Gå til innhald

Det hender at eg lengtar heim.

oktober 6, 2010

Det hender eg lengtar heim.

Heim til bestemor sitt kjøkken

og til at morfar skal koma

syklande med kjøttdeig, Per Margarin

og ferske brød i brunt papir.

Lengter etter å sitja på kjøkkenet saman med han

lordags ettermiddag når han skreller potetene

som skal ligga i kaldt vatn i store gryter

for å venta til sundagsmiddagen

på sida av gryta med grøne erter i bløyt.

Eg lengtar etter at farfar skal koma

inn frå fjosen for å eta frokost,

sjå han drikka vatn

frå ausa over utslagsvasken,

vaska seg,

og folda dei store kraftige hendene

til bordbøn

før han kakkar hovudet av egget

i det blå eggeglaset av plast,

og snur det etter at han har ete,

for å lura meg til å tru at det endå er heilt.

Etterpå legg han seg på divanen,

for å strekkja ryggen,

medan han høyrer morgonandakten.

Før han går ut att,

løftar han meg høgt i veret

og kallar meg

den «Litla dokkå» si.

Eg lengtar etter at farmor skal senda meg

bort til Lambrikt med den store brune veska

for at eg skal kjøpa gjær og kefirmelk

fordi ho har tenkt å baka brød

og kanskje steikja nordlandslefser.

Eg lengtar til og med litt etter å klatra

ned den skumle stigen

frå låven til hønshuset

for å gå inn i den kaklande forsamlinga

og leita etter egg.

Eg lengtar etter sundagskveldar

med varm kakao

og kneippbrødskiver

med sardiner i tomat

heime på kjøkkenet,

etter å legga meg

på det grøne heildekningsteppet

tett inntil panelomnen,

bak spisebordet,

med ein stappfull plastpose med bøker

henta frå Gjesdal folkebibliotek,

og håpa at ingen oppdagar meg

før eg har lese alle bøkene.

Lengtar etter å stå fnisande

i ein overfylt telefonkiosk

saman med venninnene mine

og ringa eit nummer

me ikkje hadde trudd me skulle våga å ringa til.

Eg lengtar etter å besøka kjærasten min

når me nettopp var blitt kjende med einannan,

og etter å mala

den svarte gangen hans solgul.

Eg lengtar etter dei nyfødde barnehovuda

mot halsgropa mi,

og etter kjensla av eit skrikande barn

som nettopp har sovna i armane mine.

Lengtar etter å henga

nyvaska små barneplagg

ut i sommaren,

etter å sovna

med senga full

av sovande små kroppar.

Det hender at eg lengtar heim.

At eg må ut på trappa og trekkja pusten djupt.

At eg må stå der ei stund

med vinden mot håret og kinna mine

før eg går tilbake

gjennom ytterdøra

inn til mitt eige liv

med eit streif av vemod

over leppene og smilet.

Heidi

8 kommentarar
  1. Kathy Ann permalink

    Nydelig og rørende dikt, som rommer mange gode minner. Godt å ta med seg og huske på videre på livets vei.

  2. heidi permalink

    Tusen takk, Kathy Ann.

  3. May Brit permalink

    ååååååhhh – nå va æg langt tebage – spenningå itte å sjå itte nye egg i Vats…åhhhhhhhhhh…… takk for turen <3<3<3

  4. Siv Helen permalink

    Åhhh….. så herligt!! Du e goe så tar oss med på reise! Rørande ❤

  5. heidi permalink

    Så kjekt å høyra, May Brit og Siv!

  6. Ellen permalink

    Dette var nydelig, Heidi! Ser for meg morfar (farfar) når han står ved vasken, og hønene på låven… Gode minner ❤

  7. heidi permalink

    Ja, me har flotte felles besteforeldre, May Brit, Siv Helen og Ellen-.

  8. Dilli permalink

    Fint og rørande dette

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: