Om å likna einannan.
Har du oppdaga det?
Me liknar einannan.
Torer me innrømma det?
Om me leitar mellom erfaringane
vil mange troll spretta fram
for å smila
eller for å retta tunge.
Eg veit
eg kunne ha vore deg
og du kunne ha vore meg.
Korleis kan me gjera grenser
passe høge passe smale,
passe vide,
passe det meste
slik at me hugsar
kven som er eg
og kven som er du
dei gongene me treng å vita det?
Det er speglar overalt
dei heng der og smiler til oss,
eller slår blikket blygt ned,
slikt kjem an på så mykje.
Eg har ikkje gått så langt i dine sko,
men dersom du har litt breie føter
og sånn ca storleik 38 eller 39
så ser eg ikkje bort i frå
at du kan ha lånt dei til meg
ein gong eg hadde gnagsår,
og trong å gå ein kilometer til.
Det er fint å kjenna seg att,
men det lett å bli skremd.
Du oppdagar at orda
som kjem ut av munnen
til eit anna menneske
like godt kunne vera dine,
kanskje dei til og med er det?
Då er de lett å bli målbunden.
Det hender me kjenner
andre sine tatoveringar
på våre eigne armar
eller på ryggen.
Det hender at nokon
heilt utan å vita det,
nynnar på din eigen melodi.
Kanskje du til og med
går ut
om nettene
eller
i seine sommarkveldar
for å leita etter di eiga skjorte
på andre sine klessnorer.
Det er så mange spørsmål i livet.
Korleis kan eg vita
kven sitt hjarte
eg kjenner slå der inne?
Heidi
(Teksten er henta frå alle dei uferdige dikta mine bare på ein slags impuls….)