ålgård, bur vesle Borghild hos henne nokre år. Før ho rekk å fylla fem år,døyr ei til av storesystrene storesyster hennar, Inga, fjorten år gammal. Ho døyr av tuberkolose slik som dei andre syskena. Nokre månadar seinare, får Teline og Birk ei eiga lita dotter. Ho blir fødd i juli 1908, og merkeleg nok  kallar dei henne og for Borghild. Borghild Amanda, står ho skriven inn som i kyrkjeboka, så det ser ut som om Teline har kalla henne opp etter to av systrene sine. Teline får så tuberkolose og døyr ho og, frå dotter si, og frå den vesle systera som ho tek seg av.

Bendiks står att med dei to døtrene Margit og Borghild. Margit får ein augesjukdom og held på å mista synet. Ho ligg lenge på sjukehuset og mistar eit heilt skuleår. Då ho kom tilbake. sa læraren at ho ikkje trong gå om att, for ho visste like mykje som dei som ikkje hadde vore sjuke. Borghild, bestemor, har fortald meg mykje om barndomen sin saman med far sin. Ho sa ofte, «Mor hadde eg ikkje, men eg hadde enn duale jille far.» Om barndomen sin fortalde ho meg mykje, men det får det eventuelt bli tekst om her ein annan gong.

Sjølv om dette er fjern historie, som eg aldri heilt har fått taket på, så kjennest det viktig for meg å prøva å setja meg inn i denne situasjonen. Det kjennest som om det framleis går nervetrådar frå denne historia heilt inn i min generasjon og kanskje endå lenger. Kva folk måtte leva med på denne tida… Eg skulle ønska eg visste endå meir. Eg er redd for at alle dei som veit noko særleg meir enn dette om denne historien er døde alle saman nå.

Heidi

4 kommentarar
  1. Borghild permalink

    spennande og interessant. men veldig trist … 😦

  2. heidi permalink

    Ja, veldig trist. Eg levde meg veldig inn i det då eg sat og nøsta opp i går. Men det ville vera verkeleg spennande å vita meir om det som ligg mellom datoane i kyrkjebøkene.Korlesi var det for Anna Kristine å bli gift atten år gammal med ein femten år eldre mann, flytta til Figgen og få åtte barn, og så oppleva å sjå fire av dei døy før du sjølv bukkar under for tuberkolosen. Korleis var livet hennar, liksom? Og eg fekk viss aldri høyra så mykje om korleis ho var som mor. Bendiks veit eg meir om.

  3. Torhild permalink

    Spennande å lesa…… Dig on!

  4. heidi permalink

    Det skal eg. Kva gjer du i dag, Torhild?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: