Moldvarpen kikkar fram.
Eg hadde nesten gløymt at eg eigentleg er ein moldvarp… Eg meinar ein slik person som kan grava seg ned i eit arbeid og mest gløyma å koma opp til overflata att. Slik var eg då eg var liten med bøker, dokker og papirdokker, men dei siste 25 åra har det vore lite tid til å gå skikkeleg i dybden på ting. Nå har eg kost meg nokre dagar med å jobba med den kunstpresentasjonen eg skal ha for ungdomsskulane i kommunen, skjønt kos er kanskje ikkje det rette ordet for noko som har tema jødeforfylgjingane i Norge under krigen. Ein del av det eg finn ut er direkte sjokkerande. I tillegg til å lesa om det som hende har eg lese biografiane til Ruth Mayer og Kathe Rita Zasnik. Og i dag på biblioteket fekk eg plukka med meg biografien Jan Erik Vold har skrive om Gunvor Hofmo, som eg gler meg veldig til å ta fatt på.
Og der gjekk batteriet til tastaturet mitt, så eg fekk ikkje vore moldvarp lenger i forhold til denne teksten. Nå er nye batteri og nye utfordringar på plass, så teksten eg skreiv får tala for seg sjølv, eit miniinnblikk i ein torsdagskveld for Heidi etter ein lang dag med jobbing og skrivekurs.
Heidi
Jag fick ju för mig att du skulle var ledig ett år? Tycker inte du verkar så värst ledig… 😉
Men att du skriit mycekt, det har jag ju sett! Det senaste på FB var fint men jag hann inte kommentera något vettigt.
Ikkje ledig som i «å bare ta ting som dei kjem», men ledig som «Bruka eit år til å skriva og gjera litt anna innimellom», men det kan ein sjå på som to sider av same saka. 🙂