Gå til innhald

Ubi leones.

januar 9, 2011

Den første veka i det nye året vart ganske travel fordi eg hadde fire manus som måtte gjerast ferdige. Nå er eg i mål. Det skal bare litt korreturlesing til for å luka vekk nokre stavefeil som alltid snik seg inn når manuset er skrive på tastatur. Eg skriv så godt som aldri feil når eg skriv med penn, men fordi alle tastetrykk er motorisk identiske, så er det alltid ein del feiltasting når eg skriv fort på tastatur. Kanskje det skuldast at eg er heilt sjølvlært og ikkje har nokon form for touchsystem innebygd  i fingrane.

Men i mål kom eg som sagt og helga me er inne i har vore ultraroleg til nå. Eg var plutseleg veldig søvnig og trøytt, sikkert ein ettereaksjon etter å ha hangla halvsjuk gjennom jula men likevel nådd det meste eg hadde tenkt. På fredag hadde eg litteraturgruppe saman med gode venninner her heime. Det vil seia at eg faktisk vart nøydd til å få gjennomførd ein slags helgevask før dei kom, saman med dei andre her i huset kom me sånn nokonlunde i mål og fekk den gode og sjeldne opplevelsen å gå inn i eit hus med eit nokonlunde reint og ryddig hus. Elles heng det liksom over oss som noko som bør og må gjerast.

Til fredagskvelden hadde eg kokt den gode indiske kyllingsuppa med epler, selleri, gulrot, chili, tomat, løk, kvitlauk og creme fraiche som eg tyr til med jamne mellomrom. Kunsten er å få ho akkurat passe sterk reint chilimessig slik at ho varmar akkurat passe utan å brenna. Resultatet vart bra, og gryta var stor nok til å metta både venninnene mine og familien og i tillegg vart det ei bittelita skål til dei som ønska det til lunsjen i går. Det gjorde meg godt å få denne helga og til å tenna julelys og adventstjerner, nå er eg snart klar til å gje slepp.

I går fekk eg brukt den siste halvannan literen med sur mjølk som var att i kjøleskapet til å steika lappar på den store takka etter bestemor, og av den siste halve literen fløyte vart det den siste omgangen med riskrem. Eg håpar nokon i familien har lyst til å eta det opp, for sjølv er eg ferdig med julemat og over på sunnare matvanar. Dei gamle emaljeboksane med restlageret av risbollar og peparkaker står på kjøkkenbordet og ventar på at nokon skal få lyst til å tømma dei for innhaldet. Sjølv har eg drukke kryddarte i den store tekoppen eg fekk av Eva Mari sist eg fylde år.
Gårsdagen vart ein av dei lataste i manns minne, og det kjendest heilt nydeleg. Etter å ha lese ut ei bok, framleis i senga, vart det quiz i stova. Halvard fekk ei Quizbok til jul og Ingrid var opplesar medan Oddvar, Halvard, eg og kjærasten min konkurrerte i ulike emneområde. Deretter sette eg meg til med ei fantastisk fuglebok eg fekk til jul, ho er skriven av den gamle læraren min på ungdomsskulen, Bjørn Øfstås, som er ein fuglekjennar av dei store, og handlar om fuglelivet i heimstadskommunenn min. Det spesielle er at Bjørn for fire år sidan fekk den forferdelege diagnosen ALS, noko som gjer at han ikkje lenger kan snakka og ikkje lenger er i stand til veldig mange av dei tinga me tek som ei sjølvfølgje. At han har skrive denne boka er heilt fantastisk, og i tillegg skriv han veldig godt. Han fortel mellom anna om sidensvansen som flaug på vindauget hans då flokken var innom heimstaden min. Denne fuglen vart ikkje flygedyktig att før flokken hadde drege vidare, og han måtte overvintra hos oss. Ein vinter budde sidensvansen i klasseromet vårt, flaug ofte fritt omkring i skuletimane, og tigga brødsmular når me åt nistematen. Ein periode hadde me og ein stålorm i eit terrarium i klasseromet. Bjørn fekk oss verkeleg til å bli interesserte i naturen, og er nok ein av inspirasjonskildene til at eg sjølv har undervist i naturfag med stor glede og fanga vassinsekt og rumpetroll til å hai klasseromet. Eg håper han framleis skal få år der han kan jobba med interessene sine for fuglar og natur.

Eg hadde lova ungdomane mineå steika lappar, men det viste seg at me mangla mjøøl, så eg og kjærasten min måtte ut på handel. Føret var livsfarleg. Is med vatn på er veleigna til å brekka både handledd og andre bein i mot. Eg vegrar framleis å kjøpa broddar til å ha under skorne fordi det står for meg som «ei-gammal-dame-greie», men mi veldig forsiktige eldstedotter har sjølvsagt for lengst kjøpt seg slike. Eg ler, men den som ler sist kan koma til å le best…

Etter heimelaga pizza sette kjærasten min seg til å spela Rummi saman med Oddvar, Odd Chrstian og Sunniva. Sunniva hadde rett og slett avlyst alle sedvanlege avtalar for å ha ein roleg lørdagskveld med familien. Kryss i taket det skjer ikkje ofte, så det set me pris på. Eg og Ingrid sette oss til å sjå film, «Pay it forward,» eller noko liknande. Det var ein vakker film om å gje vidare gode ting. Etterkvart kom Sunniva og for å sjå i lag med oss medan eg strikka på ein barnegenser bare fordi eg hadde fått lyst til å prøva ut ein ide inspirert av bloggen «Slagt en hellig ko» av skriven av danske og utruleg kreative Liselotte. Googla gjerne bloggnamnet og les sjølv. Eg har vore innom henne mest dagleg i over eit år og har hatt stor glede av det. Grunnen til at eg aldri løyser kryssord eller Sudoku eller legg kabal er ein omtrent manisk lyst til å skapa nye ting. Det gjer at eg har store problem med å fylgja oppskrifter både når eg strikker, broderer eller lagar mat. Det betyr ikkje at eg ikkje innser at resultatet ofte hadde blitt betre med ei oppskrift… Det er denne spenninga med å prøva ut idear som eg har litt problem med å legga vekk.

I dag har eg lese ei fantastisk bok av Ylva Eggehorn,»Der løvene bor», heiter boka i norsk utgåve. Det er der i frå eg har henta overskrifta «Ubi leones». På gamle latinske kart hende det at uoppdaga landområde var merka med «Ubi leones» som betyr sånn omtrent: Her bur løver. Ylva Eggehorn er lyrikar og forfattar. Ho har teke fatt i mannspersonar i bibelen og fortald historiene deira i eit nytt lys som gir nye tankar om både det å vera menneske og om Gud. Eg anbefalar boka varmt. Eg fann ho i ein kasse med «gode kjøp» i ein bokhandel, og gav ho til kjærasten min til jul. Eg håpar både han og andre har lyst til å lesa ho.

I dag har Oddvar reist tilbake til studiestaden, Odd Christian reiser tilbake til Bergen ein av dei første dagane han og. Nokre veker med minst fem ungdomar i huset er over for denne gongen, men tre av dei blir igjen, så me skal no ikkje forstokkast dei komande vekene heller. Nå skal eg ut på tur med dotter, mann og hund. Me har tenkt å avlegga eit besøk hos onkelen min. Tida spring frå meg som vanleg, så her får eg stoppa. Lev det gode liv, og ta gjerne nokre forsiktige små skritt inn i Ubi leones.

Heidi

4 kommentarar
  1. Scylla's avatar
    Scylla permalink

    Nu har jag googlat mig till «lappar». De såg goda ut.

    «Rumpetroll» är det sötaste ordet jag vet! 🙂

    Jag googlade lite på Ylva Eggehorn. Boken heter precis samma sak på svenska, «Där lejonen bor». Jag ska skriva upp den på min «läsalista».

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Det er kjempegodt, Scylla. Finst det tilsvarande i Sverige? Viss du får lese boka av Ylva Eggehorn, ville det vore spennande å høyra kva du tenkjer om det du les. 🙂

  3. Tintomara's avatar
    Tintomara permalink

    Lappar är detsamma som plättar på svenska. Populärt särskilt bland barn. Själv gör jag alltid pannkakor, det blir lite mer effektivt. Mina ungar vill alltid ha det när de kommer hit.

  4. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Blir plättar og laga med sur mjølk = filmjölk? Pannekaker er utruleg populært her i huset og, men lappar er vel så effektivt sidan ein kan laga kanskje ti samtidig på ei stor elektrisk steikeplate, men ein må jo hala ho opp og ned frå kjellaren då. Pannekaker bruker me oftast som middag, då saman med steikt bacon, men dei kan og brukast som dessert med syltetøy eller som «kaffimat» med smør eller syltetøy. Pannekaker skal vera tynnast mogleg. Lappar blir aldri brukt som middag, det er «kaffimat».

Legg att svar til heidi Avbryt svar