Gå til innhald

Eventyrdama!

september 26, 2010

I går hadde eg eit oppdrag utanom det vanlege . Det var eventyrdagar i nabobyen som byjubilerer i år. Først ute i familien var Sunniva, som saman med dramaklassen sin hadde ei eventyrforestilling i ein skog. Barne gjekk gjennom skogen og på ulike postar såg ei ulike scener frå kjende eventyr. Sunniva var ein av dvergane, og var med på å spela Snehvit sin «død og oppstandelse». Under kostymet hadde ho fleece og fleire lag ullundertøy og varm solbærsaft på termosen. Ei eventyrløype ute i ein skog er ein fantastisk idé spør du meg. Det er nesten synd at eg ikkje var fire og eit halvt år og kunne gå tur der med mamma i den eine handa og pappa i den andre.

På laurdag føremiddag var det min tur. Ei venninne av meg er dagleg leiar eller noko slikt i ein butikk som sel gardiner og sengetøy. Dei hadde ogg lystt il å vera med på eventyrdagane, så eg var leigd inn til å fortelja eventyr i ei seng med masse puter og bamsar og sengetøy med eventyrmotiv. Eg måtte smila litt av heile situasjonen der eg sat i ei seng sånn omtrent i utstillingsvindauget, for anledninga kledd i rosa, lilla og turkis, med raude dansesko på føtene. Eg var utstyrt med billedbøker og rekvisittar til fritt fortalde eventyr som ungane skulle få vera med og dikta.  Det kjendest litt surrealistisk å sitja der og kikka ut på livet, eg fekk augekontakt med masse fire-fem-åringar, dei fleste leiande på ein vaksen som skulle vidare, men nokre kom inn for å høyra. Eg sat delvis fordjupa i ei knallrosa biletbok om ei jente med tyggegummihår, som mange ungar fekk lyst til å høyra.

Dessverre var det visstnok usedvanleg få kundar denne dagen, eg tippar at dei fleste var oppe i hovudgata der det og var eventyrleg, med tilkjørt høy som ungane kunne hoppa i frå store halmballar og personar frå Hakkebakkeskogen som vandra rundt i gata. Det at det var få barn innom, gjorde at eg hadde god tid til å studera folkelivet, og dei ungane som kom inn elska eventyra mine, som ungar brukar å gjera. Den beste attesten var frå ei lita jente som hadde vore gjennom heile repetoaret mitt, bortsett frå ei bok, då foreldra signaliserte at dei ville vidare. Ho såg på meg, peika på boka som låg att og sa «Men keffor læse du alre den bogå?»

Då eg kom ut etter end teneste, stod det ein gatemusikar utanfor. Han nikka til meg med eit blidt «Hello, pal!», som om han helste på ein kollega eller noko, og eg tenkte at på sett og vis var eg og han sånn bortimot kolleger akkurat i dag. Eg fekk plutseleg ei slags kjensle av å vera midt i boka «Den statiske mannen», som eg las i Macedonia i sommar. Etter ei vandring gjennom sentrum, stod eg og venta på eit tog som ikkje kom. Det viste seg at det var lørdagsrute og at eg måtte venta ein halvtime til. Eg vurderte ei ny byvandring, men sidan eg hadde ganske mykje å bera på med bøker og rekvisittar sette eg meg heller på ein benk og kikka endå meir på folk. Eg har faktisk ingenting i mot å bruka masse tid på bare å kikka på folk, i tillegg kunne eg studera trea som allereie har begynt å sleppa gule blad.

Vel heime att la eg meg på sofaen med ei avis og sovna. Det tek på å driva med «performance.» Om kvelden såg eg den søte filmen «Twenty seven dresses,» eller noko slikt og mange fleire TV-program, medan eg strikka ferdig babygenseren. Eg er ikkje heilt fornøgd med halsfellinga, så eg får nok rekka opp litt. I dag har eg hatt ein skikkeleg lat fridag, lese boka «Kaninbyen» og ein liten stabel aviser. Så har eg drukke kaffi med Ingrid. Ute er veret ganske bra, så eg håpar eg får meg ein skikkeleg sundagstur før kveldsgudstenesta. Men først må eg få unna litt husarbeid eg eigentleg hadde tenkt å gjera i går. Livet er godt.

Heidi

2 kommentarar
  1. emma permalink

    For ein draum! Tenk å ligge i ei seng og lese på utstilling! Eg prøver å lage meg labels til klær: av ein eller annan grunn har eg lyst å bruke noko frå farmor: moniminder (betyr noko som meir enn nok – enkelt) eller ovidia som var hennar mellomnamn. Kva syns du?

  2. heidi permalink

    Veldig fine begge to. Moniminder er flott om folk bare forstår det!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: