Gå til innhald

Min alder

september 15, 2010

Eg er ikkje mellom dei som normalt er veldig oppteken av alder. Eg trur at eg er jamnaldrande med dei som er femten år yngre, og tenkjer ikkje over det når eg har venner som er både ti og tjue år eldre. Men nå i dei siste vekene, tek eg meg i å undra meg over kor fort åra går, og kva for ein turbofart det er på eit liv. Dette blir kanskje ekstra tydeleg når eg set meg ned for å skriva. Sist eg hadde eit år med mykje fokus på skriving var for ni år sidan, og i mitt hovud var det for veldig kort tid sidan. To gonger i livet mitt gav eg ut ei diktbok på eit nokså kjend forlag. Då var eg 25 og 27 år gammal. Dei sa at eg var ein ung debutant. Og visst har eg skrive, eg har skrive og skrive heile livet, men ikkje hatt tid til å ha veldig stort fokus på det, og nå fyller eg plutseleg femti år om mindre enn eit år frå nå. I mellomtida har eg levd i andre rom. Midt i livet og midt i alt det som godt er. Eg har skrive salmar og musikalar, songar, historiar og eit og anna dikt.

Eg oppdagar at det eg har lyst til igjen er å skriva ei diktsamling. Og det held eg på med, men at det er tjueto år sidan eg stod der med ei diktbok i handa, pakka ut av ei øskje frå forlaget, som eg hadde henta på Bryne postkontor, det klarer eg ikkje heilt å forstå. Og den gongen då eg var 25 år gammal, skjøna eg ikkje heilt kor stort det var å gje ut dikt, eg ante ikkje kor vanskeleg det var. Sist eg prøvde på det, for ni år sidan, kom eg nesten gjennom på same forlaget, men så kom dei med kontrabeskjed på grunn av forlagsøkonomien. Eit av dei store forlaga sende eit positvt brev, men sa at det å gje ut dikt, var så dårleg økonomi at dei bare kunne gje ut eit par diktsamlingar i året, og då vart det dei mest etablerte som slapp til. Eg har ikkje problem med å forstå det argumentet.

Og eg er slett ikkje sikker på om eg slepp til denne gongen heller, men det har opna seg så gode moglegheiter til å laga ting heilt på eiga hand og trykka opp, så diktbok skal det bli uansett. Det eg har lagt ut her av og til, er råmateriale som eg skal polera og slipa, forkasta eller ta med. Her kjem tekstane spontant og utan for mykje filter, for dette er jo min eigen private kanal der eg skriv akkurat det eg vil, og alt treng ikkje å vera så strigla… Sjølvagt må eg innrømma at det er litt stas med eit etablert forlag, nålauga til kulturrådet, og det å bli innjøpt til biblioteka i landet… Men eg ser jo at svært få både kjøper og låner dikt på biblioteket, så noko stort marked er det heilt openbart ikkje.

Og så var det det med alder då. Eg tek meg sjølv i å vera manisk oppteken av kor gammal forfattaren var då han skreiv det eine eller det andre diktet. For å vera ærleg sjekkar eg det ut kvar einaste gong… Akkurat som alder var essensielt for det å skriva. Plutseleg er det veldig interessant kor gammal Sigrid Undset var då ho skreiv Kristin Lavransdatter, og kor gammal Ibsen var då han skreiv Peer Gynt.  I beste fall har eg framleis halve livsvegen framfor meg, men når eg ser kor fort den første halvparten har gått, så er til og med det eit skremmande tanke. Det er ikkje for ingenting at det står noko i bibelen om å læra å telja dagane sine og få visdom i hjartet. Piet Hein seier det så oppmuntrande og fint: «Tar du livet som det faller, går du gennem livets haller, alltid i din beste alder.» Som eit merkeleg samantreff las eg i går at Tove Ditlevsen ein gong hadde det dei i den engelske teksten eg las, kallar «a love affair» med nettopp Piet Hein.

Tidlegare i veka lova eg å koma tilbake hit med eit av Tove Ditlevsen sine dikt. Diktet eg har vald ut omhandlar nettopp dette med alder. Og for ordens skuld; Tove Ditlevsen var 38 år då dette diktet kom ut i samlinga»Kvindesind» i 1955…

Vor alder.
– og alt hvad vi nu kan gøre
er gjort for længe og tit,
vor alder nærmer sig sagte
med ubønhørlige skridt

Ungdomen vared for længe,
og ingen har sagt hvornår
den falder fra vore skuldre
med alle de levede år.

Vår alder stirrer på os,
og muligt er den en ven?
Men ingen har sagt hvorlænge
vi nu skal følges med den.

Den er som en færdigsyet
og alt for rummelig dragt
foret med gamle minder
og ord vi engang har sagt.

Vi ved at den ikke klær os
og sent vil bringe os fred,
for der lever en alder i os
vi aldrig blir færdige med.

Tove Ditlevsen

Heidi

From → Bøker, Poesi, Skriving

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: