Gå til innhald

Om diagnosar og sånn

august 31, 2010

På siste dagen i august sit eg her og reflekterer litt over dette med diagnosar. I dei åra eg har jobba i skulen, har det omtrent eksplodert med diagnosar. Elevar kjem med bokstavar og namn på tilstandar som til dels omtrent ikkje ein gong var oppdaga då eg utdanna meg tidleg på 80-talet. Til å begynna med kjende eg ei viss vegring mot alle desse diagnosane. Kva skulle me nå med alle desse båsane, og skulle ein driva og medisinera barn med særpreg for å få dei til å bli meir A4, og for å få det til å bli rolegare i klasseromet?

Men etterkvart har eg endra innstillinga, som eg forøvrig ikkje flagga veldig høgt verken då eller nå… Eg ser at ein del barn med diagnosar har fått ein betre kvardag når me skjøner korleis verda ser ut for dei, og når dei eventuelt får medisiner som gjer at dei betre kan styra forstyrrande impulsar og sanseinntrykk. Når dette er sagt så er eg veldig sikker på at me ikkje må la diagnosane vera det første og mest tydelege bilete me har av barnet. Det kjennest ikkje rett å snakka om «Aspergaren i fjerde klasse» eller «alle bokstavbarna på sjette trinn.»

Eg er sikker på at svært mange diagnosar framleis ikkje finst. Det ville jo vera merkeleg om me akkurat nå i dette tiåret plutseleg hadde fått alt på bordet. Eg er for eksempel sikker på at eg sjølv lid av det ein kunne kalla «dys-spatiali». Det vil seia manglande evne til å orientera seg i romet og til å finna fram. Stadsansen min er katastrofalt dårleg, og om eg ikkje går meg villt i nabolaget, så skal eg ikkje mange gatene unna før eg kan prestera å gjera det. Eg har venninner eg besøkjer jamnleg, og kvar einaste gong rotar eg rundt i gatene og leiter meg vegen fram.  Andre i min familie har det heilt likt, så det er truleg ei arveleg greie. Kva vil ein framtidig diagnose kunna tilføra oss? Retten på gratis GPS? Støttetimar i å finna fram?

Eg reagerer og på måten fokuset blir festa på overvektige barn akkurat nå. Eg hadde sjølv vektproblem frå eg var ca seks år til eg var ca ni år. Eg bare veit at om eg var blitt henta ut av ein lærar til det å springa rundt i gymsalen med andre overvektige barn, medan klassen min hadde norsk eller historie, så ville eg ha opplevd det heilt forferdeleg.  Det ville ha kjenst både stigmatiserande, urettferdig og audmjukande. Denne tanke-erfaringa, for det var heldigvis ingen som tenkte på slikt då, så eg slapp Gudskjelov unna, er med på å få meg til å tenkja med varsemd på kva me gjer når me set i gang ulike støttetiltak for ulike ungar.

Grunnen til at eg sette i gang med å skriva dette innlegget, er at eg akkurat nå les dikta til Gro Dahle. Ho er ei fargerik, morsom, flink og kreativ dame omtrent på min alder. Eit av kjenneteikna hennar er to muntre musehalar på hovudet og eit stort strålande smil. For to år sidan stod ho fram og fortalde at då to av barna hennar fekk diagnosen Asperger syndrom, skjøna ho at ho og hadde dette syndromet, og ho fekk medhald frå fagfolk i at ho verkeleg hadde denne diagnosen. På You-Tube fann eg ein podcast frå eit program i radioen der ho held eit lite foredrag om seg sjølv og diagnosen sin. Det er både interessant og lett å finna fram til, viss andre har lyst til å høyra. Asperger syndrom blir og kalla «Professorsyndromet», fordi dei som har det har spesialfelt som interesserer dei veldig, og dei har ofte veldig høg IQ. Eit anna kjenneteikn er at dei slit med det sosiale samspelet mellom menneske. Ho framhevar mange kjende personar som truleg har hatt Asperger, eller som verkeleg har fått diagnosen. Ein av dei er Bill Gates. At vår eigen Arne Garborg skal ha hatt diagnosen, må eg tygga litt på. Eg får det bare delvis til å stemma når eg koplar dette til alt eg veit om han. Men for å seia det med eit  godt jærsk uttrykk: «Va de`kje dæ sama kæ an hadde?»

Kva eg vil med denne teksten, då mon tru? For det første bare tenkja litt høgt, og for det andre å hevda at me må ikkje hekta oss så mykje opp i ein eventuell diagnose at me gløymer å sjå på mennesket bak. Me er alle uendeleg mykje meir enn alle dei diagnosane me eventuelt måtte ha… Og kva kunne vel passa betre enn å la Gro Dahle avslutta denne økta?

Han sa: Ikke

med

fornuften

men

med månen

i munnen

skal

du lese

teksten

den

er

åpen.   (Gro Dahle)

Ha ein fin dag med eller utan diagnosar og bokstavar!

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Intressant text (som alltid) och särskilt för mig som arbetat med barn inom autismspektrat.
    Jag har också rätt stor erfarenhet av ADHD, redan på den tiden det kallades MBD. Om medicinerne tycker jag ungefär som talesättet om parfym: Det är bra att de finns men synd att de ska behövas!
    Visst bär det emot att stoppa kemikalier i barn – men om alternativet är att de ständigt befinnersig i konflikt med tillvaron får man nog ändå se det som nödvändigt. Annars riskerar vi att deras skoltid blir helt förspilld, och det är inte lätt att ta igen! Därmed inte sagt att det inte finns många andra åtgärder för att göra tillvaron lättare för dem. Små klasser, lugn miljö, måttligt med stimulans, väl förberedda förändringar, minimerande av störningar etc etc.
    Ha en fin dag du också!

  2. heidi permalink

    Er så einig med deg. (Som alltid)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: