Gå til innhald

Tyngdekraft, nei takk!

februar 16, 2011

Det er sikkert mange som hugsar dei gode gamle klistremerkene og jakkemerkene frå 70- og 80-talet med ei glitrande sol og påskrifta «Atomkraft, nei takk!» Eg har gått med eit slikt jakkemerke sjølv eg, og i går såg eg eit av dei igjen i form av eit stort klistermerke. Då eg såg nærare etter, var påskrifta denne gongen «Tyngdekraft, nei takk!», eit motto eg fall pladask for. Merket hang på verkstaden til kunstnaren Elise Storsveen, ein av dei mest spennande plassane eg har vore på lenge.

Og det seier ikkje lite. Sist eg skreiv her, skulle eg ut og fly, og nå har eg på sett og vis landa etter det som kjennest som ein fem dagars lang flytur. Flytur i positiv forstand denne gongen.

Nå sit eg «Aleine heime» i  huset til Henrik og Eva Mari. Eg frys litt på føtene og drikk ramsvart kaffi. Eg ser på lokalnyheiter heimefrå og ser at det har vore storm på grensa til orkan heime, sjukehuspipa i Stavangar som er 30 meter høgt har stått og svaia i vinden, og ein barnehage og ein butikk har vore evakuert. Men vinden løya og pipa som var full av rust innvendig blir tatt ned.

Eg har hatt mitt livs raskaste vending på ein femøre, i overgangen mellom to reiser, sundag kveld var me ikkje heime frå Londonturen før klokka eitt om natta. Så var det å snu opp ned på innhaldet i kofferten, dusja og vaska håret, og hurtiglanda i senga i to-tre timar før eg måtte opp att klokka fem for å rekka morgonflyet til Oslo der eg skulle på kunstformidlingsseminar. Eg fann ut at det faktisk fungerte greitt, i nødsfall er to timars søvn nok. Tenk på alle timane me kunne spara på det.

Seminaret var veldig interessant, og nå har eg landa her i Bærum for eit lite opphald her fram til helga. Eg skal snart ringa svigermor, men først ventar eg på ein telefon frå Victoria hotell i Rosenkrantz gate i Oslo, der personalet skulle leita på rommet eg hadde etter ei bok eg trur eg må ha gløymt der. Det var den siste boka til Martin Lönnebo, som eg var i ferd med å jobba meg gjennom med aller største interesse. For så vidt er det ei bok som eg unnar alle andre å finna…

Og nå viser dei på lokalsendinga heimefrå at det eine inngangspartiet på den splitter nye vidaregåande skule, der Sunniva og Halvard går, er stengd på grunn av at det haldt på å detta ned i vinden… Her i Oslo området er det «kjedeleg vindstille», etter 10-12 grader i London med blømande japanske kirsebærtre og sprettande forsythia var det iskaldt å landa i 10 minusgrader i Oslo. Eg måtte ut og kjøpa meg ullstrømpebukse den første ettermiddagen. Kulda og det tørre veret er truleg det som får snøflaka til å legga seg laust oppå einannan som store rispapirtynne bordsaltflak i lyset frå gatelyktene i går kveld. Det var vakkert. Eg kjem tilbake med fleire tekstar om veka som gjekk. Me får ta det i mindre porsjonar.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: