Gå til innhald

Bilete i november.

november 11, 2010

Venninna mi skal vigslast til diakon. Ho har ny grøn skjorte med rundsnipp og kvit alba. Ein av diakonane prøver å læra henne korleis ho skal knytta belte rundt livet. Ho seier at i dag vil ho ikkje læra akkurat det for tankane er så fulle. Ho vil bare ha hjelp til å knytta og læra det ein annan gong. Me øver på seremonien.  Eg kjenner meg så heldig som får lov til å vera med. Det kjennest som om ei viktig brikke fell ned på rett plass i livet hennar. Det er ei kort bønnestund i sakristiet før prosesjonen, biskopen finn ikkje notatane sine og er lettare stressa, men smiler og seier at då er me klare.

Så går me inn i prosesjon. Først konfirmantar med kvite kappar og svarte munkehetter nedover ryggen. Dei ber prosesjonskorset, bibelen og lysestakane. Så kjem dei to dåpsfylgja, dei leke forbedarane, diakonane, presten, prosten og biskopen. Eg er kledd i blomstrete kjole med lilla skjorte over og lurte først på om eg var litt for fargesterk, men dei geistlege plagga er til dels ganske fargesterke dei og. Me som skal vera med på forbøna sit framme i koret på stolar langs veggen slik forlovarane gjer det i bryllaup.

Biskopen held tale for venninna mi om å gå inn i tenesta og formanar om at hensikten er å vera i ferdige gjerningar og gå vegen som opnar seg, ikkje å imponera Gud. Venninna mi sit på ein stol med opne sansar. Andletet hennar er alvorleg og fortel meg at dette er noko ho går inn i heilt utan atterhald og med eit varmt hjarte. Så går me fram ein og ein og les bibeltekstar som er knytta til diakonviksling i Den Norske Kyrkja. Endå så van eg er med å lesa høgt, er det så høgtideleg at eg blir nervøs for å snubla i orda i dei ganske innfløkte setningane eg skal lesa.

Så kneler ho på knefallet framfor altaret, og me er ti personar som stiller oss tett, tett opp til henne med høgre handa på hovudet hennar. Så skal me be for henne og tenesta ho skal inn i. Biskopen les den offisielle bøna høgt, og me andre står tett i tett i bøn for det som er og koma skal. Det er mest så lufta dirrar rundt oss. Så ber me Fadervår, og eg trur aldri eg har stått så tett innpå så mange andre og bedd Fadervår høgt. Etter denne bøna knelar alle forbedarane saman med venninna mi på altarringen medan kyrkjelyden syng ei bøn.

Etter vigslinga er alle inviterte til kyrkjekaffi der ho får utdelt malteserkorset, vigslingsbrev og gode ord. Saman med familieog andre gode venninner som er samla i anledning dagen, dreg me heim til henne etterpå til lammelår og kransekake. Det er fint å få følgja nokon i høgtid. Eg høyrde eingong at definisjonen på høgtid er «den høge tida». Tida som stig opp over den vanlege tida og som blir ståande som fjelltoppar me alltid vil få auge på når me ser oss tilbake.

Når dei andre må reisa blir eg att. Me drikk krydderte og går tur med hunden, først ein tur i kveldsmørket og så ein i novemberlyset neste dag. Så set eg meg på bussen som skal ta meg til toget mitt. Me reiser gjennom eit haustlandskap delvis dekka av rim. I ein åker ser eg ein katt springa gjennom det høge graset med ei mus i munnen. På toget sviktar varmeanlegget i vogna mi, og me sit fullt påkledde og hutrar. Me rekk å få gratis varm kakao frå restaurantvogna før dei får fiksa det og me langsomt kan kle av oss yttterkåper, skjerf, hansker og luer. Ho som sit framfor meg er truleg musikar på eit eller anna plan, for ho sit med ei bunke noter på fanget som ho syng seg gjennom. Ho syng så lågt at det kankje er bare meg som høyrer det påheile toget, og kanskje høyrer eg det bare fordi eg er slik at eg ikkje klarer å la vera å bruka øyrene mine. Det har snødd langs store deler av strekninga, og det kvite lyser mot den mørknande ettermiddagen og kvelden. Etter mest elleve timar på reise kjem eg heim att og blir henta på stasjonen. Heime har det heldigvis ikkje lagt seg snø endå. Det kan venta litt.

Heidi

8 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Sterk skildring!! Gratulerar Torun!! Heldige dei som «får» deg som sin diakon!! Klem frå Torhild

  2. morsan permalink

    Så fint du beskriver det Heidi! Du målar med dina ord

  3. heidi permalink

    Tusen takk, morsan.

  4. Torun permalink

    Takk, Heidi, for vakre ord, ja, for eit kunstverk av ord, som morsan skriv! Og takk til Torhild for gode ord! Veit ikkje kor heldige dei er…. Alle er me instrument for Gud, for hans fred og forsoning, på kvar vår måte! Takk, Heidi, for at du tok deg god tid hjå meg! Presten tykkjer du er modig som vågar å omgje deg med fargar! Glad for at du er! Glad for å kjenna deg!

  5. heidi permalink

    Og eg er imponert over at det er så lett å få ein prest til å tru at ein er modig. Utruleg flott å vera hos deg,det burde me eigentleg gjera oftare, og elleve timars reise er pytt pytt for slike som oss.

  6. Scylla permalink

    Så fint!

  7. May Brit permalink

    vakkert – lykke til Torun:)

  8. Heidi permalink

    Ja, lukka til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: