Gå til innhald

Luke tjueein

desember 21, 2010

Under luke tjueein,

faktisk bare nokre timar inn i det nye døgnet fann eg:

Ein julesang eller eit juledikt,

eller kanskje noko som i det minste kan bli det etterkvart…

*

Det  lyser ei stjerne i natta.

Ho lyser for håp og for fred.
Ho lyser for oss som leitar,
og alltid må gjera det.

*
Ho lyste ein gong over stallen,
for menn utan makt, utan ry
for slike som jobba ute
om natta ved Betlehemby

*

Ho lyste for han som var trufast
mot planen som var blitt lagt,
som støtta ei sliten kvinne
så langt som det stod i hans makt.

*

For ho som var sårbar og lydig,
som hadde fått kjenna på skam,
som måtte dra ut på vandring,
og fødde så snart ho kom fram.

*

For guten som føddest til uro
for flykten til framande land,
for han som vart himmelsk annleis
ein kvilelaus, kjempande mann.

*

Ho lyste for desse så rike,
så mektige, undrande menn,
dei som ikkje eingong visste
heilt klart kor dei skulle dra hen.

*

Me kjem med urolege hjarte
på leit etter kvile og fred
Me ber på ein rastlaus lengsel,
me aldri blir ferdige med.

*

Å Gud, ta i mot oss som leitar
som kjem hit med nølande steg,
og la oss i glimt få kvila
i lyset frå stjerna hos deg.

Heidi

I går morges høyrde eg Herbjørg Wassmo seia på radio at i jula stikk det vesle barnet inni oss hovudet fram på hjelpelaus jakt etter gleden. Då fekk eg det for meg at eg måtte skriva ein song, eller i alle fall ein tekst som handla om dette å vera liten og rastlaust leitande etter noko som me ikkje veit heilt om me torer å tru på. Det er ein prosess eg av og til bare havnar i. Eg går ein dag og veit at i kveld, eller kanskje i morgon skal eg skriva ein tekst, og framleis veit eg ikkje heilt korleis han kjem til å sjå ut.

I jula og i julesongane er det mange klisjear. Og dei små barna inne i oss er glade av klisjear, trur eg, samtidig som dei gjer oss barnsleg sinte. Me er jo eigentleg på jakt etter noko som er ekte. Eg har prøvd å ta menneska i denne historien litt ned frå det opphøgde, glansbilete, A4- perfekte, for det perfekte er ikkje lenger menneskeleg. Om eg har lukkast i dette, veit eg ikkje. Eg må nok jobba vidare, telja rytme, prøva ut, forkasta og setja inn. Og så vart dette ein veldig lang tekst slik som mykje av det eg skriv har ein tendens til å bli… Truleg er eg litt for glad i ord, og litt for lite flink i avgrensingskunsten… Men det får stå slik som dette i nokre timar i alle fall. Kom gjerne med kritikk.

Om det er smart av meg som leikar forfattar å legga ut uferdige tekstar, er eg veldig usikker på. Men det er liksom ikkje mitt image å vera smart, trur eg…

Ha ein fin dag.

Heidi

From → Filosofi, jul, Poesi, Skriving, Tru

8 kommentarar
  1. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    Flott julesalme!! Takk for kjekke timar saman!!

  2. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Takk det same, mi kjære! Hugsar du mslodien? Og fann du posen du leitte etter?

  3. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Lydfila kom fram! Kanskje eg kan reklamera med at dei som vil høyra melodien må senda meg meiladressa si…

  4. Jarfeld's avatar
    Jarfeld permalink

    Nye julesongar av dette kaliberet er særs sjeldan vare, og «uansitt», det skulle vore gildt å høyrt melodien til!Lydfiler er fine greier! Og som mange andre, vil eg tru, er eg meir enn spent på den endelege tekstversjonen… Lukke te med «reinskrivinga» av den nye julesongen din, Heidi! God jul! Mvh Jarfeld

  5. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Tusen takk, Jarfeld. Kanskje eg kan fiksa ei lydfil etterkvart. 🙂

  6. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Nå kan eg senda lydfil viss nokon må ha. Send meg ein mail på heidi@harboe.no

  7. Scylla's avatar
    Scylla permalink

    Jag tycker att det är jättefint. Men någon konstruktiv kritik är jag inte kapabel att ge dig. ❤

  8. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Tusen takk, Scylla 🙂

Legg att svar til Scylla Avbryt svar